{"id":1788811,"date":"2007-02-22T23:28:59","date_gmt":"2007-02-22T23:28:59","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/02\/problemveke1788811\/"},"modified":"2007-02-22T23:28:59","modified_gmt":"2007-02-22T23:28:59","slug":"problemveke1788811","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/problemveke1788811\/","title":{"rendered":"Problemveke 2"},"content":{"rendered":"<p>Som eg skreiv i g\u00e5r, var det ikkje s\u00e5 lett \u00e5 f\u00e5 til sendinga for onsdag 21. februar. Bj\u00f8rgulv T. Berg vart liggjande heime i influensa, og kunne ikkje ta sendinga. \u00d8rnulf Hasla, som eigentleg var sett opp, skulle levere ordf\u00f8rarkjede i Marnardal denne kvelden og hadde difor bede Bj\u00f8rgulv overta kvelden. S\u00e5 difor fekk eg telefon med sp\u00f8rsm\u00e5l om eg hadde h\u00f8ve til \u00e5 overta. Men det hadde eg ikkje, for eg skulle dra saman med Berit Foller\u00e5s fr\u00e5 Hovden til Arendal p\u00e5 eit m\u00f8te i Utdanningsforbundet, og planen v\u00e5r var \u00e5 dra 16:15, n\u00e5r bussen fr\u00e5 Hovden kom til Valle.<\/p>\n<p>Eg lova Bj\u00f8rgulv \u00e5 sj\u00e5 kva eg kunne f\u00e5 til. Theis kunne ikkje, for han hadde messe i Bykle, det var ikkje bare Kong Harald sin f\u00f8dselsdag (70 \u00e5r) det var ogs\u00e5 askeonsdag og gudstenester i heile dalen. Men Helge Dahle kunne. Han er sett opp til \u00e5 ha p\u00e5skesendingane, og no fekk han halvannan time \u00e5 \u00f8ve seg med aktuell time og kommunen informerer.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv fekk eg ikkje h\u00f8yre sendinga, men eg fekk positive tilbakemeldingar p\u00e5 at det hadde g\u00e5tt greitt for han, sj\u00f8lv om den som eg snakka med trudde han var litt nerv\u00f8s til \u00e5 begynne med. Men d\u00e5 han vart varm i tr\u00f8ya, gl\u00f8ymde han \u00e5 vere nerv\u00f8s, og d\u00e5 gjekk det greitt.<\/p>\n<p>I avisa stod det Bj\u00f8rgulvs time med gjester, men d\u00e5 vart det trekkspelmusikk fr\u00e5 \u00c5nund K. sine innspelte program, og s\u00e5 kom \u00d8yvind Jacob i studio og hadde ein halv time med musikk f\u00f8r Britta Lise gjekk p\u00e5 lufta til open sending.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv sat eg i bilen p\u00e5 veg til Arendal d\u00e5 klokka var seks, men eg tenkte jo litt p\u00e5 korleis det gjekk. P\u00e5 Hotell Maritim i Arendal var internett nede, s\u00e5 det var ur\u00e5d \u00e5 h\u00f8yre noko. Men kveldsmaten var oppe, s\u00e5 det var r\u00e5d \u00e5 ete litt, og det var godt. Eg og Berit snakka p\u00e5 turen om kor uveret dei melde om var, vegen var god og turen gjekk greitt nedover. Fyrst d\u00e5 vi kom til Blakstad merka vi noko til at det var kome mykje sn\u00f8. Men vi lista oss inn i eit parkeringshus som l\u00e5g vegg i vegg med hotellet, og kom oss alts\u00e5 vel fram. http:\/\/www.arendal-maritime-hotel.no\/<\/p>\n<p>I dag vart m\u00f8tet vi skulle p\u00e5 avlyst, s\u00e5 vi lo litt til kvarandre d\u00e5 vi drog heim att. Dei einaste som kom seg til Arendal til dette m\u00f8tet, var dei to fr\u00e5 Bykle og Valle, og dei m\u00e5tte reise heim med uforretta sak. Vi lurte jo litt p\u00e5 om vi skulle f\u00e5 ein natt til i Arendal, det kunne vi godt hatt p\u00e5 det koselege hotellet, men vi kasta oss ut i det og d\u00e5 vi passerte Stoa, var i grunnen problema over. Turen gjekk fint, og mellom Vegusdal og Evje var det til og med sol.<\/p>\n<p>Problemveke har eg sett som overskrift p\u00e5 denne artikkelen og det eg skreiv i g\u00e5r. Det syner seg ofte at dei problema ein trur ein vil m\u00f8te, ikkje kjem n\u00e5r tida er inne for det. Vi s\u00e5g p\u00e5 TV om problem p\u00e5 E-18 mellom Kristiansand og Grimstad, og mange lurte nok p\u00e5 om vi var innesn\u00f8dd eller noko liknande. Det var vi ikkje, vi hadde ein triveleg tur, sj\u00f8lv om m\u00f8tet ikkje vart noko av. Eg trur det er lurt \u00e5 ikkje bekymre seg p\u00e5 f\u00f8rehand, som oftat vert det ei l\u00f8ysing. Slik vart det denne gongen og, b\u00e5de med turen og med Valle radio. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Som eg skreiv i g\u00e5r, var det ikkje s\u00e5 lett \u00e5 f\u00e5 til sendinga for onsdag 21. februar. Bj\u00f8rgulv T. Berg vart liggjande heime i influensa, og kunne ikkje ta sendinga. \u00d8rnulf Hasla, som eigentleg var sett opp, skulle levere ordf\u00f8rarkjede i Marnardal denne kvelden og hadde difor bede Bj\u00f8rgulv overta kvelden. S\u00e5 difor fekk &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/problemveke1788811\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Problemveke 2<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-1788811","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1788811"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1788811"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1788811\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1788811"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1788811"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1788811"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}