{"id":18722570,"date":"2014-06-23T22:58:33","date_gmt":"2014-06-23T22:58:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/06\/jubileum-for-hylestad-kyrkje-18722570\/"},"modified":"2014-06-23T22:58:33","modified_gmt":"2014-06-23T22:58:33","slug":"jubileum-for-hylestad-kyrkje-18722570","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubileum-for-hylestad-kyrkje-18722570\/","title":{"rendered":"Jubileum for Hylestad kyrkje"},"content":{"rendered":"<p>Eit par \u00e5r f\u00f8r eg kom til Valle feira ein 150-\u00e5rsjubileum for Hylestad kyrkje. Det fall saman med innsettinga av Theis Salvesen som sokneprest. Han kom fr\u00e5 Ibestad i Troms, eg kom fr\u00e5 Hadsel i Nordland.<\/p>\n<p>Jubileet vart markert med eit jubileumsskrift, det har eg bladd i i dag. Eg har f\u00e5tt vore med i komiteen som har planlagt jubileet, du kunne sj\u00e5 ein annonse for festen komande sundag i Setesd\u00f8len fredag som var.<\/p>\n<p>I planlegginga har komiteen, som har best\u00e5tt av Siri Melhus, Sissel \u00c5kre, Leonhard Jansen, \u00c5se Holen og meg, etter kvart med hjelp fr\u00e5 Sissa Ringstad, kome til at vi ville markere noko av den rike folkemusikalske tradisjonen i Hylestad. Difor kunne du lese mange kjende namn i annonsen: Kim Andr\u00e9 Rysstad, Daniel Sand\u00e9n-Warg, Sigurd Brokke, Anne Helle Hagen, Tone \u00c5. Rysstad og Tora \u00c5kre Lund er vel dei som er mest kjende som folkemusikarar.<\/p>\n<p>Eg trur det vil bli ein fin dag, og det same tenkte sokner\u00e5dsleiar Astrid Nomeland, som var med meg i Valle Radio tysdag for ei veke sidan. Ho har opplevd at kyrkja har vore ein stad der ho kunne kome b\u00e5de i glede og i sorg, det er ei erfaring ho har med sv\u00e6rt mange som soknar til kyrkja. Om alle dei kom p\u00e5 festen sundag, ville det verte trongt om plassen, for mange er det som har vore innom kyrkja dei 175 \u00e5ra ho har st\u00e5tt p\u00e5 Rysstad.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv kom eg til Valle i 1991 som avdelingsleiar for kyrkjeseksjonen i kommunen, og Hylestad kyrkje vart sentral i mitt liv. Det same har sikkert prestane i Valle opplevd, sj\u00f8lv om det var annekskyrkja. Eg har skrive litt om nokre av dei i dag p\u00e5 Setesdalswiki. Nokre var lenge i tenesta, andre var kortare tid. Men det er fascinerande \u00e5 lese om dei som hadde teneste i kyrkjene i prestegjeldet. Her er lenker til dei som har f\u00e5tt nye artiklar p\u00e5 Setesdalswiki i dag:<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Peter_Blom<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Magnus_Falkenberg<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Lars_Christian_Arup<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eit par \u00e5r f\u00f8r eg kom til Valle feira ein 150-\u00e5rsjubileum for Hylestad kyrkje. Det fall saman med innsettinga av Theis Salvesen som sokneprest. Han kom fr\u00e5 Ibestad i Troms, eg kom fr\u00e5 Hadsel i Nordland. Jubileet vart markert med eit jubileumsskrift, det har eg bladd i i dag. Eg har f\u00e5tt vore med i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubileum-for-hylestad-kyrkje-18722570\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jubileum for Hylestad kyrkje<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18722570","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18722570"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18722570"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18722570\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18722570"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18722570"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18722570"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}