{"id":19648066,"date":"2014-10-31T23:16:27","date_gmt":"2014-10-31T23:16:27","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/10\/ventebuer-19648066\/"},"modified":"2014-10-31T23:16:27","modified_gmt":"2014-10-31T23:16:27","slug":"ventebuer-19648066","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ventebuer-19648066\/","title":{"rendered":"Ventebuer"},"content":{"rendered":"<p>No n\u00e5r hausten set inn med m\u00f8rke, regn, vind og kvit nedb\u00f8r etter kvart, blir det igjen tydeleg at vi hadde hatt trong for ventebuer til buss i Valle kommune. Det er pussig at det er ei slik ventebu p\u00e5 haldeplassane p\u00e5 Hallandsbru og Skagebru, men ikkje i Valle sentrum eller i Rysstad sentrum.<\/p>\n<p>Eg har skrive om dette tidlegare. D\u00e5 tok eg utgangspunkt i ei hending der tre av elevane mine skulle reise til Evje og Arendal. Dei s\u00f8kte ly for uveret i inngangen til Menighetshuset tidleg om morgonen, og bussen, som kom fr\u00e5 Hovden og var noko sein, kj\u00f8rte rett gjennom sentrum og s\u00e5g ikkje dei tre kalde sjelene som stod att og ikkje skj\u00f8na kva som hadde skjedd.<\/p>\n<p>No har mange av elevane fr\u00e5 den tida f\u00e5tt seg bilar og er ikkje like avhengige av bussen ein tidleg morgon. Men denne veka har det kome nye flyktningar til bygda, s\u00e5 eg lurer p\u00e5 om dei kjem til \u00e5 oppleve det same og skulle jo \u00f8nske at dei slapp det.<\/p>\n<p>Sist eg tok opp denne saka blei det sagt at det var vegvesenet som m\u00e5tte p\u00e5 banen. Men eg hadde vel tenkt at kommunen og kunne bidra, eit samarbeid mellom to offentlege etatar burde vel ikkje vere s\u00e5 vanskeleg.<\/p>\n<p>Eg hadde vel og tenkt at sentrum er vel s\u00e5 mykje nytta som avreisestad som Hallandsbru og Skagebru, alts\u00e5 ville end\u00e5til ei flytting av ventebu fr\u00e5 Hallandsbru til Valle sentrum og fr\u00e5 Skagebru til Rysstad sentrum vere til glede for fleire passasjerar enn dei no kan vere til nytte for. Truleg har nok sj\u00e5f\u00f8rane eit inntrykk av om det kjem mange folk p\u00e5 bussen p\u00e5 dei to aktuelle stadene samanlikna med sentrum.<\/p>\n<p>Endeleg kunne elevane p\u00e5 vidareg\u00e5ande skule trenge ei ventebu der dei g\u00e5r p\u00e5 bussen.  Men ingen av dei aktuelle passasjerane kan vel rekne med at det kjem ventebu denne vinteren heller. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>No n\u00e5r hausten set inn med m\u00f8rke, regn, vind og kvit nedb\u00f8r etter kvart, blir det igjen tydeleg at vi hadde hatt trong for ventebuer til buss i Valle kommune. Det er pussig at det er ei slik ventebu p\u00e5 haldeplassane p\u00e5 Hallandsbru og Skagebru, men ikkje i Valle sentrum eller i Rysstad sentrum. Eg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ventebuer-19648066\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ventebuer<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-19648066","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19648066"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19648066"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19648066\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19648066"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19648066"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19648066"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}