{"id":18311556,"date":"2014-04-25T22:50:23","date_gmt":"2014-04-25T22:50:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/04\/setesdalskonferansen-i-media-18311556\/"},"modified":"2014-04-25T22:50:23","modified_gmt":"2014-04-25T22:50:23","slug":"setesdalskonferansen-i-media-18311556","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalskonferansen-i-media-18311556\/","title":{"rendered":"Setesdalskonferansen i media"},"content":{"rendered":"<p>Medan vi i fjor sukka over at media i s\u00e5 liten grad var interessert i \u00e5 skrive fr\u00e5 Setesdalskonferansen, kunne vi i \u00e5r glede oss over at Svein Sundsdal fr\u00e5 NRK S\u00f8rlandet var til stades heilt fr\u00e5 starten og eit godt stykke ut p\u00e5 dagen onsdag. Setesd\u00f8len var s\u00e5 vidt innom i fjor etter det eg hugsar, i \u00e5r var Ole Birger Lien til stades fr\u00e5 klokka 11 til klokka 17.15. Men F\u00e6drelandsvennen og Agderposten trur eg ikkje prioriterte dette store arrangementet i indre Agder.<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld Setesd\u00f8len trur eg at ein grunn til at dei kunne vere til stades onsdag var at konferansen nettopp starta onsdag. Torsdag er redaksjonen der oppteken med innspurten av fredagsavisa. Konferansen har starta torsdag og slutta fredag i alle dei fem \u00e5ra eg har vore med. F\u00f8r har ein tenkt at konferansen skal g\u00e5 fram mot helga, men truleg er det minst like godt \u00e5 ha han meir midt i veka, b\u00e5de med omsyn til mediedekning og kan hende ogs\u00e5 for deltaking.<\/p>\n<p>Eg har ikkje oversikt over alt som har vore skrive og synt fr\u00e5 Setesdalskonferansen i lokale og regionale media. Men tildelinga av Setesdalsprisen til Setesdal Bilruter fekk oppslag hos NRK http:\/\/www.nrk.no\/sorlandet\/fikk-setesdalsprisen-1.11680750 og var hovudoppslag i Setesd\u00f8len. I NRK kom meldinga for \u00f8vrig klokka 20.08, d\u00e5 hadde vi akkurat sett oss til bords, og det var vel mest ein time att til Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund las opp juryens vurdering. Den kan du lese her p\u00e5 bloggen i g\u00e5rsdagens post.<\/p>\n<p>NRK hadde og eit oppslag om at Fiat er st\u00f8rste kunde til Nor Dan b\u00e5tbyggeri. http:\/\/www.nrk.no\/sorlandet\/fiat-er-storste-kunde-1.11680157 Dei hadde og eit intervju med Erik Berglihn med tema Setesd\u00f8lane m\u00e5 snakke kvarandre opp: http:\/\/radio.nrk.no\/serie\/distriktsprogram-soerlandet\/dksl02008114\/23-04-2014#t=2h8m27s Konferansen har og vore omtalt i fleire sendingar p\u00e5 Valle Radio, mellom anna hadde eg ein samtale med Terje Greibesland der han fortalde kvifor han prioriterte Setesdalskonferansen i ei sv\u00e6rt travel tid. Ogs\u00e5 Vidar Homme sa noko om det d\u00e5 han var i Valle Radio og snakka om \u00e5ret som gjekk i Valle Sparebank.<\/p>\n<p>I tillegg til dette har Setesdalskonferansen hatt ei gruppe p\u00e5 Facebook. Den har eg hatt ansvar for: https:\/\/www.facebook.com\/groups\/687290014669877\/ Eg laga gruppa p\u00e5 f\u00f8rehand og melde p\u00e5 folk som eg rekna med skulle p\u00e5 konferansen. Tanken var at dei skulle f\u00e5 informasjon b\u00e5de f\u00f8r, under og etter konferansen. Det var ei gruppe som var open, folk kunne melde seg p\u00e5 og f\u00e5 informasjon. Til no har gruppa 27 medlemmer, ettersom konferansen er over, er det lite truleg at ho kjem til \u00e5 f\u00e5 s\u00e5 mange fleire medlemmer. Eg har lagt ut ein del informasjon der og f\u00e5tt nokre kommentarar og ein del likes, men det ser ikkje ut til at folk enno nyttar sosiale medier s\u00e5 mykje.<\/p>\n<p>I l\u00f8pet av konferansen twitra eg litt med hashtag Setesdalskonferansen. Det f\u00f8rte til at foredragshaldar St\u00e5le Lindblad fann konferansen f\u00f8r han kom til Revsnes, og han twitra og litt i samband med konferansen. Han har 2419 f\u00f8lgere som dermed i prinsippet kunne lese om konferansen. Sj\u00f8lv har eg 90 f\u00f8lgere som i prinsippet kunne lese det eg skreiv om Setesdalskonferansen.<\/p>\n<p>Kom gjerne med kommentarar om du har noko \u00e5 legge til n\u00e5r det gjeld Setesdalskonferansen i media.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Medan vi i fjor sukka over at media i s\u00e5 liten grad var interessert i \u00e5 skrive fr\u00e5 Setesdalskonferansen, kunne vi i \u00e5r glede oss over at Svein Sundsdal fr\u00e5 NRK S\u00f8rlandet var til stades heilt fr\u00e5 starten og eit godt stykke ut p\u00e5 dagen onsdag. Setesd\u00f8len var s\u00e5 vidt innom i fjor etter det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalskonferansen-i-media-18311556\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesdalskonferansen i media<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18311556","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18311556"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18311556"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18311556\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18311556"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18311556"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18311556"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}