{"id":18758241,"date":"2014-06-30T21:43:33","date_gmt":"2014-06-30T21:43:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/06\/jubileumsfest-med-saerpreg-18758241\/"},"modified":"2014-06-30T21:43:33","modified_gmt":"2014-06-30T21:43:33","slug":"jubileumsfest-med-saerpreg-18758241","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubileumsfest-med-saerpreg-18758241\/","title":{"rendered":"Jubileumsfest med s\u00e6rpreg 2"},"content":{"rendered":"<p>Medan eg i g\u00e5r skreiv mest om det som gjekk f\u00f8re seg i kyrkja, skal dette innlegget p\u00e5 bloggen handle mest om det som gjekk f\u00f8re seg etter gudstenesta. Teksten i gudstenesta handla om det store gjestebodet, og det var i grunnen ein h\u00f8veleg tekst. Rett nok handla den om at ingen av dei inviterte fann det bryet verd \u00e5 kome, s\u00e5 folka m\u00e5tte ut p\u00e5 gatene og invitere. Slik var det ikkje p\u00e5 Rysstad, dei fleste av dei inviterte, det vil seie kyrkjelyden som var i kyrkja klokka 11, vart med til Soknehuset for \u00e5 f\u00e5 med seg resten av gjestebodet.<\/p>\n<p>Hylestad bygdekvinnelag stod for suppe og eplekake og lefse, eg trur nok at rundstykka var det som fekk minst avsetnad til suppa. For det er noko eige med Setesdalssuppe med lefse og eplekake, det er tradisjonsrik sundagsmiddag, kven veit om ikkje presten Dahl ogs\u00e5 \u00e5t det for 175 \u00e5r sidan den 30. juni, d\u00e5 kyrkja vart vigsla.<\/p>\n<p>Praten gjekk i alle fall livleg rundt bordet, og m\u00e5ltidet m\u00e5tte helst avbrytast for at festprogrammet i andre h\u00f8gda skulle kunne starte nokonlunde i tide. D\u00e5 hadde vi og f\u00e5tt forsyne oss av eit overd\u00e5dig kakebord, og kj\u00f8kengjengen hadde f\u00e5tt ei korg med sjokolade dei kunne kose seg med til kaffien p\u00e5 m\u00f8ta sine framover.<\/p>\n<p>Festprogrammet starta med munnharpesl\u00e5tt av Sigurd Brokke f\u00f8r Jon Ola Rysstad hadde eit innleiande blikk p\u00e5 kyrkja fr\u00e5 ein som ikkje er s\u00e5 flittig ein kyrkjegjengar, det var heilt klart eit innlegg til ettertanke \u00e5 ta med seg. S\u00e5 kom bidrag slag i slag, med helsing fr\u00e5 ordf\u00f8rar Tarald Myrum, prost emeritus Ole Gunnar S\u00e6b\u00f8, prost Gunnar Ellingsen helsa fr\u00e5 biskopen, det var skriftlege helsingar fr\u00e5 Ragnhild Bjelland, K\u00e5re Svebak og Leif Raust\u00f8l, borne fram av Astrid Nomeland, Gunveig K\u00e5rvann og Sissa Ringstad. Astrid er sokner\u00e5dsleiar. Ho leia programmet og hadde sj\u00f8lv ei helsing fr\u00e5 sokner\u00e5det, sj\u00f8lv hadde eg ei helsing, som eg kanskje kjem tilbake til. Birgit Dale helsa og takka og sokneprest Terje Seilskj\u00e6r oppsummerte det heile og lyste velsigninga over festlyden. Innimellom alt dette var det musikk av dei same som hadde vore med i kyrkja, pluss eit ungdommeleg innslag av Tiril Brokke og Liv Tone \u00c5mlid Heia. N\u00e5r s\u00e5 alle som hadde vore i elden vart takka med rose, og komiteen som gjennom vinteren hadde arbeidd med \u00e5 f\u00e5 til programmet fekk eit eksemplar av den nye salmeboka som takk for jobben, kan ein jo skj\u00f8ne at dette tok litt tid. Komiteen hadde tenkt halvannan time, men enden p\u00e5 visa vart at festlyden var med ein time ekstra, s\u00e5 det vart ein lang festdag for dei som var med p\u00e5 alt.<\/p>\n<p>Men det var ein fest. Kyrkja i vegkanten p\u00e5 Rysstad fekk mange gode ord, kyrkjelyden fekk ei p\u00e5minning om verdien av \u00e5 ha eit kyrkjebygg midt i bygda. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Medan eg i g\u00e5r skreiv mest om det som gjekk f\u00f8re seg i kyrkja, skal dette innlegget p\u00e5 bloggen handle mest om det som gjekk f\u00f8re seg etter gudstenesta. Teksten i gudstenesta handla om det store gjestebodet, og det var i grunnen ein h\u00f8veleg tekst. Rett nok handla den om at ingen av dei inviterte &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubileumsfest-med-saerpreg-18758241\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jubileumsfest med s\u00e6rpreg 2<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18758241","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18758241"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18758241"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18758241\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18758241"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18758241"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18758241"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}