{"id":17902693,"date":"2014-03-06T22:42:26","date_gmt":"2014-03-06T22:42:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/oppmuntring-17902693\/"},"modified":"2014-03-06T22:42:26","modified_gmt":"2014-03-06T22:42:26","slug":"oppmuntring-17902693","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/oppmuntring-17902693\/","title":{"rendered":"Oppmuntring"},"content":{"rendered":"<p>Vinterferien kan godt brukast til oppmuntring p\u00e5 andre m\u00e5tar enn \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ski. Eg har aldri likt \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ski, noko som sikkert kjem av at sn\u00f8vintrar i Rogaland var temmeleg sjeldne d\u00e5 eg vaks opp, s\u00e5 praksis som barn hadde eg lite av. Dei gongene eg har g\u00e5tt p\u00e5 ski i vaksen alder, kan vel teljast p\u00e5 ei eller til n\u00f8d to hender.<\/p>\n<p>Difor valde eg \u00e5 ta ein tur til \u00c5lg\u00e5rd i vinterferien. Eg svinga til og med innom Varhaug ein snartur og bes\u00f8kte Brit, s\u00f8skenbarnet mitt, og det var ei oppmuntring \u00e5 g\u00e5 i hagen p\u00e5 vindfulle J\u00e6ren og sj\u00e5 sn\u00f8klokker og krokus i full bl\u00f8ming. I l\u00f8pet av samtalen kom ho til \u00e5 syne meg ei bok om kyrkjegarden ved havet p\u00e5 Varhaug, og Sjur H\u00e5land sine tekstar tala s\u00e5 til meg at eg svinga nedom stasjonen p\u00e5 Varhaug og fekk med meg boka heim. Nydelege bilete lyfta boka til \u00e5 bli eit kunstverk.<\/p>\n<p>S\u00e5 fann vi vegen til \u00c5lg\u00e5rd, der mor hadde venta p\u00e5 oss og der vi fekk nokre timar saman f\u00f8r vi snudde heimover i kveldinga. Denne kvelden var det liten trafikk, turr og opplyst veg som gjorde heimturen til ei sjeldan oppleving.<\/p>\n<p>I dag var vi p\u00e5 formiddagstreff p\u00e5 Mandal bedehus. Presten Borgenvik, han som skriv dei fine andaktane i F\u00e6drelandsvennen i periodar, hadde gl\u00f8ymt heile treffet, truleg fordi han hadde lova \u00e5 vere med i fjor, og s\u00e5 hadde ikkje avtalen blitt med fr\u00e5 den gamle almanakken til den nye, det er ikkje alltid lett \u00e5 hugse avtalar ein gjer i sv\u00e6rt lang tid p\u00e5 f\u00f8rehand. Men vi starta treffet og s\u00e5 kom han etter kvart, d\u00e5 klappa forsamlinga, og Reidun \u00c5s si oppmuntrande forteljing kan ein glede seg over i lang tid. Ho fortalde om at ho hadde kome bak ein kj\u00f8reskole p\u00e5 turen til Mandal, og ho hadde gledd seg over kor fint han kj\u00f8rte, s\u00e5 ho fylgde etter han heilt til han stoppa, og d\u00e5 gjekk ho bort til bilen og takka for den fine kj\u00f8ringa og fortalde at ho hadde bedt for at han m\u00e5tte klare \u00e5 f\u00e5 sertifikatet n\u00e5r han skulle kj\u00f8re opp. Eleven vart s\u00e5 glad at han tok til \u00e5 gr\u00e5te. Oppmuntring ein torsdags f\u00f8remiddag kan vere sterkt.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg vel var komen heim att, fekk eg ein telefon fr\u00e5 Johnny Haugen, som fortalde at han gledde seg storleg over Setesdalswiki, og at det var ei rik kjelde til informasjon om Setesdal og at han var imponert over arbeidet eg gjer med \u00e5 skrive der. Det var ei ikkje mindre oppmuntring, og han lurte p\u00e5 om eg hadde digitalisert Setesd\u00f8len tilbake til starten, det er jo 40 \u00e5rs jubileum for avisa i \u00e5r. Eg m\u00e5tte seie at det hadde eg ikkje, eg har bare skrive inn overskriftene fr\u00e5 2009, men med enkelte deler av avisa f\u00f8r den tid. Uansett s\u00e5 var han glad for det og vona eg fekk tid og krefter til \u00e5 halde fram. Slik ei oppmuntring gleder midt i vinterferien.<\/p>\n<p>Kven gav du ei oppmuntring sist?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Vinterferien kan godt brukast til oppmuntring p\u00e5 andre m\u00e5tar enn \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ski. Eg har aldri likt \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ski, noko som sikkert kjem av at sn\u00f8vintrar i Rogaland var temmeleg sjeldne d\u00e5 eg vaks opp, s\u00e5 praksis som barn hadde eg lite av. Dei gongene eg har g\u00e5tt p\u00e5 ski i vaksen &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/oppmuntring-17902693\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Oppmuntring<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17902693","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17902693"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17902693"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17902693\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17902693"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17902693"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17902693"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}