{"id":17970797,"date":"2014-03-14T23:05:28","date_gmt":"2014-03-14T23:05:28","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/skrivande-menneske-17970797\/"},"modified":"2014-03-14T23:05:28","modified_gmt":"2014-03-14T23:05:28","slug":"skrivande-menneske-17970797","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skrivande-menneske-17970797\/","title":{"rendered":"Skrivande menneske"},"content":{"rendered":"<p>Etter \u00e5 ha skrive over 3000 bloggpostar, kan eg vel kallast eit skrivande menneske. Eg har alltid likt \u00e5 skrive. Difor fanga ein artikkel av Paul Otto Brunstad augo mine i g\u00e5r. Han er professor p\u00e5 NLA i Bergen og prest og forskar p\u00e5 Sj\u00f8krigsskolen og oppteken av leiing.<\/p>\n<p><em>Skriving er en ensom aktivitet.<\/em>  Men skriving og lesing saman lyfter oss ut over v\u00e5r avgrensa verd, held han fram og peikar p\u00e5 at vi vert f\u00f8rde inn i eit felleskskap med menneske vi aldri fekk m\u00f8te, men som gjennom sine skrifter etterlet seg eit spor vi kan f\u00f8lge, spor som gjev oss glimt inn i erkjenning og erfaring vi aldri vil kunne hente fr\u00e5 eigne liv.<\/p>\n<p>Orda hans fann atterklang hos meg, for det er jo det ein opplever i skriveprosessen. Medan ein skriv, oppdagar ein nye samanhengar ein ikkje hadde sett f\u00f8r. Brunstad siterer fleire kjende filosofar og skribentar som har reflektert over skrivinga, og det er interessant \u00e5 lese, for han set ord p\u00e5 tankar eg kjenner meg att i, men som eg ikkje har formulert.<\/p>\n<p>Noko av dette opplever eg n\u00e5r eg skriv bloggen. Men ogs\u00e5 n\u00e5r eg skriv k\u00e5seria <em>Veka som gjekk<\/em> som eg har i Valle Radio tysdagskveldane. D\u00e5 les eg Setesd\u00f8len med andre augo enn n\u00e5r eg les for \u00e5 sj\u00e5 kva nytt avisa bringer kvar tysdag og fredag. D\u00e5 ser eg samanhengar eg knapt hadde tenkt p\u00e5 f\u00f8r eg tok til \u00e5 skrive.<\/p>\n<p>I v\u00e5r tid har skrivinga endra form i h\u00f8ve til tidlegare. I Valle Radio sist tysdag fortalde Chris Nyborg om kjeldematerialet han har nytta for \u00e5 skrive om eidsvollsmennene. Nokre av dei som var p\u00e5 Eidsvoll, skreiv brev, andre skreiv dagb\u00f8ker. Orda finst p\u00e5 papir, noko som gjer at ein m\u00e5 lese kjeldene, dei kan ikkje bare googlast, som vi gjer med det som folk skriv no for tida.<\/p>\n<p>Det at alle kan opprette ein blogg og skrive tekstar og dele dei med seg, har gjort at fleire kan f\u00e5 publisert tekstane sine. Det burde f\u00f8re til at fleire nytta seg av skriving som grunnlag for erkjenning og auke av eigen innsikt, men ogs\u00e5 til at andre kan f\u00e5 glede av det vi skriv.<\/p>\n<p>Du kan lese Paul Otto Brunstad artikkel her: http:\/\/www.pobrunstad.no\/?p=2516<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter \u00e5 ha skrive over 3000 bloggpostar, kan eg vel kallast eit skrivande menneske. Eg har alltid likt \u00e5 skrive. Difor fanga ein artikkel av Paul Otto Brunstad augo mine i g\u00e5r. Han er professor p\u00e5 NLA i Bergen og prest og forskar p\u00e5 Sj\u00f8krigsskolen og oppteken av leiing. Skriving er en ensom aktivitet. Men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skrivande-menneske-17970797\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Skrivande menneske<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17970797","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17970797"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17970797"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17970797\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17970797"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17970797"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17970797"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}