{"id":18516964,"date":"2014-05-22T22:59:53","date_gmt":"2014-05-22T22:59:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/05\/meir-om-baerekraftig-reiseliv-18516964\/"},"modified":"2014-05-22T22:59:53","modified_gmt":"2014-05-22T22:59:53","slug":"meir-om-baerekraftig-reiseliv-18516964","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-baerekraftig-reiseliv-18516964\/","title":{"rendered":"Meir om b\u00e6rekraftig reiseliv"},"content":{"rendered":"<p>M\u00e5ndag 12. mai skreiv eg om dette: http:\/\/valleradio.blogs.no\/2014\/05\/12\/baerekraftig-reiseliv-18431136\/<\/p>\n<p>I Haralds time i g\u00e5r hadde eg ein prat med Anne Dorte Carlson, som er rettleiar i prosessen for at Setesdal skal kunne ta merket for b\u00e6rekraftig reiseliv. Ho har hatt m\u00f8te med interesserte fr\u00e5 n\u00e6ringslivet i alle fire kommunane. Der har prosjektleiar Erik Berglihn f\u00e5tt mange innspel til \u00e5 bruke i arbeidet og i l\u00f8pet av sommaren skal f\u00f8rste fase i arbeidet vere ferdig.<\/p>\n<p>Prosjektet er forankra i Setesdal Regionr\u00e5d, kunne ho fortelje. Det skal vere ferdig om eit \u00e5r eller to, men i grunnen er det aldri ferdig, b\u00e6rekraftig reiseliv er ein prosess som skal hjelpe regionen til \u00e5 oppn\u00e5 m\u00e5l som er viktige i framtida, og turistar fr\u00e5 kontinentet sp\u00f8r etter eit slikt merke. Det er kvalitet i h\u00f8ve til det folk vil ha n\u00e5r dei dreg p\u00e5 ferie fr\u00e5 store byar og d\u00e5rleg luft og vatn.<\/p>\n<p>Vi tek det som s\u00e5 sj\u00f8lvsagt at vi skal ha god plass i naturen, reint vatn og frisk luft. Arbeidet med dette merket for b\u00e6rekraftig reiseliv er det nokre kommunar som har kome i gang med, mellom anna Trysil, der Anne Dorte no bur. Ho leia prosessen der og, i tillegg har R\u00f8ros, Vega og L\u00e6rdal teke merket. Men Setesdal er f\u00f8rste regionen som arbeider med dette, der fire kommunar er involverte.<\/p>\n<p>Milj\u00f8fyrt\u00e5rn er eit merke som mange bedrifter skaffar seg, det er s\u00e6rleg mindre bedrifter som dette merket h\u00f8ver for. Det er eit signal om at bedriften arbeider p\u00e5 ein b\u00e6rekraftig m\u00e5te og har orden n\u00e5r det gjeld s\u00f8ppel og forbruk. P\u00e5 same m\u00e5ten kan regionen f\u00e5 eit merke for b\u00e6rekraftig reiseliv for \u00e5 syne at ein er medviten p\u00e5 dette omr\u00e5det.<\/p>\n<p>Eg \u00f8nskjer Anne Dorte Carlson og dei andre som st\u00e5r i spissen for arbeidet lukke til med prosess og resultat.<\/p>\n<p>Setesdalswiki har artikkel om Anne Dorte Carlson: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Anne_Dorte_Carlson<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>M\u00e5ndag 12. mai skreiv eg om dette: http:\/\/valleradio.blogs.no\/2014\/05\/12\/baerekraftig-reiseliv-18431136\/ I Haralds time i g\u00e5r hadde eg ein prat med Anne Dorte Carlson, som er rettleiar i prosessen for at Setesdal skal kunne ta merket for b\u00e6rekraftig reiseliv. Ho har hatt m\u00f8te med interesserte fr\u00e5 n\u00e6ringslivet i alle fire kommunane. Der har prosjektleiar Erik Berglihn f\u00e5tt mange &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-baerekraftig-reiseliv-18516964\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om b\u00e6rekraftig reiseliv<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18516964","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18516964"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18516964"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18516964\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18516964"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18516964"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18516964"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}