{"id":1866320,"date":"2007-03-07T23:42:13","date_gmt":"2007-03-07T23:42:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/03\/ein_artig_radiokveld1866320\/"},"modified":"2007-03-07T23:42:13","modified_gmt":"2007-03-07T23:42:13","slug":"ein_artig_radiokveld1866320","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein_artig_radiokveld1866320\/","title":{"rendered":"Ein artig radiokveld"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag 7. mars vart ein artig radiokveld med eit sv\u00e6rt variert program.<br \/>\n**L\u00f8nsamt sauehald**<br \/>\nDet starta med Torleiv Jore som var i studio og snakka med Bj\u00f8rgulv om l\u00f8nsamt sauehald. Bakgrunnen var at det var \u00e5rsm\u00f8te i sauelaget, og Torleiv meinte at det m\u00e5 eit krafttak til for \u00e5 f\u00e5 opp l\u00f8nsemda, ikke fyrst og framst for kj\u00f8tproduksjon, men for \u00e5 hindre at kulturlandskapet gror att.<br \/>\n**Regionr\u00e5det m\u00f8ter Agderbenken**<br \/>\nEin telefon til Steinar Kyrvestad som kunne fortelje at i morgon tidleg skal Setesdal Regionr\u00e5d ha m\u00f8te med Agderbenken. Hovudsak er finansiering av Riksveg 9, som treng meir pengar for at ein skal kunne starte p\u00e5 parsellen Tveit-Langeid n\u00e5r ein er ferdig med Ose-Tveit.<br \/>\n**Sesil\u00e5mi**<br \/>\nTarald Myrum fortalde p\u00e5 telefonen om arbeidet med \u00e5 fornye Sesil\u00e5mi. I fjor var det rekordtal n\u00e5r det gjeld p\u00e5melde, i \u00e5r har det vore lite sn\u00f8 vestanfor, noko som f\u00f8rer til at talet p\u00e5 p\u00e5melde g\u00e5r ned. Men ein har f\u00e5tt kj\u00f8re opp grunntrase to veker f\u00f8r rennet, og det vil hjelpe for dei som vil f\u00f8rebu seg betre. I \u00e5r vert administrasjonen flytt opp p\u00e5 Furest\u00f8yl, det er eit steg i rett retning.<br \/>\n**Ny entrepren\u00f8r for br\u00f8yting og vedlikehald**<br \/>\nSigurd Wiberg i Vegvesenet fortalde om kva det f\u00f8rer med seg n\u00e5r Risa f\u00e5r vedlikehald p\u00e5 vegen i Setesdal og Mesta m\u00e5 finne anna \u00e5 gjere. Dei vil delta som entrepren\u00f8r i dalen sj\u00f8lv om dei ikkje vann anbodet p\u00e5 vegen, og folk vil nok f\u00e5 andre oppg\u00e5ver.<br \/>\n**Konsertar**<br \/>\nTeknikar Inga Flateland fortalde om ein artig konsert med Fliflet\/Hamre i Bykle i g\u00e5r kveld, der det diverre ikkje var meir enn 14 til stades. S\u00e5 minna Bj\u00f8rgulv om konserten p\u00e5 Nomeland Bedehus fredag 9. mars kl. 19 med \u00c5shild Rosland Hvass og d\u00f8trene hennar, f\u00f8r dei snakka om konserten neste torsdag med folk fr\u00e5 Bit for Bit.<\/p>\n<p>**Kommunen informerer**<br \/>\nProgrammet vart erstatta av Gamle svisker med \u00c5nund K, d\u00e5 det ikkje kom nokon fr\u00e5 kommunen i kveld.<\/p>\n<p>**Pilegrim**<br \/>\nEtter Tankar fr\u00e5 Bibelen vart det ein interessant samtale med Birte L\u00f8v\u00e5sen, som er tilsett i Bykle for \u00e5 f\u00f8rebu pilegrimsvandring fr\u00e5 Breive til R\u00f8ldal. Det skal vere fire turar til sommaren, kvar tur p\u00e5 fire dagar, og med plass til 40 deltakarar. Det var interessant \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5, f\u00f8r Ann Christin Jacob hadde ein halv time med musikk.<\/p>\n<p>**Opi sending**<br \/>\nHer hadde Harald Haugland steppa inn for Rolf Erik Homme, som hadde influensaforfall. Eg hadde laga rebusar med utgangspunkt i norske musikarar, og s\u00e5 spelte vi ein melodi av den aktuelle artisten. Hundre telefonar gav telefonvaktene Bj\u00f8rg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad nok \u00e5 gjere, og lokale lyttarar s\u00e5 vel som folk fr\u00e5 Arendal, Oslo og Nederland kom gjennom og prata i sendinga i kveld.<\/p>\n<p>Premiane gjekk til<br \/>\nRyggsekk &#8211; Lisbeth D. Homme, Valle<br \/>\nKrus &#8211; Hans Olav Lauvstad, Rysstad<br \/>\nLoddebolt &#8211; Roy Jahnsen, Oslo<br \/>\nPilleeske med alarm &#8211; Siri Johannessen, Nederland<br \/>\nKlokke med radio &#8211; Annbj\u00f8rg Trydal Jahnsen, Rysstad<br \/>\nOsteknivar &#8211; Torhild Lunden, Valle<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag 7. mars vart ein artig radiokveld med eit sv\u00e6rt variert program. **L\u00f8nsamt sauehald** Det starta med Torleiv Jore som var i studio og snakka med Bj\u00f8rgulv om l\u00f8nsamt sauehald. Bakgrunnen var at det var \u00e5rsm\u00f8te i sauelaget, og Torleiv meinte at det m\u00e5 eit krafttak til for \u00e5 f\u00e5 opp l\u00f8nsemda, ikke fyrst og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein_artig_radiokveld1866320\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ein artig radiokveld<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[49],"class_list":["post-1866320","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-open-sending"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1866320"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1866320"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1866320\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1866320"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1866320"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1866320"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}