{"id":19208944,"date":"2014-08-20T21:31:48","date_gmt":"2014-08-20T21:31:48","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/08\/flott-intervju-19208944\/"},"modified":"2014-08-20T21:31:48","modified_gmt":"2014-08-20T21:31:48","slug":"flott-intervju-19208944","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/flott-intervju-19208944\/","title":{"rendered":"Flott intervju"},"content":{"rendered":"<p>I Setesd\u00f8len i g\u00e5r var det eit flott intervju p\u00e5 ei heil side med Reidar Tveito. Sigurd Haugsgjerd hadde teke eit fint bilete, og teksten var av godt Haugsgjerd-merke. Ei veke tidlegare hadde Johs. Bj\u00f8rkeli eit intervju i F\u00e6drelandsvennen. Det fylte og ei heil side. Temaet i begge avisene var den nye boka han har laga: <em>Riksveg 9 &#8211; Bruer og s\u00e6rtrekk langs vegen.<\/em><\/p>\n<p>Sj\u00f8lv hadde eg planlagt \u00e5 ha eit intervju med Reidar i Valle Radio sist tysdag, men det gjekk i vasken d\u00e5 det var tekniske problem etter sommarferien. Truleg kjem vi ikkje p\u00e5 lufta f\u00f8r i september, etter det eg har f\u00e5tt vite.<\/p>\n<p>Eg hadde ein prat med Reidar i dag og han fortalde at boka har seld godt. Han m\u00e5 stadig etterfylle b\u00f8ker p\u00e5 utsalsstadene, og mange sp\u00f8r etter boka ogs\u00e5 i bokhandlar som ikkje har f\u00e5tt boka. Vest-Agder fylke tinga 90 b\u00f8ker. Eg hadde tenkt at Aust-Agder, som har det meste av vegen, ikkje ville vere d\u00e5rlegare.<\/p>\n<p>At Setesdal Regionr\u00e5d ikkje ville st\u00f8tte boka, skulle vel ikkje hindre dei i \u00e5 kj\u00f8pe boka og bruke henne i samband med kampanjen om Gul stripe til Hovden. Regionr\u00e5det burde i alle fall kj\u00f8pe inn boka til Agderbenken og gje dei f\u00f8rstehands informasjon om vegen dei kjempar for \u00e5 utbetre. N\u00e5r ein s\u00e5g i same avisa som intervjuet med Reidar stod, kunne ein sj\u00e5 at det var l\u00f8yvd st\u00f8tte til mange kulturf\u00f8rem\u00e5l, s\u00e5 eit kulturf\u00f8rem\u00e5l s\u00e5 n\u00e6rt opp til det Regionr\u00e5det elles arbeider for, burde etter mi meining vere ei god sak \u00e5 st\u00f8tte.<\/p>\n<p>N\u00e5 ser det ut til at salget av boka g\u00e5r s\u00e5 godt at den store investeringa det er \u00e5 trykke ei bok med fargebilete p\u00e5 kvar side i stort format, kan kome ut i balanse for Reidar. Det unner vi han, han fylgjer godt opp b\u00e5de informantar og forhandlarar, s\u00e5 han treng inntekta for \u00e5 klare det.<\/p>\n<p>Den som blar i boka vil oppdage at ho er vanskeleg \u00e5 legge fr\u00e5 seg. Og etterp\u00e5 er ikkje turen opp eller ned Setesdal den same som f\u00f8r, for ein har f\u00e5tt svar p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l ein knapt hadde og informasjon om ting ein aldri hadde sett, sj\u00f8lv om ein har kj\u00f8rt turen hundrevis av gonger.<\/p>\n<p>Flott intervju. Flott bok.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I Setesd\u00f8len i g\u00e5r var det eit flott intervju p\u00e5 ei heil side med Reidar Tveito. Sigurd Haugsgjerd hadde teke eit fint bilete, og teksten var av godt Haugsgjerd-merke. Ei veke tidlegare hadde Johs. Bj\u00f8rkeli eit intervju i F\u00e6drelandsvennen. Det fylte og ei heil side. Temaet i begge avisene var den nye boka han har &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/flott-intervju-19208944\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Flott intervju<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-19208944","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19208944"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19208944"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19208944\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19208944"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19208944"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19208944"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}