{"id":17991523,"date":"2014-03-17T21:35:14","date_gmt":"2014-03-17T21:35:14","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/etterkomarar-etter-olav-knutsson-tveiten-17991523\/"},"modified":"2014-03-17T21:35:14","modified_gmt":"2014-03-17T21:35:14","slug":"etterkomarar-etter-olav-knutsson-tveiten-17991523","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/etterkomarar-etter-olav-knutsson-tveiten-17991523\/","title":{"rendered":"Etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag 19. mars 2014 klokka 16 vonar VG \u00e5 samle etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten p\u00e5 Tveitetunet for fotografering. Journalist Kristine Hellem Aanstad kjem saman med ein fotograf til Valle denne dagen. Dei skal f\u00e5 informasjon som Setesdalsmuseet har samla, og s\u00e5 vil dei m\u00f8te etterkomarar og ta eit bilete av flest mogleg av etterkomarane, som gjerne m\u00e5 stille i bunad, slik at folk som opnar avisa ser at det er setesd\u00f8lar p\u00e5 biletet.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje kor mange som veit om dei er etterkomarar av Olav Knutsson Tveiten. D\u00e5 han var p\u00e5 Eidsvoll, var han godt oppi femti\u00e5ra, han hadde elleve barn i to ekteskap, det siste ekteskapet gjekk han inn i d\u00e5 han var 66 og kona hans d\u00e5 var bare 21 \u00e5r gammal. Med henne fekk han fem barn.<\/p>\n<p>For \u00e5 vite om du er etterkomar etter eidsvollsmannen, m\u00e5 du ha heile bygdeboka for Valle i hovudet, i alle fall dei linjene som g\u00e5r fr\u00e5 barna hans som levde opp. Etter det ein kan lese p\u00e5 Setesdalswiki, levde \u00e5tte barn opp og fekk etterkomarar. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Olav_Knutsson_Tveiten_sine_barn Dei lever i Setesdal, Kristiansand og elles i landet s\u00e5 vel som i USA.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om folk i Setesdal er flinke til \u00e5 halde styr p\u00e5 slektene, er det vel vanskeleg \u00e5 ha alle desse etterkomarane i hovudet. No har vi f\u00e5tt Data i Slektsforskning, DIS Norge, som organisasjonen heiter. Med data er det lettare \u00e5 finne ut slike linjer. Helge Haugland har nytta bygdeb\u00f8kene for Valle for \u00e5 lage eit system p\u00e5 dette, det har han gjort i ledige stunder over fleire \u00e5r utan \u00e5 ane at han plutseleg kunne f\u00e5 nytte av det for \u00e5 finne etterkomarar etter eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten. Kan hende kan ogs\u00e5 du ha nytte og glede av nettstaden n\u00e5r du skal finne ut om du b\u00f8r m\u00f8te opp p\u00e5 Tveitetunet onsdag. Nettsida http:\/\/eskeland.net\/olavknutssontveiten\/ er ikkje komplett, mellom anna fordi bygdeb\u00f8kene stoppar p\u00e5 1980-talet, s\u00e5 f\u00e5 etterkomarar under 30 \u00e5r er komne med, men ogs\u00e5 fordi folk som flytta fr\u00e5 Valle og etablerte seg atndre stader i liten grad er med i desse b\u00f8kene.<\/p>\n<p>\u00d8verst p\u00e5 nettsida er det nokre sorteringsn\u00f8klar. Dei kan hjelpe deg til \u00e5 f\u00e5 betre oversyn. Om du trykker p\u00e5 valet Ordf\u00f8rere, vil du finne Steinar Kyrvestad, Tarald Myrum og Knut O. Rike.<\/p>\n<p>Eg la og merke til at yngste dottera med f\u00f8rste kona, Sigrid, som vart gift med Bj\u00f8rgulv Eivindsson Uppstad, hadde og mange etterkomarar. Det var eit slektsstemne for deira etterkomarar i 1999 og i samband med det laga Svein Inge Olsen boka Kjempa for Norge og andre setesd\u00f8ler. I den er det eit slektsregister med ganske mange namn, som alts\u00e5 og er etterkomarar etter eidsvollsmannen.<\/p>\n<p>Lukke til med \u00e5 finne ut om du er etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag 19. mars 2014 klokka 16 vonar VG \u00e5 samle etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten p\u00e5 Tveitetunet for fotografering. Journalist Kristine Hellem Aanstad kjem saman med ein fotograf til Valle denne dagen. Dei skal f\u00e5 informasjon som Setesdalsmuseet har samla, og s\u00e5 vil dei m\u00f8te etterkomarar og ta eit bilete av flest mogleg av etterkomarane, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/etterkomarar-etter-olav-knutsson-tveiten-17991523\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17991523","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17991523"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17991523"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17991523\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17991523"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17991523"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17991523"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}