{"id":18988311,"date":"2014-07-28T21:26:09","date_gmt":"2014-07-28T21:26:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/07\/rundtur-18988311\/"},"modified":"2014-07-28T21:26:09","modified_gmt":"2014-07-28T21:26:09","slug":"rundtur-18988311","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rundtur-18988311\/","title":{"rendered":"Rundtur"},"content":{"rendered":"<p>Eg hadde eit \u00e6rend til Kristiansand i dag. Reidun og Helge valde \u00e5 vere med, og s\u00e5 laga vi det til ein rundtur. Det eg skulle ordne i Kristiansand var ordna klokka 12, og s\u00e5 bar det oppover mot Vennesla. Det er sjeldan eg k\u00f8yrer den vegen p\u00e5 tur til Valle, men no tok vi oss tur til \u00e5 svinge innom Iveland og sj\u00e5 korleis bygget \u00c5kle veks og er med p\u00e5 \u00e5 forme Birketveit til eit sentrum for kommunen.<\/p>\n<p>Vel framme p\u00e5 Evje var det tid for middag, og dei trivelege jentene p\u00e5 Pernille hadde v\u00e5rrullar p\u00e5 menyen, s\u00e5 det vart to v\u00e5rrull og ein hamburger p\u00e5 oss tre. Dette vart toppa med softis til dessert, s\u00e5 vi var gode og mette etterp\u00e5. F\u00f8r vi drog vidare rakk eg ein tur innom tikronerskassa til Setesdalen Libris, eg gleder meg til \u00e5 pakke opp det eg fann der seinare.<\/p>\n<p>Turen oppover Setesdal var ei oppleving i godt ver og med temperatur som svinga mellom 25 og 30 grader. D\u00e5 er det godt med klimaanlegg i bilen. Trafikken var h\u00f8veleg, og det var lenge sidan Helge hadde kj\u00f8rt oppover dalen, s\u00e5 det var litt av kvart \u00e5 snakke om. Ikkje minst kunne vi glede oss over utbetringa av vegen som er kome nord for Ose. D\u00e5 kunne vi bare setje p\u00e5 cruisekontrollen og la det g\u00e5 i h\u00f8veleg fart heilt til Besteland. N\u00e5r bomstasjonen der er borte, er det ingen grunn til \u00e5 klage p\u00e5 utviklinga fr\u00e5 eg flytta til Setesdal i 1991.<\/p>\n<p>Vi m\u00e5tte svinge innom parkeringsplassen til Nomeland skule og sj\u00e5 treet som stod like utanfor huset vi budde i der. Eg trur det er det einaste som framleis st\u00e5r etter p\u00e5 tomta. Etter ein liten tur innom i Leite gjekk s\u00e5 ferda over fjellet til Sirdal. Trafikken p\u00e5 den smale vegen var ikkje s\u00e5 stor i dag, s\u00e5 turen gjekk fint, men vi m\u00e5tte reflektere litt over hyttebygginga som har skjedd i begge endar av vegen. Det er lagt ned mykje pengar b\u00e5de i Brokke og i Sirdal sidan vegen kom i 1990. Det tyder vel p\u00e5 at folk har hatt god r\u00e5d.<\/p>\n<p>Etter ein liten stopp p\u00e5 Jokerbutikken p\u00e5 Svartevatn, gjekk ferda vidare nedover til Dorgefoss. Eg m\u00e5 som regel stoppe litt der n\u00e5r eg k\u00f8yrer forbi, det er spesielt \u00e5 sj\u00e5 ned i juvet der. No er det fint lagt til rette med rasteplass og toalett og informasjon fr\u00e5 Vegvesenet.<\/p>\n<p>Ferda gjekk vidare nedover Sirdal til Tonstad, men det var blitt kveld, s\u00e5 vi stoppa ikkje der, i grunnen var vi ikkje blitt svoltne heller sj\u00f8lv om det var g\u00e5tt noko tid sidan vi hadde middag p\u00e5 Evje. GPS-en sa at vi skulle svinge av p\u00e5 Sandvatn og kj\u00f8re til Gyland, deretter fann han ein veg til Feda som eg aldri hadde vore p\u00e5 f\u00f8r. Feda er jo og ein stad vi kj\u00f8rer over no, s\u00e5 det var mange \u00e5r sidan sist eg rulla gjennom denne bygda. S\u00e5 fekk eg pr\u00f8ve korleis det var \u00e5 kome opp p\u00e5 E-39 derifr\u00e5 gjennom tunnelen og plutseleg var eg p\u00e5 kjente trakter og kunne legge meg i k\u00f8en av bilar som skulle s\u00f8rover.<\/p>\n<p>Det var ein rundtur eg hadde glede av. I ferien skal ein pr\u00f8ve \u00e5 gjere noko ein har glede av, s\u00e5 det var ein vellukka feriem\u00e5ndag i dag. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg hadde eit \u00e6rend til Kristiansand i dag. Reidun og Helge valde \u00e5 vere med, og s\u00e5 laga vi det til ein rundtur. Det eg skulle ordne i Kristiansand var ordna klokka 12, og s\u00e5 bar det oppover mot Vennesla. Det er sjeldan eg k\u00f8yrer den vegen p\u00e5 tur til Valle, men no tok vi &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rundtur-18988311\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Rundtur<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18988311","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18988311"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18988311"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18988311\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18988311"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18988311"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18988311"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}