{"id":18292114,"date":"2014-04-23T21:34:02","date_gmt":"2014-04-23T21:34:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/04\/inspirasjon-og-ettertanke-18292114\/"},"modified":"2014-04-23T21:34:02","modified_gmt":"2014-04-23T21:34:02","slug":"inspirasjon-og-ettertanke-18292114","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/inspirasjon-og-ettertanke-18292114\/","title":{"rendered":"Inspirasjon og ettertanke"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 er f\u00f8rste dagen av \u00e5rets Setesdalskonferanse over. Det vart ein dag til inspirasjon og ettertanke. Konferansen starta med at Kjell O. Johannessen, som har vore leiar for NODE-samarbeidet mellom oljerelaterte bedrifter p\u00e5 S\u00f8rlandet, stilte sp\u00f8rsm\u00e5l om klynge-samarbeid kunne vere noko for Setesdal. Det vart ei innleiing som gav mange tankar om samarbeid i Setesdal. Han utfordra folk til \u00e5 tenke meir globalt og pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 inspirasjon der den kunne finnast.<\/p>\n<p>S\u00e5 gjekk det slag i slag med programpostane slik du finn dei i oversikta p\u00e5 Setesdalswiki: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Setesdalskonferansen_2014 Sj\u00f8lv om Heidi Ose fekk forfall, ho hadde vore i USA i p\u00e5ska og var sjuk d\u00e5 ho kom heim, brukte dei fire kvinnene tida og vel s\u00e5 det, s\u00e5 etter kvart kom vi i tidsnaud. Erik Berglihn heldt eit godt innlegg, noko av det han snakka om var kjent fr\u00e5 d\u00e5 eg hadde han med i Valle Radio i onsdagsprogrammet 15. januar, men det er jo alt tre m\u00e5nader sidan, s\u00e5 han hadde meir \u00e5 f\u00f8ye til. S\u00e5 kom Rune Ingebretsen med gr\u00fcnderhistoria si, der han fortalde om Tytingen f\u00f8r Terje Greibesland fortalde om prosessen som f\u00f8rte til at dei no har kj\u00f8pt 125 bussar fr\u00e5 Scania og k\u00f8yre i b\u00e5de austre og vestre del av Aust-Agder.<\/p>\n<p>Dagens h\u00f8gdepunkt var nok for dei fleste Geir Lippestad sitt foredrag om Verdibasert kommunikasjon. Han brukte halvannan time og etterp\u00e5 var det god tid til sp\u00f8rsm\u00e5l og kommentarar, s\u00e5 det programmet som skulle ha slutta klokka 17.30, men som starta ein halv time etter oppsett program, det gjekk heilt til 18.30, utan at nokon tenkte p\u00e5 det. Eg la ut litt p\u00e5 Facebook-sida om konferansen, der kan du sj\u00e5 meir: https:\/\/www.facebook.com\/groups\/687290014669877\/<\/p>\n<p>S\u00e5 var det bare \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 seg finklede og mingle litt f\u00f8r middag, vi gjekk til bords presis klokka 20 og sat ved bordet til klokka 22.30. D\u00e5 hadde vi hedra Terje Greibesland og Setesdal Bilruter med Setesdalsprisen 2014, f\u00e5tt i oss forrett som var laks og lefse, hovudrett som var hjort fr\u00e5 Fjellgarden Hovden og kortreiste tilsl\u00f8rte bondepiker, dei kom fr\u00e5 kj\u00f8kkenet p\u00e5 Revsnes hotell. D\u00e5 var det i grunnen bare \u00e5 finne datamaskinen og skrive denne bloggen f\u00f8r ein kunne mingle vidare ut i dei sm\u00e5 timane. Men i morgon startar det med frokost klokka 7.30, og alt no riggar personalet p\u00e5 hotellet til ein ny og spennande dag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 er f\u00f8rste dagen av \u00e5rets Setesdalskonferanse over. Det vart ein dag til inspirasjon og ettertanke. Konferansen starta med at Kjell O. Johannessen, som har vore leiar for NODE-samarbeidet mellom oljerelaterte bedrifter p\u00e5 S\u00f8rlandet, stilte sp\u00f8rsm\u00e5l om klynge-samarbeid kunne vere noko for Setesdal. Det vart ei innleiing som gav mange tankar om samarbeid i Setesdal. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/inspirasjon-og-ettertanke-18292114\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Inspirasjon og ettertanke<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18292114","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18292114"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18292114"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18292114\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18292114"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18292114"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18292114"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}