{"id":18435617,"date":"2014-05-13T22:57:43","date_gmt":"2014-05-13T22:57:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/05\/ein-epoke-er-over-18435617\/"},"modified":"2014-05-13T22:57:43","modified_gmt":"2014-05-13T22:57:43","slug":"ein-epoke-er-over-18435617","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-epoke-er-over-18435617\/","title":{"rendered":"Ein epoke er over"},"content":{"rendered":"<p>I kveld f\u00f8ler eg det som om ein epoke er over. Grunnen til at eg m\u00e5tte avlyse tysdagssendinga i Valle Radio i dag, var at vi i dag tidleg reiste fr\u00e5 Mandal til Stavanger for \u00e5 ta farvel med mor. Ho kom p\u00e5 sjukehus laurdag kveld, og d\u00e5 skj\u00f8na vi at det nok ikkje var s\u00e5 lenge att. Men i l\u00f8pet av helga vart ho betre etter eit kraftig hjarteinfarkt, og dermed reiste eg til Valle sundagskvelden. Legane sette henne p\u00e5 ei viss behandling, sj\u00f8lv om ho var over 96 \u00e5r. P\u00e5 veg til Valle sundagskvelden fekk eg melding om at det nok ikkje var s\u00e5 lyst som eg hadde trudd, men eg venta til m\u00e5ndag middag f\u00f8r eg reiste heim att til Mandal med plan om \u00e5 dra til Stavanger tysdag morgon.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 vi var p\u00e5 veg mot Stavanger, kom det melding om at familien burde kome til sjukehuset snarast r\u00e5d om vi hadde h\u00f8ve til det. Halv eitt kom vi s\u00e5 dit, d\u00e5 sat ein sjukepleiar og heldt mor i handa, og det var tydeleg at det var alvorleg. Men vi sa til henne at vi var komne og tok over plassen ved sjukesenga saman med s\u00f8ster mi, Solvor. S\u00e5 sat vi der, mor streva med pusten, men vi fekk nokre ord saman. Bror min, Hermund, kom og dit, medan to andre s\u00f8sken, som hadde vore hos henne m\u00e5ndag, ikkje kunne kome. Etter kvart fekk ho fleire pustestopp, og klokka kvart p\u00e5 to slutta ho heilt \u00e5 puste. Eit langt liv var over, no  er eg den eldste i familien v\u00e5r.<\/p>\n<p>Mor fekk bu heime heilt til slutt. Ho fekk noko hjelp fr\u00e5 heimesjukepleie den siste tida, men ho ville helst bu heime, og slik vart det. Heimen hennar p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd var samlingsstaden v\u00e5r, no st\u00e5r han tom.<\/p>\n<p>Etter at ho var d\u00f8d, var det naturleg for alle oss fem s\u00f8sken med ektefellar \u00e5 m\u00f8tast saman i stova heime og snakke om det som kjem. Det vart ein lang og god samtale der vi planla gravferda saman med representanten fr\u00e5 gravferdsbyr\u00e5et. D\u00e5 kom mange minner fram, gode minner som vi kunne dele saman midt i sorga. Vi formulerte d\u00f8dsannonse og tok til \u00e5 planlegge sj\u00f8lve seremonien i kyrkja. D\u00e5 far d\u00f8ydde i 2005, hadde vi solistar til \u00e5 vere med utanom familien, denne gongen vil vi pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 nokon av mors etterkomarar til \u00e5 vere med og prege gravferda. Vi fann fram sangar ho hadde vore glad i og kom etter kvart fram til dei som vi skulle bruke i gravferda.<\/p>\n<p>Det er mange ting \u00e5 hugse p\u00e5 i ein slik situasjon, men etter kvart trur eg vi kom i m\u00e5l med det som det var r\u00e5d \u00e5 gjere ferdig denne f\u00f8rste dagen. S\u00e5 g\u00e5r det ei veke, og neste tysdag, 20. mai, er det gravferd. Dermed vert det ikkje sending i Valle Radio neste tysdag heller.<\/p>\n<p>Mor var ei b\u00f8nekvinne. Kvar kveld ba ho for barn, svigerbarn, barnebarn med ektefeller og oldebarn. Ho nemnde oss ved namn, og ho hadde fleire andre og som ho hugsa p\u00e5 der i Kyrkjeveien p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd. Men no er ein epoke over. Vi lyser fred over minnet om Gurina Haugland.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld f\u00f8ler eg det som om ein epoke er over. Grunnen til at eg m\u00e5tte avlyse tysdagssendinga i Valle Radio i dag, var at vi i dag tidleg reiste fr\u00e5 Mandal til Stavanger for \u00e5 ta farvel med mor. Ho kom p\u00e5 sjukehus laurdag kveld, og d\u00e5 skj\u00f8na vi at det nok ikkje var &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-epoke-er-over-18435617\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ein epoke er over<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18435617","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18435617"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18435617"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18435617\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18435617"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18435617"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18435617"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}