{"id":1902699,"date":"2007-03-14T13:07:47","date_gmt":"2007-03-14T13:07:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/03\/fire_dager_atte_ar1902699\/"},"modified":"2007-03-14T13:07:47","modified_gmt":"2007-03-14T13:07:47","slug":"fire_dager_atte_ar1902699","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fire_dager_atte_ar1902699\/","title":{"rendered":"Fire dager, \u00e5tte \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>Dette er ein roman av Line Baugst\u00f8. Den kom ut i 2006 og handlar mellom anna om det som skjedde d\u00e5 F\u00e6drelandsvennen vart sprengd i lufta i februar 1972. Det er alt blitt 25 \u00e5r sidan, og for mange av oss hadde det nok g\u00e5tt i gl\u00f8ymeboka. Men Line Baugst\u00f8, som var 11 \u00e5r d\u00e5 det skjedde, hugsar det. Ho vart f\u00f8dd i Kristiansand, men bur no p\u00e5 Ski i Akershus.<\/p>\n<p>**Lenker**<br \/>\nHer er lenke til eit intervju med henne i F\u00e6drelandsvennen d\u00e5 boka vart nominert: http:\/\/www.fvn.no\/kulturpuls\/litteratur\/article448380.ece<br \/>\nOg denne lenka f\u00f8rer deg til omtale av boka D\u00f8dvinkel, som var nominert til S\u00f8rlandets litteraturpris for eit par \u00e5r sidan.<br \/>\nhttp:\/\/www.bt.no\/kultur\/litteratur\/article25051.ece<br \/>\nOg her er lenka til artikkel om henne p\u00e5 Wikipedia: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Line_Baugst%C3%B8 Der er og lenke til omtale av denne romanen. Til slutt tek eg med lenke til S\u00f8rlandets litteraturpris, der du kan stemme p\u00e5 boka.<\/p>\n<p>**Om boka**<br \/>\nBoka handlar om folk som p\u00e5 ulike m\u00e5tar er knytt til avisa. Sigurd er journalist, aleinemora Kristine har arbeidd som korrekturlesar der for lenge sidan og sonen Tor Arne p\u00e5 15 er avisbud. D\u00e5 han vert henta p\u00e5 skulen av politiet, vert mora redd at han kan ha vore innblanda i saka, ho synest at ho har mista den gamle kontakten med sonen.<\/p>\n<p>Hendinga skakar ikkje bare opp byen, men ogs\u00e5 desse personane m\u00e5 p\u00e5 ulike m\u00e5tar tenkje gjennom livet sitt.<\/p>\n<p>Setesdal er s\u00e5 vidt med i boka, for Kristine vart skild fr\u00e5 mannen sin etter at han hadde vore p\u00e5 hyttetur til Hovden med ei anna kvinne. Dette vart kjent d\u00e5 dei sn\u00f8dde inne og ikkje kom heim att til avtalt tid. I \u00e5tte \u00e5r sidan dette hende har ho kjempa for \u00e5 halde heimen saman for seg og sonen, men ho f\u00f8ler at han veks fr\u00e5 henne. I si naud tek ho kontakt med Sigurd, som ho var kj\u00e6rast med f\u00f8r ho gifte seg. Han st\u00e5r midt oppe i alt arbeidet som eksplosjonen f\u00f8rte med seg for dei tilsette i avisa, men tek seg til til \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 hjelpe henne.<\/p>\n<p>L\u00e5n romanen p\u00e5 Valle folkebibliotek og les han. Han er lett \u00e5 lese og det er interessant \u00e5 f\u00e5 friska opp hendingane fr\u00e5 ei svunnen tid. Samstundes syner Baugst\u00f8 at det er r\u00e5d \u00e5 skrive ein roman der personane held ut i dei samanhengane dei er i, utan \u00e5 bryte ut fr\u00e5 dei. Kristine finn til og med plass for omtanke for familien til gjerningsmannen midt i alt det ho strevar med.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette er ein roman av Line Baugst\u00f8. Den kom ut i 2006 og handlar mellom anna om det som skjedde d\u00e5 F\u00e6drelandsvennen vart sprengd i lufta i februar 1972. Det er alt blitt 25 \u00e5r sidan, og for mange av oss hadde det nok g\u00e5tt i gl\u00f8ymeboka. Men Line Baugst\u00f8, som var 11 \u00e5r d\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fire_dager_atte_ar1902699\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fire dager, \u00e5tte \u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[17],"class_list":["post-1902699","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-bok"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1902699"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1902699"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1902699\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1902699"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1902699"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1902699"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}