{"id":18093337,"date":"2014-03-29T23:56:44","date_gmt":"2014-03-29T23:56:44","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/viktig-for-naeringslivet-18093337\/"},"modified":"2014-03-29T23:56:44","modified_gmt":"2014-03-29T23:56:44","slug":"viktig-for-naeringslivet-18093337","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/viktig-for-naeringslivet-18093337\/","title":{"rendered":"Viktig for n\u00e6ringslivet"},"content":{"rendered":"<p>Onsdagskvelden hadde eg med meg Vidar Homme i Valle Radio. Det har blitt ein tradisjon \u00e5 invitere han til \u00e5 seie litt om korleis siste \u00e5ret gjekk for banken, og sj\u00f8lv om eg ikkje hugsar at han var med meg i fjor, s\u00e5 har vi hatt slike samtalar fleire \u00e5r no.<\/p>\n<p>Rekneskapen for Valle Sparebank 2013 vart gjort opp med eit driftsresultat p\u00e5 10,8 millionar mot 5 millionar i 2012. N\u00e5r 8,3 millionar vart overf\u00f8rt til fond, er eigenkapitalen til banken vel 22% av vektlagd balanse, som det heiter p\u00e5 bankspr\u00e5ket. Ein viktig grunn til dette er endring i pensjonsytingane, der det f\u00f8r har vore ein kostnad p\u00e5 2,5 millionar vart det no ei inntekt p\u00e5 2,7 millionar, noko som jo vert over fem millionar til saman.<\/p>\n<p>Banken m\u00e5tte t\u00e5le tap p\u00e5 ein halv million kroner meir enn i 2012, til saman 3,6 millionar. Det er alltid ein risiko, men Vidar Homme peika p\u00e5 at Valle Sparebank er ein viktig bank for lokalt n\u00e6ringsliv, som kanskje ikkje ville f\u00e5tt l\u00e5n om ein ikkje hadde hatt den lokale banken. M\u00e5let er \u00e5 halde fram som lokal bank i ei tid der det g\u00e5r mot st\u00f8rre og st\u00f8rre einingar.<\/p>\n<p>Etter at eg hadde spelt \u00c5 du gode sparegrisen min, i ein versjon av Elin Pr\u00f8ysen, s\u00e5 snakka vil litt om korleis barn framleis har spareb\u00f8sse. Den store t\u00f8medagen er lille jolaftan, men mange t\u00f8mer sparegrisen fleire gonger i \u00e5ret. Sparing er viktig, boligsparing for ungdom kan starte n\u00e5r ein blir 18 \u00e5r og halde p\u00e5 til ein blir 34, trur eg han sa.<\/p>\n<p>Endeleg snakka vi om korleis banken yter g\u00e5ver til lokalsamfunnet. Det totale bel\u00f8pet har vore noks\u00e5 likt nokre \u00e5r, men banken sponsar ikkje bare sm\u00e5 lag og foreningar med sm\u00e5 bel\u00f8p, men ogs\u00e5 nokre prosjekt med store bel\u00f8p. Reklameskilta p\u00e5 fotballbanen gjev god effekt og er viktige for \u00e5 profilere banken for publikum som reiser til Hovden. Veksten for banken m\u00e5 nok kome i Kristiansand, n\u00e5r banken ligg i ein kommune med fr\u00e5flytting, er ikkje vekstpotensialet s\u00e5 stort i heimemarknaden. Men i Kristiansand f\u00e5r banken stadig nye kundar.<\/p>\n<p>Det er alltid interessant \u00e5 snakke med Vidar Homme om bankdrift og \u00f8konomi, og han er alltid villig til \u00e5 kome ein tur i Valle Radio, ogs\u00e5 n\u00e5r det m\u00e5tte vere andre \u00f8konomiske emne ein kunne ta opp. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdagskvelden hadde eg med meg Vidar Homme i Valle Radio. Det har blitt ein tradisjon \u00e5 invitere han til \u00e5 seie litt om korleis siste \u00e5ret gjekk for banken, og sj\u00f8lv om eg ikkje hugsar at han var med meg i fjor, s\u00e5 har vi hatt slike samtalar fleire \u00e5r no. Rekneskapen for Valle Sparebank &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/viktig-for-naeringslivet-18093337\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Viktig for n\u00e6ringslivet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18093337","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18093337"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18093337"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18093337\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18093337"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18093337"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18093337"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}