{"id":17912937,"date":"2014-03-07T23:35:56","date_gmt":"2014-03-07T23:35:56","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/veka-som-gjekk-veke-8-17912937\/"},"modified":"2014-03-07T23:35:56","modified_gmt":"2014-03-07T23:35:56","slug":"veka-som-gjekk-veke-8-17912937","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/veka-som-gjekk-veke-8-17912937\/","title":{"rendered":"Veka som gjekk, veke 8, 2014"},"content":{"rendered":"<p>Eg har teke til \u00e5 lage litt lange k\u00e5seri basert p\u00e5 stoff i Setesd\u00f8len. Tysdag i veke 9 k\u00e5serte eg med utgangspunkt i lesarinnlegg i Setesd\u00f8len i veke 8, d\u00e5 var debatten sterk i avisa. Planen har vore \u00e5 legge k\u00e5seria ut p\u00e5 bloggen, slik at dei kunne lesast, men denne gongen vart det ikkje noko av det, s\u00e5 sj\u00f8lv om det er lenge sidan veke 8, tenkjer eg at det er betre seint enn aldri, og dermed kjem den delen av k\u00e5seriet som handla om lesarinnlegga her:<\/p>\n<p><strong>Veka som gjekk, veke 8, 2014<\/strong><\/p>\n<p>\u00c5 f\u00e5 ein aktiv debatt i ei avis har blitt viktigare dei siste \u00e5ra. Dei fleste avisene med respekt for seg sj\u00f8lv let lesarane sleppe til orde. Til d\u00f8mes har F\u00e6drelandsvennen utvida plassen dei gjev til debatt ganske mykje, det er st\u00f8rre artiklar og sm\u00e5 innlegg og fyller b\u00e5de tre og fire sider kvar dag. Du som h\u00f8yrer p\u00e5 tysdagssendingane i Valle Radio vil vite at i serien om Grunnloven 200 \u00e5r har fleire av dei som har skrive innlegg i F\u00e6drelandsvennen, kome til orde ogs\u00e5 i sendingane v\u00e5re.<\/p>\n<p>I ein samtale eg hadde med Sigurd Haugsgjerd for ei tid tilbake sukka han litt over at setesd\u00f8lar flest ikkje var s\u00e5 ivrige til \u00e5 skrive lesarinnlegg og meinte at det vel burde vore ei side i avisa mest kvar utg\u00e5ve. Lesarinnlegg er godt stoff, dei kan skape temperatur og engasjement hos lesarane.<\/p>\n<p>Kommunedelplan Hovden<br \/>\nNo g\u00e5r debatten for fullt i Setesd\u00f8lens spalter. Sist veke starta Hans Blattmann, dagleg leiar av Hovden Skigymnas, ein debatt om kalde og varme senger p\u00e5 Hovden, noko som er omtalt i kommunedelplan for Hovden. Kalde senger er senger i private hytter, medan varme senger er senger i hotell, sj\u00f8lv om dei og kan vere kalde det meste av veka. Det er dei varme sengene som skaper arbeidsplassar over tid, kalde senger skapar bare arbeidsplassar i byggeperioden.<\/p>\n<p>Denne veka fullf\u00f8rte han sitt innlegg med \u00e5 be om at folk engasjerer seg, ikkje minst barn og unge, og at det lukkast \u00e5 bevare gr\u00f8ntomr\u00e5dene p\u00e5 Hovden. Til no har Bykle kommunestyre hatt lite engasjement for dette, meinte Hans Blattmann.<\/p>\n<p>Om det var dette innlegget som fekk b\u00e5de legen i Bykle, spesialist i allmennmedisin og petroleumslege Maren \u00d8stvold og Anne Liv Lidtveit til \u00e5 ta pennen fatt. Ingen av dei kan forst\u00e5 at det skal vere aktuelt \u00e5 ta omr\u00e5det ved Hegni til campingplass. N\u00e5r New York kan ta vare p\u00e5 Central Park, b\u00f8r Bykle kunne klare \u00e5 ta vare p\u00e5 Hegni, skriv Anne Liv, som no bur p\u00e5 Rysstad, men som framleis er levande engasjert i det som r\u00f8rer seg p\u00e5 Hovden.<\/p>\n<p><strong>Sentrumsplan Valle<\/strong><br \/>\nSp\u00f8rsm\u00e5let om sentrumsutvikling i Valle har vore omtalt i mange innlegg i Setesd\u00f8len. I veke 8 var pensjonert kulturkonsulent \u00c5nund K. Homme igjen p\u00e5 banen. Han har ofte sagt at det hadde vore fornuftig \u00e5 setje opp eit sentrumsbygg med butikkar, bibliotek og leiligheter nede ved riksveg 9 og meinte vel at ideane til Leiv Rygg om kultur- og n\u00e6ringsbygg i Bygland godt kunne tilpassast Valle. Han tenkjer og at det kan h\u00f8ve med leiligheter der Menighetshuset st\u00e5r i dag. I tillegg foresl\u00e5r han \u00e5 byggje glastak over sentrum, kan hende skulle ein rive Frikyrkja og gamlebanken, frikyrkja kunne ein bygge opp att i Prestvodden, meiner \u00c5nund K. Homme, som og minner om at ved \u00e5 sl\u00e5 saman Bykle, Valle og \u00f8vre del av Bygland, vil kommunesenteret naturleg hamne i Valle sentrum. Ogs\u00e5 Kjetil Nomeland er inne p\u00e5 dette og meiner at noverande sentrum i Valle ikkje h\u00f8ver for bilar, bare for syklar og g\u00e5ande.