{"id":18996243,"date":"2014-07-29T22:28:58","date_gmt":"2014-07-29T22:28:58","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/07\/ein-leirstad-i-sirdal-18996243\/"},"modified":"2014-07-29T22:28:58","modified_gmt":"2014-07-29T22:28:58","slug":"ein-leirstad-i-sirdal-18996243","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-leirstad-i-sirdal-18996243\/","title":{"rendered":"Ein leirstad i Sirdal"},"content":{"rendered":"<p>Rundturen i g\u00e5r minna meg p\u00e5 eit engasjement som foreldrene mine hadde p\u00e5 sine eldre dagar. Far hadde ein livslang kj\u00e6rleik til sundagsskulen, og eg er sikker p\u00e5 at han helst ville ha vore l\u00e6rar om tilh\u00f8va hadde gjort det mogleg for han \u00e5 bli det d\u00e5 han var ung. Men sundagsskulel\u00e6rar kunne han bli, og i over 50 \u00e5r var han aktiv i sundagsskulen heime p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd. For dette fekk han i 1993 Kongens fortenstmedalje.<\/p>\n<p>Engasjementet hans f\u00f8rte ikkje bare til at han gjekk p\u00e5 sundagsskulen kvar sundag det ikkje var gudsteneste i kyrkja og han m\u00e5tte gjere jobben som kyrkjetenar. Han vart engasjert i Rogaland s\u00f8ndagsskolekrets, der han som pensjonist tok p\u00e5 seg kasserarjobben. P\u00e5 1980-talet ein gong, eg hugsar ikkje heilt sikkert, for d\u00e5 budde me i Vester\u00e5len, fekk folk med kj\u00e6rleik til sundagsskulen ideen om \u00e5 f\u00e5 til ein leirstad i Sirdal som kunne nyttast i kretsen sitt arbeid, til d\u00f8mes med leirar i vintersesongen eller n\u00e5r det elles m\u00e5tte h\u00f8ve.<\/p>\n<p>Kvar gong eg k\u00f8yrer over Suleskarvegen og kjem til Roskreppdammen, tenkjer eg p\u00e5 den brakkeriggen som stod der d\u00e5 dei bygde dammen. Etter det eg hugsar, fekk dei ivrige sjelene i sundagsskulen lov til \u00e5 hente materialar og utstyr der d\u00e5 riggen skulle rivast. Dette frakta dei til Omlid, grenda ei god mil s\u00f8r for Sinnes, og gjekk i gang med \u00e5 byggje leirstaden. Fr\u00e5 1989 til 1993 jobba dei som heltar for \u00e5 bygge opp anlegget, som i dag best\u00e5r av to hus med plass til n\u00e6rare 40 personar. Standarden er ikkje hotellstandard, det er k\u00f8yesenger, men prisane er heller ikkje hotellprisar.<\/p>\n<p>Eg hugsar at mor var kokke p\u00e5 nokre slike leirar og far var og med som leiar. I 2001 gav far ut ei lita bok p\u00e5 Setesdalsforlaget med barneandaktar. Han hadde skrive dei under vignetten Onkel Henrik i Fiskerens Venn, der eg var redakt\u00f8r fr\u00e5 1972 til 1976. Bak p\u00e5 boka <em>Jesus har bruk for deg<\/em> er det reklame for S\u00f8ndagsskoletunet Omlid.<\/p>\n<p>P\u00e5 turen i g\u00e5r kom eg til \u00e5 tenke p\u00e5 dette d\u00e5 me kj\u00f8rte gjennom Sirdal. Eg hugsar at eg ein gong hadde med mor dit d\u00e5 eg sj\u00f8lv hadde vore p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd og skulle tilbake over fjellet til Setesdal, s\u00e5 eg tenkte at eg ville syne det til Helge og Reidun. Men det var lettare sagt enn gjort, for det var godt g\u00f8ymt i skogen som hadde vakse opp, og det var ikkje noko skilt. S\u00e5 vi m\u00e5tte snu nede ved butikken og k\u00f8yre opp bakkane att for \u00e5 finne det. D\u00e5 k\u00f8yrde vi og forbi, s\u00e5 vi m\u00e5tte heilt opp til Dorgefoss for \u00e5 snu, men p\u00e5 turen ned tok vi det s\u00e5 seint at vi fann stikkvegen inn til tunet. Det var inga merking som sa at vi var komne p\u00e5 rett plass, men det stod eit kors mellom dei to husa og indikerte at vi var der vi skulle vere.<\/p>\n<p>I dag googla eg det og fann informasjon om S\u00f8ndagsskoletunet Omlid p\u00e5 http:\/\/www.omlidleir.no\/ Kikk gjerne innom og sj\u00e5 kva iver og dugnad kan f\u00f8re til. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Rundturen i g\u00e5r minna meg p\u00e5 eit engasjement som foreldrene mine hadde p\u00e5 sine eldre dagar. Far hadde ein livslang kj\u00e6rleik til sundagsskulen, og eg er sikker p\u00e5 at han helst ville ha vore l\u00e6rar om tilh\u00f8va hadde gjort det mogleg for han \u00e5 bli det d\u00e5 han var ung. Men sundagsskulel\u00e6rar kunne han bli, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-leirstad-i-sirdal-18996243\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ein leirstad i Sirdal<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18996243","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18996243"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18996243"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18996243\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18996243"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18996243"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18996243"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}