{"id":18976570,"date":"2014-07-26T21:41:49","date_gmt":"2014-07-26T21:41:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/07\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-18976570\/"},"modified":"2014-07-26T21:41:49","modified_gmt":"2014-07-26T21:41:49","slug":"sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-18976570","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-18976570\/","title":{"rendered":"Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke 2"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r skreiv eg litt om fredagskveldane i Lyngdal kirke. I kveld vil eg skrive litt om solistane og det dei framf\u00f8rte. Kvelden starta med Ilze Janzeme som spelte Hjemad av Edvard Grieg p\u00e5 flygelet i kyrkja. Ho er fr\u00e5 Latvia, ein biografi p\u00e5 engelsk finn du her: http:\/\/ilzejaunzeme.com\/biography2\/<\/p>\n<p>Ilze kom i kontakt med folk i Lyngdal for \u00e5tte \u00e5r sidan i samband med eit utvekslingsprogram mellom Lyngdal og heimbyen hennar i Latvia. Sidan har ho spelt i Lyngdal kyrkje kvar sommar. Ho er ein vesentleg grunn til at ein i dag har eit flott flygel i kyrkja, ein s\u00e5 god pianist m\u00e5tte f\u00e5 eit betre instrument enn det gamle pianoet som var der fr\u00e5 f\u00f8r. P\u00e5 YouTube kan du h\u00f8yre Einar Steen N\u00f8kleberg spele Hjemad, https:\/\/www.youtube.com\/watch?v=d1lg6vGsvm0<\/p>\n<p>Seinare i programmet spelte ho Norsk dans nr. 3 og 4 firhendig med Magrete Moen Birkedal, s\u00e5 det er tydeleg at ho har gjeve Grieg sin musikk ein stor plass p\u00e5 repertoaret sitt. To verk av Chopin fekk ho og plass til: Fantasie-impromptu opus 66 var storsl\u00e5tt og krevande, og Ballade i g-moll, opus 23 var magisk i framf\u00f8ringa. Desse var nok dei st\u00f8rste verka i kveldens konsert.<\/p>\n<p>Elles presenterte ho musikk av Farsunds-komponisten Signe Lund Skabo og av landsmannen Em\u012bls D\u0101rzi\u0146\u009a. Ho bytta p\u00e5 \u00e5 sitje p\u00e5 pianokrakken med Margrete Moen Birkedal, s\u00e5 det kan hende eg blandar litt om kven som spelte kva, men i tillegg til dei komponistane eg har nemnt, fekk vi h\u00f8yre Ave Maria av den georgiske komponisten N. Gabunia og Beata es Virgo Maria av R. Dubra, her til song av Ingrid Gr\u00f8van, som og song tre songar for obo og song av Vaughan Williams, d\u00e5 med Torunn Irene Kristensen p\u00e5 obo. Ho avslutta si avdeling med Johan Kvandals \u00c5, her m\u00f8ter mangt og A. J. Gordons Eg elskar deg Jesus. Som ekstranummer etter roseutdeling framf\u00f8rte alle You raised me up. Er det rart om det var trampeklapp i sommarkvelden?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r skreiv eg litt om fredagskveldane i Lyngdal kirke. I kveld vil eg skrive litt om solistane og det dei framf\u00f8rte. Kvelden starta med Ilze Janzeme som spelte Hjemad av Edvard Grieg p\u00e5 flygelet i kyrkja. Ho er fr\u00e5 Latvia, ein biografi p\u00e5 engelsk finn du her: http:\/\/ilzejaunzeme.com\/biography2\/ Ilze kom i kontakt med folk &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-18976570\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke 2<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18976570","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18976570"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18976570"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18976570\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18976570"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18976570"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18976570"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}