{"id":18115927,"date":"2014-04-01T14:08:49","date_gmt":"2014-04-01T14:08:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/04\/setesdalskonferansen-18115927\/"},"modified":"2014-04-01T14:08:49","modified_gmt":"2014-04-01T14:08:49","slug":"setesdalskonferansen-18115927","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalskonferansen-18115927\/","title":{"rendered":"Setesdalskonferansen 2014"},"content":{"rendered":"<p>No er det vel tre veker til Setesdalskonferansen 2014. Den startar onsdag 23. april og sluttar dagen etterp\u00e5. Eg har i eit tidlegare innlegg p\u00e5 bloggen nemnt at Geir Lippestad skal vere foredragshaldar med foredraget \u00abVerdikommunikasjon som motivasjon for \u00e5 treffe gode val!\u00bb. Det kom eit oppslag i Setesd\u00f8len om det for ei tid tilbake, og p\u00e5 siste m\u00f8te i Setesdal Regionr\u00e5d vart det diskutert om dette foredraget skulle vere ope for alle, slik at folk som ikkje var p\u00e5 konferansen, kunne f\u00e5 det med seg. Det har vore fleire sp\u00f8rsm\u00e5l til Signe Sollien Haug\u00e5 om dette.<\/p>\n<p>Konferansen er for bedriftsleiarar i Setesdal. Sj\u00f8lv har eg f\u00e5tt h\u00f8ve til \u00e5 vere med p\u00e5 Setesdalskonferansen sidan 2009, det var konferansen det \u00e5ret som f\u00f8rte til at Setesdalswiki vart oppretta, og sidan har eg vore med p\u00e5 desse arrangementa. I utgangspunktet var eg med fordi eg var styreleiar i Valle Radio, som vel ikkje akkurat er n\u00e6ringsliv, men som er ein viktig akt\u00f8r i mediesamangeng, end\u00e5 viktigare har vi blitt etter at vi tok til \u00e5 sende til heile dalen.<\/p>\n<p>I samband med at eg skriv p\u00e5 Setesdalswiki, har eg laga artiklar om foredragshaldarane p\u00e5 Setesdalskonferansen. I g\u00e5r leita eg difor fram stoff til informasjon om Kjell O. Johannessen, han som var leiar for industriklynga CNC NODE til i fjor haust. Han skal ha opningsforedraget p\u00e5 konferansen, med tittelen  \u00abL\u00f8yndomar bak klyngeteoriane &#8211; nyklar til regional utvikling i Setesdal?\u00bb. Om du har h\u00f8ve til det, b\u00f8r du g\u00e5 til sida om han p\u00e5 Setesdalswiki og sj\u00e5 den lille filmen som ligg der fr\u00e5 Forskiningsdagane 2011. Den er l\u00e6rerrik p\u00e5 mange m\u00e5tar. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Kjell_O._Johannessen<\/p>\n<p>Sist onsdag hadde eg ansvaret for sendinga og intervjua d\u00e5 Terje Greibesland, direkt\u00f8ren i Setesdal Bilruter. Han har vore fast deltakar p\u00e5 Setesdalskonferansen i mange \u00e5r og sa at han sette stor pris p\u00e5 dette h\u00f8vet til \u00e5 m\u00f8te n\u00e6ringslivsleiarar fr\u00e5 heile Setesdal, p\u00e5 tvers av bransjar og fag. Det same sa Vidar H. Homme, banksjefen i Valle Sparebank, d\u00e5 eg spurde han om han hadde meldt seg p\u00e5. Det hadde han, og han s\u00e5g fram til konferansen, som han meinte hadde eit sv\u00e6rt godt program. Det meiner eg og, s\u00e5 eg vonar du som h\u00f8yrer p\u00e5 dette og er n\u00e6ringslivsleiar, melder deg p\u00e5. Dei tusen kronene det kostar for mat og overnatting og konferanse er ikkje mykje for eit s\u00e5 spennande og flott opplegg.  \u00abSamarbeid og arbeidsglede\u00bb er motto for konferansen. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>No er det vel tre veker til Setesdalskonferansen 2014. Den startar onsdag 23. april og sluttar dagen etterp\u00e5. Eg har i eit tidlegare innlegg p\u00e5 bloggen nemnt at Geir Lippestad skal vere foredragshaldar med foredraget \u00abVerdikommunikasjon som motivasjon for \u00e5 treffe gode val!\u00bb. Det kom eit oppslag i Setesd\u00f8len om det for ei tid tilbake, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalskonferansen-18115927\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesdalskonferansen 2014<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18115927","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18115927"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18115927"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18115927\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18115927"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18115927"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18115927"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}