{"id":19357215,"date":"2014-09-08T22:37:56","date_gmt":"2014-09-08T22:37:56","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/09\/ma-vente-ei-veke-19357215\/"},"modified":"2014-09-08T22:37:56","modified_gmt":"2014-09-08T22:37:56","slug":"ma-vente-ei-veke-19357215","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ma-vente-ei-veke-19357215\/","title":{"rendered":"M\u00e5 vente ei veke"},"content":{"rendered":"<p>Eg hadde akkurat sendt programmet for denne veka d\u00e5 eg fekk telefon fr\u00e5 J\u00f8rund Georg Jore i dag tidleg. V\u00e5r tekniske sjef kunne d\u00e5 fortelje at sendaren i \u00c5mli ikkje fungerte skikkeleg og at straumforsyninga til PC-en v\u00e5r hadde teke kvelden. Han m\u00e5tte difor f\u00e5 p\u00e5 plass ny straumforsyning og fikse sendaren i \u00c5mli, noko som han neppe kom til \u00e5 klare f\u00f8r sendingane i morgon og onsdag.<\/p>\n<p>D\u00e5 var det bare \u00e5 tilbakekalle annonsa fr\u00e5 avisa og satse p\u00e5 at det vert i orden til neste veke. Dei som skulle vere med meg onsdagskvelden m\u00e5tte f\u00e5 melding, den vil dei f\u00e5 i morgon. Eg sende dette til avisa og vonar det kjem inn i morgon:<\/p>\n<p><strong>Valle Radio ventar med oppstart<\/strong><\/p>\n<p><em>Planen var at Valle Radio skulle starte sendingane denne veka. Men tekniske problem gjer at oppstarten m\u00e5 vente. Sendaren i \u00c5mli har hatt problem og m\u00e5 fiksast. I tillegg er det tekniske problem i studio. Vonleg vert dei ordna i l\u00f8pet av komande veke, seier Harald Haugland, som ser fram til \u00e5 starte sendingane att i lokalradioen.<\/em><\/p>\n<p>Vonleg vert det noko godt \u00e5 h\u00f8yre i eteren n\u00e5r vi etter kvart kjem p\u00e5 lufta att. Den ventar ikkje forgjeves som ventar p\u00e5 noko godt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg hadde akkurat sendt programmet for denne veka d\u00e5 eg fekk telefon fr\u00e5 J\u00f8rund Georg Jore i dag tidleg. V\u00e5r tekniske sjef kunne d\u00e5 fortelje at sendaren i \u00c5mli ikkje fungerte skikkeleg og at straumforsyninga til PC-en v\u00e5r hadde teke kvelden. Han m\u00e5tte difor f\u00e5 p\u00e5 plass ny straumforsyning og fikse sendaren i \u00c5mli, noko &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ma-vente-ei-veke-19357215\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">M\u00e5 vente ei veke<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-19357215","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19357215"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19357215"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19357215\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19357215"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19357215"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19357215"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}