{"id":18002019,"date":"2014-03-18T23:07:52","date_gmt":"2014-03-18T23:07:52","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/kristine-og-pal-18002019\/"},"modified":"2014-03-18T23:07:52","modified_gmt":"2014-03-18T23:07:52","slug":"kristine-og-pal-18002019","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kristine-og-pal-18002019\/","title":{"rendered":"Kristine og P\u00e5l"},"content":{"rendered":"<p>I kveld hadde eg med meg Kristine Hellem Aanstad i Valle Radio i serien Grunnloven 200 \u00e5r. Ho er journalist i VG, ein av fire personar som jobbar p\u00e5 heiltid med \u00e5 dekke temaet for avisa. P\u00e5l er tidlegare varaordf\u00f8rar i Valle og etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten. Dei kjem til \u00e5 m\u00f8te kvarandre p\u00e5 Tveitetunet i morgon, d\u00e5 skal ogs\u00e5 dottera Margit og barna hennar vere med, og P\u00e5l ville stille i bunad.<\/p>\n<p>P\u00e5 Tveitetunet vil VG fotografere etterkomarar etter eidsvollsmannen, s\u00e5 det er bare \u00e5 kontrollere om du er etterkomar og s\u00e5 ta turen til Tveitetunet og bli med p\u00e5 biletet. Sj\u00f8lv vil eg kanskje og ta turen opp og sj\u00e5 om det er mange som m\u00f8ter opp og og kven dei er.<\/p>\n<p>Kristine fortalde at Svein Inge Olsen fr\u00e5 Kristiansand hadde teke kontakt og truleg ville ta turen og ho oppfordra alle etterkomarar som h\u00f8yrde p\u00e5 til \u00e5 kome. I kveld ordna vi det og slik at Siri kjem til Valle i morgon for \u00e5 sitje p\u00e5 Velkomstsenteret fr\u00e5 klokka 12 og hjelpe folk med \u00e5 finne ut om dei er etterkomarar og eventuelt registrere dei i databasen over eidsvollsmennenes etterkommere.<\/p>\n<p>P\u00e5l fortalde ei interessant historie om at d\u00e5 han var formann i 17. mai-komiteen i 1972, tok dei opp att tradisjonen med \u00e5 halde tale ved st\u00f8tta utanfor kyrkja 17. mai. Den hadde ikkje vore vanleg nokre \u00e5r, kan hende alt sidan krigen, men no er det ein \u00e5rleg tradisjon. Han fortalde og at boka Folkefest fr\u00e5 fjell til fjord var laga med tanke p\u00e5 jubileet, slik at det skulle vere noko stoff om feiringa av 17. mai i dei indre bygder i nyare tid. Han meinte at boka no kanskje var utseld fr\u00e5 forlaget.<\/p>\n<p>Grunnen til at samlinga p\u00e5 Tveitetunet i morgon hadde kome i stand, var at VG hadde teke kontakt med Lokalhistorisk Institutt og der hadde Chris Nyborg fortalt at i Valle var det mange etterkomarar etter ein eidsvollsmann og at det var mange som var interesserte i emnet. Chris var jo med meg i radioen sist veke. S\u00e5 hadde VG teke kontakt med Leonhard Jansen p\u00e5 Setesdalsmuseet, og s\u00e5 rulla ballen vidare. No vert det interessant \u00e5 sj\u00e5 kva som kjem ut av det etter kvart.<\/p>\n<p>Takk til Kristine og P\u00e5l som var med meg i prgrammet denne kvelden.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld hadde eg med meg Kristine Hellem Aanstad i Valle Radio i serien Grunnloven 200 \u00e5r. Ho er journalist i VG, ein av fire personar som jobbar p\u00e5 heiltid med \u00e5 dekke temaet for avisa. P\u00e5l er tidlegare varaordf\u00f8rar i Valle og etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten. Dei kjem til \u00e5 m\u00f8te kvarandre p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kristine-og-pal-18002019\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kristine og P\u00e5l<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-18002019","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18002019"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18002019"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18002019\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18002019"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18002019"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18002019"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}