{"id":18044440,"date":"2014-03-24T22:07:42","date_gmt":"2014-03-24T22:07:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/grendehusturne-18044440\/"},"modified":"2014-03-24T22:07:42","modified_gmt":"2014-03-24T22:07:42","slug":"grendehusturne-18044440","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/grendehusturne-18044440\/","title":{"rendered":"Grendehusturne"},"content":{"rendered":"<p>Dette var eit ord i ein annonse i Setesd\u00f8len sist veke. Det var naturfotograf Anders Tveit fr\u00e5 Iveland som skulle ha ein grendehusturne i Valle i regi av Folkeakademiet Valle. Sundagskvelden var han i Treungen grendehus, der kom det om lag 20 personar. I kveld var han i Oveinang grendehus, der kom det dobbelt s\u00e5 mange og i morgon skal han vere i Gardane grendehus klokka 19.<\/p>\n<p>Eg tok turen til Flateland og svinga inn framom grendehuset klokka 19.20. D\u00e5 stod det mange bilar parkert utanfor huset, og inne sat Torhild Sandnes og selde bilettar. Det vart bare tid til litt hyggeleg prat med kjende f\u00f8r programmet starta opp. Leif Kvinlog \u00f8nska velkommen og introduserte Knut Arne Rysstad, som spelte F\u00f8rnesbrunen og ein sl\u00e5tt til f\u00f8r Anders Tveit fekk ordet. Etter ei kort innleiing synte han ein film om n\u00e6rkontakt med elg, der ein elg med kvit mule hadde hovudrolla. Vi s\u00e5g han som sekstaggar og som titaggar og fylgde han til han vart skoten etter tre \u00e5r. Det er imponerande \u00e5 kome s\u00e5 n\u00e6r ein fullvaksen elg og ikkje ta beina fatt og stikke av. Det trur eg at eg hadde gjort, dei er ikkje \u00e5 sp\u00f8ke med, desse store dyra.<\/p>\n<p>Etter denne halvtimens filmen var det kaffe og kake, men den pausen varte bare til han fekk bytte fil i prosjektoren, s\u00e5 fekk vi sj\u00e5 filmen Dronninga fr\u00e5 Vasa, ein film om ei konge\u00f8rn som var f\u00f8dd og ringmerka i Vasa, men som hadde ein periode i Iveland, eller kor det no var han hadde sett opp kamuflasjehytta og filma fr\u00e5. Ettersom \u00f8rna var ringmerka, kunne han spore henne, og ho flaug tilbake til Finland etter ei tid. Der vart ho skoten med hagle og fekk \u00f8ydelagt ein veng, s\u00e5 ho kom etter kvart til ein dyrehage i Riga, der dei pr\u00f8ver \u00e5 f\u00e5 til at ho skal legge egg og at ein kanskje kan f\u00e5 ruge fram ungar etter henne.<\/p>\n<p>Til slutt synte han ein kort film om r\u00e5dyrkjeet Truls. Nokre motorsyklistar hadde funne eit kje i vegkanten og teke det med seg, noko ein ikkje skal gjere.  Dei trudde vel at mora var drepen, men som regel trykker kjeet n\u00e5r mora g\u00e5r. Kjeet fekk bu ei tid heime hos ein som han kalla Kristian, og der levde det saman med katten, som nettopp hadde f\u00e5tt ungar, og vi s\u00e5g korleis katten slikka kjeet og korleis kjeet sugde melk fr\u00e5 katten. Men p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 salen fortalde Anders Tveit at kjeet fekk lungebetennelse og d\u00f8ydde.<\/p>\n<p>To timar triveleg lag for ein hundrelapp og h\u00f8ve til \u00e5 kj\u00f8pe DVD for 200 kroner. Ta turen til Gardane grendehus klokka 19 i morgon kveld, det blir ei oppleving du kan glede deg over.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette var eit ord i ein annonse i Setesd\u00f8len sist veke. Det var naturfotograf Anders Tveit fr\u00e5 Iveland som skulle ha ein grendehusturne i Valle i regi av Folkeakademiet Valle. Sundagskvelden var han i Treungen grendehus, der kom det om lag 20 personar. I kveld var han i Oveinang grendehus, der kom det dobbelt s\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/grendehusturne-18044440\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Grendehusturne<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18044440","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18044440"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18044440"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18044440\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18044440"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18044440"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18044440"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}