{"id":18765526,"date":"2014-07-01T22:57:33","date_gmt":"2014-07-01T22:57:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/07\/jubileumsfest-med-saerpreg-18765526\/"},"modified":"2014-07-01T22:57:33","modified_gmt":"2014-07-01T22:57:33","slug":"jubileumsfest-med-saerpreg-18765526","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubileumsfest-med-saerpreg-18765526\/","title":{"rendered":"Jubileumsfest med s\u00e6rpreg 3"},"content":{"rendered":"<p>Eg er framleis i jubileumsmodus og takksam for at eg fekk vere med p\u00e5 jubileumsfesten for Hylestad kyrkje 175 \u00e5r.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv hadde eg ein rolle i festen ettersom eg var med i komiteen som f\u00f8rebudde arrangementet, saman med Siri Melhus, \u00c5se Hovet, Sissel \u00c5kre og Leonhard Jansen. P\u00e5 dei siste m\u00f8ta var og Sissa Ringstad og Astrid Nomeland med.<\/p>\n<p>Eg hadde i oppdrag \u00e5 time programmet i soknehuset, og det sprakk med ein time, s\u00e5 den jobben var jo ikkje heilt etter planen. Eg hadde tenkt vi skulle slutte mellom halv fire og fire, men ho vart halv fem f\u00f8r alle hadde f\u00e5tt rosene og Kim Andr\u00e9 Rysstad hadde avslutta med <em>Langt inn p\u00e5 ville heii<\/em>.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv hadde eg ei lita helsing og p\u00e5 festen. Eg hadde trong for \u00e5 seie litt om samanhengen som f\u00f8rte til at Hylestad kyrkje var vegkyrkje fr\u00e5 1993 til 2005. D\u00e5 eg kom til Valle i 1991, fekk eg hus i Hylestad. Eg kom i august, og noko av det flottaste med Hylestad kyrkje var det nye orgelet, som var blitt vigsla i mai same \u00e5ret. S\u00e5 eg tenkte at det var dumt \u00e5 ha eit orgel til ein million kroner og s\u00e5 bruke det s\u00e5 lite.<\/p>\n<p>P\u00e5 denne tida var det fr\u00e5 sentralt hald i kyrkja fleire initiativ for \u00e5 f\u00e5 i gang vegkyrkjer, og eg reiste p\u00e5 eit seminar om dette i Oslo og fekk inspirasjon til \u00e5 arbeide for \u00e5 etablere vegkyrkje i Hylestad kyrkje. Alt i 1992 hadde vi litt arbeid i gang, men fr\u00e5 1993 var det musikkandaktar og kyrkjevertar som stod for guiding og kaffeservering. Orgelet var den utl\u00f8ysande faktor, og mange som var innom, var imponerte over instrumentet. Men kyrkja hadde ikkje organist med utdanning, og vi var p\u00e5 jakt etter det. Ein dag kom Pieter Leebeek innom, han var p\u00e5 ferie fr\u00e5 Nederland, og han fekk pr\u00f8ve orgelet. Vi snakka saman og han sa at om eg greidde \u00e5 skaffe stilling, ville han s\u00f8ke. Han hadde spesialisert seg i improvisasjon i utdanninga si, men han spelte flotte verk p\u00e5 det vesle orgelet.<\/p>\n<p>Resten er historie, vi fekk kommunen med p\u00e5 \u00e5 etablere full stilling som organist, og i mange \u00e5r var det musikkandaktar i Hylestad kyrkje dei fleste dagar i sommarsesongen, det var innbakt som ein del av stillinga for organisten. I dei 25 \u00e5ra som har g\u00e5tt sidan 150-\u00e5rsjubileet, er den aktiviteten det som mest har s\u00e6rprega Hylestad kyrkje. Sj\u00f8lv om ein i dag ikkje har guiding, st\u00e5r kyrkja framleis open i sommarsesongen for vegfarande som vil ha ei stille stund p\u00e5 turen.<\/p>\n<p>Sverre Olsen skreiv i 1990 salma <em>Kirken strekker sine hender<\/em>. Den handlar om det riket som skal komme. Men Hylestad kyrkje strekkjer seg ut mot dagens menneske for \u00e5 minne oss om at det kviler ein himmel over livet, at vi kan ha godt av \u00e5 stoppe opp og tenke p\u00e5 Gud b\u00e5de i ungdoms og manndoms \u00e5r.<\/p>\n<p>Eg hadde ikkje skrive manuskript, s\u00e5 eg fekk vel ikkje sagt det s\u00e5 godt i helsinga mi som eg hadde planlagt, men dette var nokre av dei tankane eg gjorde meg i samband med jubileumsfeiringa.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg er framleis i jubileumsmodus og takksam for at eg fekk vere med p\u00e5 jubileumsfesten for Hylestad kyrkje 175 \u00e5r. Sj\u00f8lv hadde eg ein rolle i festen ettersom eg var med i komiteen som f\u00f8rebudde arrangementet, saman med Siri Melhus, \u00c5se Hovet, Sissel \u00c5kre og Leonhard Jansen. P\u00e5 dei siste m\u00f8ta var og Sissa Ringstad &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubileumsfest-med-saerpreg-18765526\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jubileumsfest med s\u00e6rpreg 3<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18765526","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18765526"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18765526"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18765526\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18765526"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18765526"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18765526"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}