{"id":18787409,"date":"2014-07-03T22:57:31","date_gmt":"2014-07-03T22:57:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/07\/frarkort-for-flyktningar-18787409\/"},"modified":"2014-07-03T22:57:31","modified_gmt":"2014-07-03T22:57:31","slug":"frarkort-for-flyktningar-18787409","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frarkort-for-flyktningar-18787409\/","title":{"rendered":"F\u00f8rarkort for flyktningar"},"content":{"rendered":"<p>29. juni var det eit oppslag i VG om at kommunar sponsar f\u00f8rarkort for flyktningar. Det var tale om \u00c5mli og \u00c5seral, men ogs\u00e5 Valle har hatt ei slik ordning ei tid. Dette blir gjort ved at noko av det integreingstilskotet kommunane f\u00e5r, og som nettopp skal brukast til \u00e5 dekke kostnader ved integrering, blir utbetalt til flyktningen som klarar \u00e5 ta f\u00f8rarkortet.<\/p>\n<p>Det kom kommentarar i facebook-feeden min i dag, og dei var negative og meinte at dette m\u00e5tte og norske f\u00f8rarkort-kandidatar f\u00e5. D\u00e5 kunne eg ikkje anna enn \u00e5 legge inn eit godt ord for den praksisen, for det er etter mi meining ein sv\u00e6rt god m\u00e5te \u00e5 bruke desse pengane p\u00e5, i alle fall for flyktningar som bur i grisgrendte str\u00f8k som dei kommunane som her er trekte fram. I ein by er det ikkje same trongen for f\u00f8rarkort, s\u00e5 der kan det nok heller diskuterast om ikkje pengane kan brukast p\u00e5 betre m\u00e5te.<\/p>\n<p>Men flyktningane i Valle m\u00e5 til Evje for \u00e5 ta f\u00f8rarkort, og f\u00f8rst m\u00e5 dei ha l\u00e6rt seg nok norsk til \u00e5 klare teoritesten. Det er mange som strevar med den, nokre brukar tolk, dei fleste m\u00e5 pr\u00f8ve fleire gonger. Kvar gong g\u00e5r det minst ein tusenlapp i avgift og reisekostnader, s\u00e5 det er ikkje billig. N\u00e5r s\u00e5 teoripr\u00f8ven er best\u00e5tt, kjem kj\u00f8retimane, d\u00e5 og blir det mykje \u00e5 betale. Alt dette m\u00e5 flyktningane legge ut sj\u00f8lv. N\u00e5r dei s\u00e5 endeleg har best\u00e5tt f\u00f8rarpr\u00f8ven, kjem refusjon av det bel\u00f8pet kommunen har vedteke \u00e5 st\u00f8tte opplegget med.<\/p>\n<p>S\u00e5 kan dei starte livet som sj\u00e5f\u00f8r og dermed utvide radiusen for \u00e5 s\u00f8ke seg jobb. No er det ikkje lenger g\u00e5avstand som tel, no kan dei kome seg rundt i dei indre bygder der det m\u00e5tte vere jobbar \u00e5 finne. For flyktningane som bur i Valle betyr det at dei kan f\u00e5 seg jobb p\u00e5 Rysstad eller i Bykle, utan f\u00f8rarkort ville dei m\u00e5tte f\u00e5 sosialst\u00f8nad fr\u00e5 kommunen. For om dei ikkje har hatt jobb, har dei jo ikkje rett p\u00e5 arbeidsl\u00f8ysetrygd.<\/p>\n<p>F\u00f8rarkortet er hjelp til sj\u00f8lvhjelp. Det er integrering p\u00e5 sitt aller beste. Ikkje mange i arbeidsf\u00f8r alder i dei indre bygder kan leve utan f\u00f8rarkort, heller ikkje flyktningane. I byen kan ein ta buss til jobb, den g\u00e5r kvar halvtime, mange stader oftare, andre stader kvar time. I Valle er det ein buss morgon og ein buss kveld, avreise 7.20, heim 19.20. Det ville bety mange og lange timar med venting p\u00e5 Rysstad om ein var avhengig av slik transport for ein jobb der. Og lite tid til \u00e5 delta i sosialt liv etter at ein kom heim. \u00c5 hjelpe flyktningar til \u00e5 f\u00e5 f\u00f8rarkort er eit gode som betalar seg for kommunen.<\/p>\n<p>Dei fleste norske tek f\u00f8rarkort n\u00e5r dei fyller 18, gjerne medan dei er p\u00e5 vidareg\u00e5ande skule. Folk som ikkje kjem til landet f\u00f8r dei er langt over 18, etablerte familiefolk, har ein annan situasjon. Dei kan ikkje samanliknast.<\/p>\n<p>http:\/\/www.vg.no\/forbruker\/bil-baat-og-motor\/bil-og-trafikk\/flyktninger-faar-sponset-foererkort\/a\/10051236\/<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>29. juni var det eit oppslag i VG om at kommunar sponsar f\u00f8rarkort for flyktningar. Det var tale om \u00c5mli og \u00c5seral, men ogs\u00e5 Valle har hatt ei slik ordning ei tid. Dette blir gjort ved at noko av det integreingstilskotet kommunane f\u00e5r, og som nettopp skal brukast til \u00e5 dekke kostnader ved integrering, blir &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frarkort-for-flyktningar-18787409\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">F\u00f8rarkort for flyktningar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18787409","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18787409"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18787409"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18787409\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18787409"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18787409"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18787409"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}