{"id":18505933,"date":"2014-05-21T22:28:22","date_gmt":"2014-05-21T22:28:22","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/05\/om-temamte-og-kommuneplan-18505933\/"},"modified":"2014-05-21T22:28:22","modified_gmt":"2014-05-21T22:28:22","slug":"om-temamte-og-kommuneplan-18505933","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-temamte-og-kommuneplan-18505933\/","title":{"rendered":"Om temam\u00f8te og kommuneplan"},"content":{"rendered":"<p>I kveld var Frode Buen i Valle Radio i Kommunen informerer. Det var tredje gongen i v\u00e5r, han hadde trudd han var ferdig for sesongen, men s\u00e5 fekk han melding fr\u00e5 meg om at han stod p\u00e5 lista no igjen, og det var han glad for, elles hadde han ikkje kome.<\/p>\n<p>I tillegg til \u00e5 fortelje at det er r\u00e5d for ettern\u00f8larar \u00e5 s\u00f8kje plass i kulturskulen fram til fredag, det gjeld plassar fr\u00e5 hausten, s\u00e5 fortalde han om eit temam\u00f8te som skal vere i kommunestyresalen i Valle m\u00e5ndag:<\/p>\n<p><strong>Folkem\u00f8te om bustad- og sentrumsutvikling<\/strong><br \/>\nInspirasjonsforedraget p\u00e5 dette m\u00f8tet er ved landskapsarkitekt Espen Evensen Reinfjord, Asplan Viak, og prosjektleiar for stadutvikling Aust-Agder fylkeskommune, Kari Huvestad.<\/p>\n<p>Arrang\u00f8r: Valle kommune<br \/>\nStad: Kommunstyresalen<br \/>\nTid: m\u00e5ndag 26. mai 18:00<\/p>\n<p>Det var eit tilsvarande m\u00f8te p\u00e5  Rysstad 7. mai. Det handla om n\u00e6ring, og d\u00e5 kom det 34 personar. Den viktigaste saka dei tok opp, var sp\u00f8rsm\u00e5let om veg vestover. Ein heil\u00e5rsveg vestover vil gje mange fordeler for n\u00e6ringslivet i Setesdal. Frode fortalde at vegen var kalkulert til om lag 400  millionar p\u00e5 1990-talet, i dag vil han nok koste ein milliard n\u00e5r ein skal til \u00e5 lage tunnellar gjennom fjellet for ikkje \u00e5 kome i konflikt med reinsdyrtrekka.<\/p>\n<p>Frode vona at mange kom p\u00e5 m\u00f8tet komande m\u00e5ndag og d\u00e5 kunne seie si meining om temaet. Dette skal bli ein del av samfunnsdelen av kommuneplanen dei no arbeider med. 3. pinsedag blir det s\u00e5 eit nytt m\u00f8te, denne gongen om geografi, og det er juridisk bindande, det er d\u00e5 ein seier kva ein vil nytte arealet i kommunen til.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld var Frode Buen i Valle Radio i Kommunen informerer. Det var tredje gongen i v\u00e5r, han hadde trudd han var ferdig for sesongen, men s\u00e5 fekk han melding fr\u00e5 meg om at han stod p\u00e5 lista no igjen, og det var han glad for, elles hadde han ikkje kome. I tillegg til \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-temamte-og-kommuneplan-18505933\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Om temam\u00f8te og kommuneplan<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18505933","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18505933"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18505933"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18505933\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18505933"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18505933"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18505933"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}