<\/p>\n<p>Eit anna innspel n\u00e5r det gjeld sentrum i Valle st\u00e5r Daniel Rike for. Han greier ut om korleis ein i moderne tid byggjer kyrkjer med menighetssal i same huset. Difor meiner han at ei kyrkjestoge i Valle m\u00e5 ligge i n\u00e6r tilknytning til kyrkja, \u00e5 kombinere kyrkjestoge med eit sentrumsbygg p\u00e5 Menighetshustomta vil vere \u00e5 g\u00e5 tilbake til noko som ikkje fungerte s\u00e5 godt.<\/p>\n<p><strong>Sentrum i Bygland <\/strong><br \/>\nLeiv Rygg, ordf\u00f8raren i Bygland, km med eit innspel til debatten om idrettshall og kulturbygg i Bygland i veke 7. I veke 8 fekk han svar, f\u00f8rst av Turid Skaar Greibrokk fr\u00e5 \u00c5rdal sokn og s\u00e5 fr\u00e5 Vidar Fr\u00f8ysnes, gruppeleiar i Ap. Ho meiner at det f\u00e5r halde med opprusting av gymsalen i ei tid der folketalet g\u00e5r ned, medan han forklarar kvifor Ap no har snudd og vil ha stor idrettshall og kultur- og n\u00e6ringsbygg ved riksvegen.<\/p>\n<p><strong>Grendenamn i staden for vegnamn<\/strong><br \/>\nVidar Toreid sl\u00e5r eit slag for \u00e5 nytte grendenamn i staden for vegnamnet Setesdalsvegen i Bygland. Han meiner at ein kan nummerer husa i grenda og til d\u00f8mes kalle ei adresse p\u00e5 Helle med det rette namnet, Hedde 66, 4748 Rysstad. Tilsvarande kan ein gjere i andre grender i dalen. No er namna alt vedtekne i Valle, men b\u00e5de Bygland og Evje og Hornnes har end\u00e5 h\u00f8ve til \u00e5 fylgje Toreid sitt framlegg.<\/p>\n<p><strong>Hoss<\/strong><br \/>\nJon Bjones, den pensjonerte gymnaslektoren som bur p\u00e5 B\u00f8 i Telemark, men som opprinneleg er fr\u00e5 Bykle, har eit lesarinnlegg om ordet Hoss. Han lurer p\u00e5 om det er vallem\u00e5l for korleis og meiner \u00e5 ha sett det i setelarkivet til Norsk ordbok, som snart kjem ut og at det var l\u00e6raren Bergit Rike som hadde skrive det.<\/p>\n<p>Men han fekk fort svar p\u00e5 tiltale. Torjus Uppstad g\u00e5r gjennom all bruk av ordet koss, som Bergit Rike har skrive opp. Hoss betyr merr, beist (kvikt kr\u00f8ter) eller ugrei kvinne, siterer Torjus etter vallemal.no Spr\u00e5kdebattar plar ikkje stoppe med eit par innlegg, s\u00e5 vi kan nok vente meir om dette i avisa.<\/p>\n<p><em>Etter s\u00e5 mange lesarinnlegg h\u00f8ver det vel \u00e5 spele noko musikk fr\u00e5 ein Evje-journalist som har gjort byr\u00e5krat av seg i Lyngdal: Her kjem Ole Aa Brattfjord Dalen min<\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har teke til \u00e5 lage litt lange k\u00e5seri basert p\u00e5 stoff i Setesd\u00f8len. Tysdag i veke 9 k\u00e5serte eg med utgangspunkt i lesarinnlegg i Setesd\u00f8len i veke 8, d\u00e5 var debatten sterk i avisa. Planen har vore \u00e5 legge k\u00e5seria ut p\u00e5 bloggen, slik at dei kunne lesast, men denne gongen vart det ikkje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/veka-som-gjekk-veke-8-17912937\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Veka som gjekk, veke 8, 2014<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17912937","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17912937"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17912937"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17912937\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17912937"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17912937"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17912937"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}