{"id":18621079,"date":"2014-06-08T22:08:53","date_gmt":"2014-06-08T22:08:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/06\/pinsetid-18621079\/"},"modified":"2014-06-08T22:08:53","modified_gmt":"2014-06-08T22:08:53","slug":"pinsetid-18621079","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pinsetid-18621079\/","title":{"rendered":"Pinsetid"},"content":{"rendered":"<p>I dag p\u00e5 f\u00f8rste pinsedag s\u00e5g eg gudsteneste fr\u00e5 Sverige p\u00e5 TV. Den skal eg kome tilbake til. For eg kom og til \u00e5 sj\u00e5 eit innslag p\u00e5 Dagsrevyen der reportarar hadde vore ute og spurt folk p\u00e5 gata om dei visste kvifor vi feira pinse. Det synte seg at sv\u00e6rt f\u00e5 visste det, men ein 12-\u00e5ring kunne seie at det var h\u00f8gtida 10 dagar etter Kristi Himmelfartsdag. Han var ein av dei f\u00e5 som kunne noko konkret av dei som vart spurde i den unders\u00f8kinga.<\/p>\n<p>Vi som er litt meir opplyste, veit at pinsa ofte vert omtalt som kyrkja sin f\u00f8dselsdag, det var d\u00e5 det heile starta som i dag syner seg i kyrkjelyder over heile verda. Rett nok med noko ulike fargar i truvedkjenning og form, men likevel eitt i Kristus gjennom Den Heilage Ande.<\/p>\n<p>Presten som talte i kyrkja i Norrk\u00f6ping, skildra pinseunderet p\u00e5 ein m\u00e5te som var ny for meg. Sj\u00f8lve underet der disiplane talte p\u00e5 ein m\u00e5te som gjorde at folk fr\u00e5 mange land forstod det dei sa, det er eit under som knapt har sin like, ikkje eingong tungetale kan m\u00e5le seg med noko slikt.<\/p>\n<p>Men presten synte korleis vi og i dag har mange spr\u00e5k innan spr\u00e5ket og korleis det ofte kan vere vanskeleg \u00e5 skj\u00f8ne fagspr\u00e5k sj\u00f8lv for folk som har felles spr\u00e5k. Det var det ikkje vanskeleg \u00e5 vere samd i. Som l\u00e6rar i norsk som andrespr\u00e5k ser eg korleis elevane mine nok kan ha og forst\u00e5 eit daglegspr\u00e5k i norsk, men om dei skal skildre til d\u00f8mes religi\u00f8se erfaringar, kan dei i liten grad nytte spr\u00e5ket eg l\u00e6rer dei, det er ikkje ein del av daglegspr\u00e5ket. N\u00e5r vi har spr\u00e5ktest 2 og 3 og Bergenstesten, er kvar av testane eit utvida spr\u00e5k der ein skal bruke spr\u00e5ket p\u00e5 ein rikare m\u00e5te.<\/p>\n<p>I s\u00e5 m\u00e5te er det eit pinseunder kvar dag n\u00e5r ein pr\u00f8ver \u00e5 forst\u00e5 eit nytt spr\u00e5k med alle dei val\u00f8rar og konnotasjonar som spr\u00e5ket har. Ja til og med eige morsm\u00e5l er eit pinseunder, at vi menneske kan kommunisere med avansert spr\u00e5k, til d\u00f8mes abstrakt spr\u00e5k, seier forskarane er den viktigste skilnaden fr\u00e5 dyra.<\/p>\n<p>Du opplever alts\u00e5 eit pinseunder kvar einaste dag. Gled deg. God pinse.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag p\u00e5 f\u00f8rste pinsedag s\u00e5g eg gudsteneste fr\u00e5 Sverige p\u00e5 TV. Den skal eg kome tilbake til. For eg kom og til \u00e5 sj\u00e5 eit innslag p\u00e5 Dagsrevyen der reportarar hadde vore ute og spurt folk p\u00e5 gata om dei visste kvifor vi feira pinse. Det synte seg at sv\u00e6rt f\u00e5 visste det, men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pinsetid-18621079\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Pinsetid<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18621079","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18621079"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18621079"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18621079\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18621079"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18621079"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18621079"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}