{"id":18971000,"date":"2014-07-25T22:55:57","date_gmt":"2014-07-25T22:55:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/07\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-18971000\/"},"modified":"2014-07-25T22:55:57","modified_gmt":"2014-07-25T22:55:57","slug":"sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-18971000","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-18971000\/","title":{"rendered":"Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke"},"content":{"rendered":"<p>S\u00f8ster mi, Jorunn Moen, er organist i Lyngdal. Kvar sommar organiserer ho ein konsertserie som vert kalla Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke. I kveld tok eg turen dit for \u00e5 f\u00e5 med meg konserten der d\u00f8trene hennar, Torunn Irene og Margrete, var akt\u00f8rar p\u00e5 obo og piano. I tillegg song Ingrid Gr\u00f8van p\u00e5 konserten, og s\u00e5 var det ein lativsk pianist, Ilse Jaunzeme, der. P\u00e5 desse konsertane f\u00e5r dei og med ein elev p\u00e5 kulturskulen i Lyngdal, og i kveld var det Anna Eileen N\u00f8tland p\u00e5 fl\u00f8yte som deltok. Ho spelte <em>M\u00e5ne og sol<\/em> og hausta stor applaus for innsatsen.<\/p>\n<p>Eg kalla det konsertserie, og det er for s\u00e5 vidt rett. Men desse kveldane er det fellessang og opplesing i tillegg, s\u00e5 vi fekk h\u00f8yre opplese ei salme eg ikkje hadde f\u00e5tt med meg fr\u00e5 Norsk Salmebok. Nr. 744, Norges folk og Norges kirke er skriven i 1914 av teologiprofessor Johan Lyder Brun og vart framf\u00f8rt ved olsokfesten p\u00e5 Stiklestad i 1914. I tillegg deltok vi 107 som var til stades p\u00e5 f\u00f8rste og siste vers av \u00c5, eg veit meg eit land, to vers vart framf\u00f8rte solo av Ingrid Gr\u00f8van. Den salma vi song alle versa p\u00e5, var \u00c5 hvilken \u00e6re for tanken alt for stor. Og sangen ljoma mellom veggene i den store kyrkja.<\/p>\n<p>Eg skal kome tilbake til det \u00f8vrige programmet i morgon. Men etter dei musikalske godbitane er det kaffe og kake p\u00e5 kyrkjebakken, det gjev h\u00f8ve til ein hyggeleg prat for dei framm\u00f8tte. I slikt str\u00e5lande ver som vi har hatt i sommar er det triveleg \u00e5 m\u00f8te folk n\u00e5r ein har hatt ei musikkoppleving og s\u00e5 dele kommentarar og ikkje bare g\u00e5 rett heim etterp\u00e5. Truleg vil det kome nokre ord i Farsunds Avis, for det s\u00e5g ut til \u00e5 vere ein journalist der. Ho knipsa ivrig.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00f8ster mi, Jorunn Moen, er organist i Lyngdal. Kvar sommar organiserer ho ein konsertserie som vert kalla Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke. I kveld tok eg turen dit for \u00e5 f\u00e5 med meg konserten der d\u00f8trene hennar, Torunn Irene og Margrete, var akt\u00f8rar p\u00e5 obo og piano. I tillegg song Ingrid Gr\u00f8van p\u00e5 konserten, og s\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-18971000\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18971000","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18971000"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18971000"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18971000\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18971000"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18971000"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18971000"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}