{"id":19660458,"date":"2014-11-03T23:01:56","date_gmt":"2014-11-03T23:01:56","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/11\/eit-storverk-19660458\/"},"modified":"2014-11-03T23:01:56","modified_gmt":"2014-11-03T23:01:56","slug":"eit-storverk-19660458","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit-storverk-19660458\/","title":{"rendered":"Eit storverk"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r Bykle kommune no f\u00e5r lagt ut Heimar og folk i Bykle p\u00e5 Internett, er det eit v\u00e5gestykke. Det hadde vore lett om dei hadde lagt ut pdf-filer som folk kunne lese, men ikkje redigere. Men byklarane ville meir, dei ville nytte h\u00f8vet til \u00e5 rette opp feil og \u00e5 oppdatere verket.<\/p>\n<p>Ei gards- og \u00e6ttesoge er eit verk som er vanskeleg \u00e5 gje ut, for livet er jo slik at ei bok ville trenge oppdateringar heile tida. N\u00e5r pressa har stilna og boka er komen mellom permar, vil det ha skjedd s\u00e5 mykje som ikkje har kome med.<\/p>\n<p>Tidlegare m\u00e5tte ein leve med at slik var det. Mange kommunar har av den grunn og av \u00f8konomiske grunnar gjeve ut eitt og eitt bind, s\u00e5 kunne ein ta med rettingar i neste bind om det var aktuelt. Bykle gav ut fem bind same \u00e5ret, og feila som eventuelt var p\u00e5 dei mange tusen sidene, ville bli st\u00e5ande om ein ikkje samla dei i ei bok og eventuelt sende den ut til kj\u00f8parane, noko som ville vere b\u00e5de tungvindt og kostbart.<\/p>\n<p>I staden valde Bykle \u00e5 inng\u00e5 samareid med Lokalhistoriewiki og \u00e5 legge ut heile verket der. Det er eit lokalhistorisk leksikon, folk kan registrere seg og skrive lokalhistoriske artiklar der, akkurat som p\u00e5 Setesdalswiki. P\u00e5 framsida til Heimar og folk i Bykle p\u00e5 Lokalhistoriewiki er det eit oversyn over dei mest viste artiklane. D\u00e5 eg s\u00e5g det oversynet, vart eg overraska.<\/p>\n<p>Det er bare g\u00e5tt knappe tre veker sidan ein tok til \u00e5 legge stoffet ut p\u00e5 nettet. Artikkelen \u00abHovden (Bykle gnr 2)\u00bb vart lagt ut 20. oktober. Pr. 3. november er det den mest viste artikkelen, med 154 visningar.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om heile verket ikkje er lagt ut enno, har alts\u00e5 folk teke til \u00e5 bruke det, i langt st\u00f8rre grad enn eg hadde tenkt, sj\u00f8lv om eg nok trudde at det kom til \u00e5 bli brukt ein del n\u00e5r det kom p\u00e5 nett. Eit overslag syner at dei 25 mest viste artiklane har over 1000 visningar.<\/p>\n<p>At en p\u00e5kosta bokverk blir lest, er jo viktig, det var difor det vart laga. Eg skulle tru at dei pengane kommunen har l\u00f8yvd for \u00e5 f\u00e5 dette til, vil synes seg \u00e5 vere vel verd innsatsen etter kvart som heile verket kjem p\u00e5 plass og folk f\u00e5r tid p\u00e5 seg til \u00e5 finne stoff dei er p\u00e5 leiting etter. http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Forside:Heimar_og_folk_i_Bykle <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r Bykle kommune no f\u00e5r lagt ut Heimar og folk i Bykle p\u00e5 Internett, er det eit v\u00e5gestykke. Det hadde vore lett om dei hadde lagt ut pdf-filer som folk kunne lese, men ikkje redigere. Men byklarane ville meir, dei ville nytte h\u00f8vet til \u00e5 rette opp feil og \u00e5 oppdatere verket. Ei gards- og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit-storverk-19660458\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Eit storverk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[22],"class_list":["post-19660458","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-byklesoga"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19660458"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19660458"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19660458\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19660458"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19660458"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19660458"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}