{"id":17942584,"date":"2014-03-11T22:47:44","date_gmt":"2014-03-11T22:47:44","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/veka-som-gjekk-veke-10-17942584\/"},"modified":"2014-03-11T22:47:44","modified_gmt":"2014-03-11T22:47:44","slug":"veka-som-gjekk-veke-10-17942584","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/veka-som-gjekk-veke-10-17942584\/","title":{"rendered":"Veka som gjekk, veke 10, 2014"},"content":{"rendered":"<p>F\u00f8rste del av K\u00e5seri i Valle Radio tysdag 11. mars 2014 klokka 19.30. Tema: Politikk i veka som gjekk<\/p>\n<p>Sist veke var det vinterferie og dermed inga sending i Valle Radio. Difor er det ikkje noko k\u00e5seri for veke 9. Likevel vil siste veke av februar, som alts\u00e5 var veke 9, prege k\u00e5seriet i kveld, for dei to avisene som k\u00e5seriet er basert p\u00e5, har mykje stoff fr\u00e5 veke 9. Siste veka av februar var det m\u00f8te i fleire av kommunestyra, men om ein skal satse p\u00e5 at Setesd\u00f8len som aviser flest gjerne skriv om konflikter, s\u00e5 er det temmeleg konfliktlaust i dei andre kommunestyra i Setesdal, mens det i Valle g\u00e5r hardt for seg.<\/p>\n<p>Sist tysdag kunne Ole Birger Lien fortelje om skittent\u00f8yvask for open scene. Temperaturen i debatten vart uvanleg h\u00f8g, og det seier ikkje lite n\u00e5r det er snakk om eit kommunestyrem\u00f8te i Valle, skreiv han og fortalde at m\u00f8tet heldt p\u00e5 nesten til midnatt.<\/p>\n<p>Du som h\u00f8yrde p\u00e5 Valle Radio onsdag f\u00f8r vinterferien fekk alts\u00e5 god underhaldning gratis til langt p\u00e5 natt. Enden p\u00e5 visa vart at kommunen og banken dekker halvparten kvar av underskotet etter at Valle Industribygg vart seld for 1,2 millionar kroner mindre enn gjelden selskapet hadde. Margit Dale meinte at ordf\u00f8raren burde ha klubba d\u00e5 karakteristikkanen vart ekstra usaklege, men den t\u00e5lmodige og romsleg Tarald Myrum sa sj\u00f8lv at han hadde lagt lista ekstra h\u00f8gt denne kvelden, s\u00e5 fekk alle syn kome til orde for open mikrofon.<\/p>\n<p>Opposisjonen i Valle slit med \u00e5 f\u00e5 med seg resten av kommunestyret sj\u00f8lv om di nok kan ha gode saker. Steinar Kyrvestad undra seg p\u00e5 om han skulle ta til og f\u00f8resl\u00e5 noko han sj\u00f8lv var imot, d\u00e5 ville han truleg f\u00e5 fleirtal, for uansett kva han f\u00f8resl\u00e5r, stemmer dei folkevalde i posisjon i mot. Om han d\u00e5 f\u00f8reslo noko han eigentleg var i mot, ville han kanskje f\u00e5 det som han ville.<\/p>\n<p>Sentrumsbygget i Valle har vore ein gjengangar i fleire m\u00f8te, og Kim Pedersen undra seg i m\u00f8tet over korleis ein kunne tru at ein kunne f\u00e5 med sokner\u00e5det inn i det nye bygget n\u00e5r formannskapet no har sagt at ein kross bare m\u00e5 vere 25 cm h\u00f8g, om lag som eit A4 ark. Ole Birger meinte at slike funderingar nok kunne setje gr\u00e5 h\u00e5r i hovudet p\u00e5 ordf\u00f8raren, ordf\u00f8raren sitt svar var \u00e5 leggje til rette for livssynsn\u00f8ytrale bygg som kunne f\u00e5 utforming alt etter kven som brukte det.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om Valle kommune er ein Av og Til-kommune, tok kommunestyret anken fr\u00e5 Brokke Alpinsenter om skjenkel\u00f8yve til f\u00f8lgje og utvida opningstida slik dei \u00f8nskte, etter at dei tidlegare hadde f\u00e5tt lov \u00e5 skjenke alkohol fr\u00e5 klokka 16, vart det no klokka 15, s\u00e5 kunne ein unng\u00e5 drikking i sn\u00f8haugane, noko som Steinar Kyrvestad ganske rett peika p\u00e5 var ulovleg. Men han meinte problemet kunne l\u00f8ysast med kontroll, ikkje med utvida skje.nketid. Han tapte der og, no kan det skjenkast fr\u00e5 klokka 15 til 01 i Nistebui<\/p>\n<p>Endeleg rapporterte Setesd\u00f8len at Toralf Andersen lurte p\u00e5 kva r\u00e5dmannen si l\u00f8n er. Kan hende f\u00e5r han vite det p\u00e5 neste m\u00f8te, l\u00f8na er ikkje hemmeleg, svara ordf\u00f8raren.