{"id":18916288,"date":"2014-07-17T22:58:53","date_gmt":"2014-07-17T22:58:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/07\/gratulerer-kristoff-18916288\/"},"modified":"2014-07-17T22:58:53","modified_gmt":"2014-07-17T22:58:53","slug":"gratulerer-kristoff-18916288","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gratulerer-kristoff-18916288\/","title":{"rendered":"Gratulerer, Kristoff"},"content":{"rendered":"<p>For 11 m\u00e5nader sidan, i ausande regnver, sykla Alexander Kristoff f\u00f8rste etappe i Tour des Fjords. Rittet starta i Valle fredag 18. august, og sundag stod han i Stavanger som vinnar av rittet etter tre etappar. I mai i \u00e5r fylgde vi han i \u00e5rets utgave av rittet, ein dag lenger, start i Bergen, m\u00e5l i Stavanger, og sanneleg var han ikkje vinnar i \u00e5r igjen og kunne ta med seg son sin p\u00e5 sigerspallen.<\/p>\n<p>S\u00e5 venta st\u00f8rre oppg\u00e5ver. I \u00e5rets Tour de France s\u00e5g vi han ta to andreplassar tidleg i rittet, f\u00f8r det vart magesjau og vanskeleg \u00e5 hevde seg. S\u00e5 vann han over mageproblema, og i dag vart det sanneleg etappesiger i verdas st\u00f8rste sykkelritt. Mange store kanonar har m\u00e5tta gje seg p\u00e5 grunn av uhell, men han har halde seg p\u00e5 to hjul og denne gongen lukkast det. Dermed vart han den femte nordmannen som fekk ein etappesiger i rittet.<\/p>\n<p>Tour de France er triveleg \u00e5 fylgje med p\u00e5 TV. Sj\u00f8lvsagt f\u00e5r ein ikkje med seg det mangslungne folkelivet langs l\u00f8ypa, men dei som kransar l\u00f8ypa f\u00e5r i grunnen bare eit svusj, s\u00e5 er dei forbi, nokre gonger i 60-70 kilometers fart. Det var i grunnen det som undra meg mest d\u00e5 eg s\u00e5g dei i Tour des Fjords, den farten dei hadde forbi meg der i Valle sentrum i regnet den fredagen. I 30 graders varme i Frankrike g\u00e5r det end\u00e5 fortare, s\u00e5 det er ikkje lenge ein kan sj\u00e5 dei live om ein stiller seg opp ved l\u00f8ypa.<\/p>\n<p>Men p\u00e5 TV syter TV2 og Eurosport for at vi som sit heime, f\u00e5r orkesterplass til verdas mest omtalte sykkelritt og kan gle oss med end\u00e5 ein norsk vinnar. Gratulerer, Alexander Kristoff!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>For 11 m\u00e5nader sidan, i ausande regnver, sykla Alexander Kristoff f\u00f8rste etappe i Tour des Fjords. Rittet starta i Valle fredag 18. august, og sundag stod han i Stavanger som vinnar av rittet etter tre etappar. I mai i \u00e5r fylgde vi han i \u00e5rets utgave av rittet, ein dag lenger, start i Bergen, m\u00e5l &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gratulerer-kristoff-18916288\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gratulerer, Kristoff<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18916288","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18916288"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18916288"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18916288\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18916288"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18916288"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18916288"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}