{"id":18686899,"date":"2014-06-17T20:51:11","date_gmt":"2014-06-17T20:51:11","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/06\/historisk-18686899\/"},"modified":"2014-06-17T20:51:11","modified_gmt":"2014-06-17T20:51:11","slug":"historisk-18686899","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/historisk-18686899\/","title":{"rendered":"Historisk"},"content":{"rendered":"<p>Eg veit ikkje om det er f\u00f8rste gong i Norge, men det var i alle fall f\u00f8rste gong i Valle Radio at vi sendte andakt p\u00e5 eit anna spr\u00e5k enn norsk, s\u00e5 langt eg veit.<\/p>\n<p>Tysdagskveldane har vi jo hatt Over ein open Bibel i alle \u00e5r, og onsdagskveldane har vi hatt Tankar fr\u00e5 Bibelen. Men andakt p\u00e5 burmesisk, det var noko nytt. F\u00f8r den gjekk p\u00e5 lufta, var det litt diskusjon om vi skulle ha den p\u00e5 burmesisk eller karen, dei fleste fr\u00e5 Burma i Setesdal er jo karenarar. Men fordi vi og har chin-folk her, meinte eg at vi burde nytte burmesisk, sj\u00f8lv om nokre av karenarane ikkje er s\u00e5 flinke i det spr\u00e5ket. I Burma er det over 130 ulik spr\u00e5k, s\u00e5 vi kan knapt forestille oss korleis det m\u00e5 vere, her som vi vel eigentleg tradisjonelt bare har hatt samisk som minoritetsspr\u00e5k.<\/p>\n<p>Med i studio kom tre av burmesarane som bur i Valle. Ein av dei er chin, s\u00e5 om andakten skulle vere p\u00e5 karen, ville han ikkje skj\u00f8ne det som vart sagt.<\/p>\n<p>F\u00f8r andakten starta, hadde eg eit intervju med Eh Ka Mwee Sein, pastoren for Setesdal baptistmenighet. Han hadde budd 22 \u00e5r i flyktningeleiren Opium i Thailand f\u00f8r han kom til Bykle. I leiren, der det budde 16.000, hadde han f\u00e5tt si teologiske utdanning. I tillegg hadde han studert ved hjelp av fjernundervisning fr\u00e5 New Zealand og fr\u00e5 USA. D\u00e5 kyrkjelyden vart etablert i 2009, vart han pastor, godkjend av Det norske baptistsamfunn. D\u00e5v\u00e6rande generalsekret\u00e6r Magnar M\u00e6land var i si tid gjest i Valle Radio d\u00e5 han var p\u00e5 vitjing her.<\/p>\n<p>S\u00e5 heldt han andakt p\u00e5 burmesisk over Jeremia 29,11:  <em>For jeg vet hvilke tanker jeg har med dere, sier Herren, fredstanker og ikke ulykkestanker. Jeg vil gi dere fremtid og h\u00e5p.<\/em> P\u00e5 f\u00f8rehand hadde han sagt at det ville ta minst 15 minutt, og det gjorde det. Ein sang p\u00e5 burmesisk f\u00f8r og p\u00e5 karen etter fullf\u00f8rte programmet. Etterp\u00e5 spurde eg dei tre som h\u00f8yrde p\u00e5 i studio om kva dei meinte med \u00e5 ha eit slikt innslag i Valle Radio. Dei var takksame og positive, det var flott \u00e5 f\u00e5 h\u00f8yre andakt p\u00e5 eit spr\u00e5k som er n\u00e6rare enn norsk, som dei strevar med \u00e5 l\u00e6re.<\/p>\n<p>S\u00e5 kan hende vert det nye program til hausten om det legg seg til rette. Om vi d\u00e5 skal ha p\u00e5 karen eller burmesisk, f\u00e5r vi finne ut etter kvart.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg veit ikkje om det er f\u00f8rste gong i Norge, men det var i alle fall f\u00f8rste gong i Valle Radio at vi sendte andakt p\u00e5 eit anna spr\u00e5k enn norsk, s\u00e5 langt eg veit. Tysdagskveldane har vi jo hatt Over ein open Bibel i alle \u00e5r, og onsdagskveldane har vi hatt Tankar fr\u00e5 Bibelen. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/historisk-18686899\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Historisk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18686899","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18686899"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18686899"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18686899\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18686899"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18686899"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18686899"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}