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det har vore mykje skriving om friluftsomr\u00e5det Hegni i Setesd\u00f8len sine lesarinnlegg i februar, fekk ikkje dei skrivef\u00f8re det som dei ville d\u00e5 Bykle kommunestyre handsama saka. Enden p\u00e5 den visa vart at omr\u00e5det kan nyttast til naturbaserte aktivitetar, noko som truleg ikkje betyr cam\u00e5ingplass, kva det betyr, vil eg ikkje spekulere i.<\/p>\n<p>Stoffet fr\u00e5 Valle kommunestyre fylte til saman halvannan side i dei to avisene sist veke, medan stoffet fr\u00e5 Bykle fylte ei spalte. Fr\u00e5 m\u00f8tet i Evje og Hornnes kommunestyre var det ikkje noko, s\u00e5 der m\u00e5 vedtaka kanskje ha vore samr\u00f8ystes. Men evjed\u00f8lane er ikkje samde med resten av dalen, det spegla seg i artikkelen om reiselivssatsinga til regionr\u00e5det. Bj\u00f8rgulv T. Berg var med p\u00e5 m\u00f8tet og kommenterte at usemje i reiselivssatstinga i Setesdal er ein konstant faktor. Det er eg samd med han i, truleg kan ein ha uendeleg mange m\u00f8te utan at dei tre store reiselivsbedriftene s\u00f8r i regionen vil vere med p\u00e5 det som resten av regionen g\u00e5r inn for. Bj\u00f8rn Ropstad stemde i mot, som i ein del andre saker i Setesdal Regionr\u00e5d. Men ein stor del av \u00e5ret vil g\u00e5 f\u00f8r det vert klart om kommunen hans vil vere med lenger. Forhandlingane b\u00f8r vere ferdige innan oktober, kom det fram p\u00e5 m\u00f8tet i februar.<\/p>\n<p>I samband med dette kunne eg jo kome med eit hjartesukk: Evje og Hornnes har nytt godt av \u00e5 vere regionsenter og ei rekke av samarbeidstiltaka for regionen er lagde dit. Om kommunen no vel \u00e5 trekkje seg ut av samarbeidet og bli ein utkant i region S\u00f8r, b\u00f8r vel regionsamarbeidet mellom dei tre gjenverande kommunane i Setesdal flytte sine aktivitetar p\u00e5 Evje inn i eigen region. Det vil neppe bli til styrke for regionsenteret.<\/p>\n<p>I samband med at det var kvinnedag, kom det eit oppslag i Setesd\u00f8len om at kvinner i Evje og Hornnes ville f\u00e5 med fleire kvinner i politikken. Dei er fem av 21 kvinner der. I Bygland er dei fem av 15, i Valle 7 av 15 og i Bykle 2 av 13. Bykle er alts\u00e5 d\u00e5rlegast i klassen p\u00e5 dette omr\u00e5det, noko ordf\u00f8rar Jon-Rolf N\u00e6ss meir enn ein gong har sagt seg lei for, han leiar st\u00f8rste gruppa der, alle menn. Det er ikkje vanskeleg \u00e5 vere samd med b\u00e5de han og med partikollega Line Vennesland, som seier at kommunen g\u00e5r glipp av noko n\u00e5r kvinner blir underrrepresentert. Samfunnet hadde sett noko annleis ut viss fleire kvinner var med i utviklinga, seier ho og oppmodar alle kvinner som f\u00e5r sp\u00f8rsm\u00e5l om \u00e5 stille til val om \u00e5 svare ja.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>F\u00f8rste del av K\u00e5seri i Valle Radio tysdag 11. mars 2014 klokka 19.30. Tema: Politikk i veka som gjekk Sist veke var det vinterferie og dermed inga sending i Valle Radio. Difor er det ikkje noko k\u00e5seri for veke 9. Likevel vil siste veke av februar, som alts\u00e5 var veke 9, prege k\u00e5seriet i kveld, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/veka-som-gjekk-veke-10-17942584\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Veka som gjekk, veke 10, 2014<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17942584","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17942584"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17942584"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17942584\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17942584"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17942584"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17942584"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}