{"id":19574296,"date":"2014-10-16T20:44:26","date_gmt":"2014-10-16T20:44:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/10\/frst-i-norge-19574296\/"},"modified":"2014-10-16T20:44:26","modified_gmt":"2014-10-16T20:44:26","slug":"frst-i-norge-19574296","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frst-i-norge-19574296\/","title":{"rendered":"F\u00f8rst i Norge"},"content":{"rendered":"<p>Bykle er ein f\u00f8regangskommune p\u00e5 mange m\u00e5tar, og no gjer dei det igjen. Bygdesogeverket Heimar og folk i Norge vert fulldigitalisert i haust, og Bykle blir den f\u00f8rste f\u00f8rste kommunen i landet som gjer noko slikt.<\/p>\n<p>Tysdag kveld var Chris Nyborg i studio i Valle Radio og fortalde om dette, og Olav Mosd\u00f8l, som er leiar i bygdesogenemnda, var med p\u00e5 telefonen. Nyborg hadde vore p\u00e5 m\u00f8te i Bykle same kvelden og p\u00e5 vegen heim att til Oslo stoppa han i Valle Radio for \u00e5 fortelje om Lokalhistoriewiki, nettstaden der Heimar og folk i Bykle skal leggjast ut.<\/p>\n<p>Det vart ein interessant samtale der Olav Mosd\u00f8l fortalde om kvifor dei no g\u00e5r vil dette. Ved \u00e5 digitalisere b\u00f8kene vil dei kunne bli oppdaterte p\u00e5 ein heilt annan m\u00e5te enn om dei bare er p\u00e5 papir. N\u00e5r nokon oppdagar feil, kan dei sj\u00f8lve registrere seg p\u00e5 Lokalhistoriewiki og korrigere feilen. Fagfolka p\u00e5 Norsk Lokalhistorisk Institutt fylgjer med og ser til at det blir rett. Olav peika og p\u00e5 at ein kan lage lenker i stoffet som bind informasjonen saman p\u00e5 ein rikare m\u00e5te enn ein kan f\u00e5 til i ei bok.<\/p>\n<p>Chris Nyborg fortalde at Lokalhistoriewiki vart starta i 2008 for \u00e5 ta vare p\u00e5 lokalhistorisk stoff som fordi det ikkje hadde nasjonal interesse, ikkje kunne f\u00e5 plass i Wikipedia. No har leksikonet nesten 28.000 artiklar og om lag 58.000 bilete og det veks kvar dag. Fordi ein samarbeider med Digitalt Museum f\u00e5r leksikonet mange historiske bilete.<\/p>\n<p>Chris fortalde og om prosjektet der dei pr\u00f8ver \u00e5 lage sm\u00e5 artiklar om alle hundre\u00e5ringane i Norge. No som folk lever lenger og mange vert over hundre \u00e5r, har ein medarbeidar i lokalhistoriewiki starta eit prosjekt der han skriv om alle han kjem over og oppfordrar andre til \u00e5 skrive om lokale hundre\u00e5ringar.<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld Heimar og folk i Bykle, har ein til no lagt ut dei f\u00f8rste sju artiklane fr\u00e5 f\u00f8rste bindet.<\/p>\n<p>Om det kjem mange rettingar, vil dei kunne danne grunnlag for eit trykt bind. Alt som vert gjort med artiklane, vert registrert i artikkelen sin historikk.<\/p>\n<p>Vi fleipa litt om at det burde vore Setesdalswiki som la ut Heimar og folk i Bykle, men det seier seg sj\u00f8lv at eit forskningsinstitutt med mange folk kan gjere ein betre jobb enn frivillige i eit s\u00e5 stort prosjekt. Men noko informasjon kan nok og kome Setesdalswiki til nytte, og informasjon fr\u00e5 Setesdalswiki kan kome til nytte i oppdateringa av stoffet i den digitale versjonen av b\u00f8kene.<\/p>\n<p>Til slutt i samtalen utfordra Olav Mosd\u00f8l Valle kommune til \u00e5 gjere det same med sine bygdeb\u00f8ker, ja, kanskje heile Setesdal kunne tenkje p\u00e5 dette, d\u00e5 ville verdien av tiltaket bli mykje st\u00f8rre, ettersom lenking mellom b\u00f8kene ville vere mogleg. Chris Nyborg st\u00f8tta tanken, s\u00e5 no sp\u00f8rs det korleis det g\u00e5r i tida som kjem.<\/p>\n<p>http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Heimar_og_folk_i_Bykle<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Bykle er ein f\u00f8regangskommune p\u00e5 mange m\u00e5tar, og no gjer dei det igjen. Bygdesogeverket Heimar og folk i Norge vert fulldigitalisert i haust, og Bykle blir den f\u00f8rste f\u00f8rste kommunen i landet som gjer noko slikt. Tysdag kveld var Chris Nyborg i studio i Valle Radio og fortalde om dette, og Olav Mosd\u00f8l, som er &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frst-i-norge-19574296\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">F\u00f8rst i Norge<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[22],"class_list":["post-19574296","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-byklesoga"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19574296"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19574296"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19574296\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19574296"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19574296"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19574296"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}