{"id":18752279,"date":"2014-06-29T21:50:08","date_gmt":"2014-06-29T21:50:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/06\/jubileumsfest-med-saerpreg-18752279\/"},"modified":"2014-06-29T21:50:08","modified_gmt":"2014-06-29T21:50:08","slug":"jubileumsfest-med-saerpreg-18752279","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubileumsfest-med-saerpreg-18752279\/","title":{"rendered":"Jubileumsfest med s\u00e6rpreg"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 er festdagen for \u00e5 markere 175-\u00e5rsjubileet for Hylestad kyrkje over. Sj\u00f8lv var eg ikkje til Bj\u00f8rgum for \u00e5 markere sambandet mellom noverande kyrkje og gamlekyrkja der, men Bj\u00f8rgulv T. Berg, som sa nokre ord og la ned blomar, sa at det hadde vore overraskande mange til stades.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg kom til kyrkja like over halv elleve, var parkeringsplassen s\u00e5 og seie full, like etter m\u00e5tte folk pakrere langs riksveg 9 og slik markere sambandet mellom kyrkja og riksvegen, det var jo vegen som f\u00f8rte til at kyrkja vart flytta.<\/p>\n<p>Medan tussane hadde ein finger med i spelet n\u00e5r det gjaldt kvar kyrkja skulle ligge p\u00e5 austsida av elva, var det presten Johan Koren Dahl som nok hadde meir enn ein finger med i spelet d\u00e5 kyrkja vart flytta p\u00e5 vestsida. Han var den f\u00f8rste ordf\u00f8raren i kommunen, formannskapslovene kom i 1837, og med det ei ny tid i bygdene. No skulle folkevalde styre og stelle.<\/p>\n<p>Det f\u00f8rste dei styrde med, vart alts\u00e5 Hylestad kyrkje. Gamlekyrkja vart riven i 1838 og nyekyrkja vigsla 30. juni 1839, s\u00e5 jubileet vart feira s\u00e5 n\u00e6rt opp til jubileumsdagen som r\u00e5d.<\/p>\n<p>Leonhard Jansen heldt to flotte k\u00e5seri om kyrkja, fyrst eitt til innleiing i gudstenesta, sidan med bilete p\u00e5 Soknehuset. I kyrkja snakka han om bygningen vi d\u00e5 var i, i Soknehuset meir om samanhangen og om dei flotte Hylestadportalane.<\/p>\n<p>Elles var gudstenesta prega av mykje fin musikk. Kim Andr\u00e9 Rysstad song fine salmer fr\u00e5 galleriet, Tone \u00c5. Rysstad og Tora \u00c5kre Lund song fr\u00e5 koret med tonefylgje b\u00e5de fr\u00e5 orgelet og fr\u00e5 Anne Helle Hagen p\u00e5 fele. Det var flott \u00e5 h\u00f8yre song med noko av d\u00e5men fr\u00e5 tida d\u00e5 det ikkje var orgel i kyrkja.<\/p>\n<p>Fleire av dei som hadde helsingar kom inn p\u00e5 den flotte salmesangen i kyrkja, det var mest som taket lyfta seg. Ordf\u00f8rar Tarald Myrum meinte at songen i Valle kyrkje h\u00f8yrdest tammare ut, og det vart ei festgudsteneste med flott song fr\u00e5 kyrkjelyden, ikkje minst takka vere trompet fr\u00e5 Anders Ropstad saman med orgelet. Det lyfta songen til h\u00f8gder ein sjeldan h\u00f8yrer i kyrkja.<\/p>\n<p>Prost Gunnar Ellingsen tala fr\u00e5 preikestolen, sokneprest Terje Seilskj\u00e6r hadde liturgi f\u00f8r talen, og s\u00e5 delte dei p\u00e5 etter talen. Under ofringa var det lydarsl\u00e5tt etter Andres Hovet, spelt p\u00e5 fele av Daniel Sand\u00e9n-Warg, som og spelte ein lydarsl\u00e5tt sist i kyrkja, f\u00f8r utgangsprosesjonen til str\u00e5lande musikk av orgel og trompet.<\/p>\n<p>P\u00e5 kyrkjebakken gjekk praten om laust og fast f\u00f8r ferda gjekk til soknehuset. I gudstenesta fall det seg til og med slik at folk fr\u00e5 USA med r\u00f8ter i Brokke og Berg var p\u00e5 bes\u00f8k, dei vart med til middagen og fekk smake suppe og lefse, servert av Hylestad bygdekvinnelags dugande medlemer. Truleg vart dette ei s\u00e6rmerkt oppleving for langveisfarande oldebarn som dei vil hugse lenge.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 er festdagen for \u00e5 markere 175-\u00e5rsjubileet for Hylestad kyrkje over. Sj\u00f8lv var eg ikkje til Bj\u00f8rgum for \u00e5 markere sambandet mellom noverande kyrkje og gamlekyrkja der, men Bj\u00f8rgulv T. Berg, som sa nokre ord og la ned blomar, sa at det hadde vore overraskande mange til stades. D\u00e5 eg kom til kyrkja like over &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubileumsfest-med-saerpreg-18752279\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jubileumsfest med s\u00e6rpreg<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18752279","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18752279"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18752279"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18752279\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18752279"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18752279"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18752279"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}