{"id":18715925,"date":"2014-06-22T09:53:18","date_gmt":"2014-06-22T09:53:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/06\/ddsvegen-e39-18715925\/"},"modified":"2014-06-22T09:53:18","modified_gmt":"2014-06-22T09:53:18","slug":"ddsvegen-e39-18715925","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ddsvegen-e39-18715925\/","title":{"rendered":"D\u00f8dsvegen E39"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r var vi p\u00e5 Varhaug. Syster mi, Solvor Rasmussen, er prestekone der, og ho feira 60-\u00e5rsdag saman med vener og familie p\u00e5 Varhaug misjonshus i g\u00e5r kveld. Det vart ein flott fest med mat prega av at ho og mannen har vore misjon\u00e6rfolk i Bangladesh. I tillegg er j\u00e6rbuen glad i kaker, s\u00e5 eit velfylt kakebord var og ein del av opplevinga. I tillegg er familien v\u00e5r glad i musikk og sang, s\u00e5 saman med talar og lysbilete-kavalkade fr\u00e5 livet, vart det ei flott oppleving.<\/p>\n<p>Medan trafikken var stor d\u00e5 vi ved halv-tretida p\u00e5 ettermiddagen la i veg vestover, var det temmeleg roleg p\u00e5 E39 d\u00e5 vi snudde nasen mot s\u00f8r ved 0030-tida. Om alt hadde g\u00e5tt som planlagt, kunne vi nyte \u00e5rets lysaste natt i eiga seng fr\u00e5 om lag klokka 03.<\/p>\n<p>Men slik gjekk det ikkje. Etter ein nydeleg tur s\u00f8rover opplevde vi bl\u00e5lys bak oss d\u00e5 vi kom til Lenesfjorden, s\u00e5 vi svinga av p\u00e5 rasteplassen nede ved fjorden og let ambulanse og politibilar kome forbi oss. Like f\u00f8r hadde vi sagt til kvarandre at om alt gjekk etter planen, burde vi n\u00e5 att den trailaren vi s\u00e5g framom oss og s\u00e5 kunne kj\u00f8re forbi den opp Osestadbakkane. Men like etter at det var blitt to felt i vegen, var det bare \u00e5 stoppe. Politbilar stod der med blinkande bl\u00e5lys, og etter at ein av politifolka hadde vore framme, kom han tilbake og sa at vi m\u00e5tte snu, det hadde vore d\u00f8dsulukke i bakken.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det bare \u00e5 vende nasen mot Lyngdal att. -De m\u00e5 kj\u00f8re om Spangereid, sa han. Men eg valde \u00e5 kj\u00f8re om Kv\u00e5s, s\u00e5 over heia til Konsmo og tilbake til Vigeland. Der stod politiet i rundkj\u00f8ringa med fyrlykta og stoppa trafikken og sende han via Spangereid. Den omvegen tok ein time via Kv\u00e5s, men  vi m\u00f8tte knapt nokon bilar over heia, s\u00e5 dei som var p\u00e5 veg vestover, hadde nok h\u00f8yrt p\u00e5 politiet og lagt vegen p\u00e5 s\u00f8rsida.<\/p>\n<p>S\u00e5 i staden for \u00e5 kome heim mellom klokka halv tre og tre, vart ho halv fire f\u00f8r vi parkerte i Tregdeveien. Etter litt leiting p\u00e5 nettet fann vi meldinga fr\u00e5 politiet p\u00e5 Twitter som sa at vegen vart opna for manuell dirigering ved fire-tida, og f\u00f8rst i dag tidleg var vegen rydda og trafikken kunne g\u00e5 som normalt.<\/p>\n<p>P\u00e5 veg tilbake mot Lyngdal, kom eg til \u00e5 tenke p\u00e5 alle dei gongene eg h\u00f8yrer NRK seie at om vi har noko \u00e5 melde fr\u00e5 trafikken, m\u00e5 vi ringe 800, fem ganger 9. S\u00e5 eg slo nummeret p\u00e5 telefonen og kom til ein automatisk telefonsvarar som sa at dei ikkje hadde h\u00f8ve til \u00e5 ta telefonen n\u00e5, men eg kunne legge igjen ei melding. S\u00e5 gjorde eg det, og tenkte kanskje at dei kunne seie til andre trafikantar at dei ikkje trong \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 kj\u00f8re E39 mellom Lyngdal og Vigeland. Men p\u00e5 radioen var det taust. Heller ikkje klokka tre kom det noko om ulukka i nyhetene. Derimot var det noko om eit leirras i Tr\u00f8ndelag. F\u00f8rst klokka fire kom meldinga om d\u00f8dsulukka i Lyngdal, d\u00e5 synte det seg vel at leirraset i Tr\u00f8ndelag knapt hadde vore verd \u00e5 melde om.<\/p>\n<p>L\u00e6rdommen min av dette er at NRK trafikkradio ikkje er operativ om natta, knapt nok i helga. Kvifor dei d\u00e5 prentar inn i oss at vi m\u00e5 ringe dei n\u00e5r vi har noko \u00e5 melde fr\u00e5 trafikken, det veit dei nok bare sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 treng vi ny fire felts E39 f\u00e5r Kristiansand til Stavanger s\u00e5 fort som r\u00e5d, vi har ikkje r\u00e5d til \u00e5 ha fleire d\u00f8dsulukker p\u00e5 denne vegen. Denne gonge var det ein 22-\u00e5ring, truleg fr\u00e5 Lindesnes som mista livet, i alle fall var bilen registrert p\u00e5 ein eigar fr\u00e5 den kommunen.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha kj\u00f8rt mykje i mange \u00e5r, er det f\u00f8rste gongen eg har kome s\u00e5 n\u00e6r ei d\u00f8dsulukke, vi var truleg bare fem-seks bilar bak ulukkesbilen. Men kvar d\u00f8dsulukke er ei for mykje.<\/p>\n<p>I dag skreiv avisa Lindesnes om ulukka:<br \/>\nhttp:\/\/www.l-a.no\/nyheter\/Mann-omkom-i-trafikkulykke-pa-E39-i-natt-182791.html#.U6aqEvl_sZx<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r var vi p\u00e5 Varhaug. Syster mi, Solvor Rasmussen, er prestekone der, og ho feira 60-\u00e5rsdag saman med vener og familie p\u00e5 Varhaug misjonshus i g\u00e5r kveld. Det vart ein flott fest med mat prega av at ho og mannen har vore misjon\u00e6rfolk i Bangladesh. I tillegg er j\u00e6rbuen glad i kaker, s\u00e5 eit &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ddsvegen-e39-18715925\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">D\u00f8dsvegen E39<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18715925","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18715925"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18715925"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18715925\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18715925"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18715925"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18715925"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}