{"id":17863114,"date":"2014-03-02T22:55:16","date_gmt":"2014-03-02T22:55:16","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/03\/om-setesdlen-tysdagskvelden-17863114\/"},"modified":"2014-03-02T22:55:16","modified_gmt":"2014-03-02T22:55:16","slug":"om-setesdlen-tysdagskvelden-17863114","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-setesdlen-tysdagskvelden-17863114\/","title":{"rendered":"Om Setesd\u00f8len tysdagskvelden"},"content":{"rendered":"<p>Tysdag kom opplagstala for norsk presse i 2013. Eg fann oversyn p\u00e5 http:\/\/www.moisund.com\/2014\/02\/25\/toffe-tak-for-papiravisene\/ og tenkte at eg ville f\u00e5 ein kommentar fr\u00e5 redakt\u00f8ren. Det var ikkje vanskeleg, Sigurd Haugsgjerd hadde mange tankar om opplaget til avisa, som i 2013 m\u00e5tte t\u00e5le ein nedgang p\u00e5 83 aviser samanlikna med 2012. Han meinte at dei 4553 avisene framleis er godt, Setesd\u00f8len er den tredje st\u00f8rste avisa i Aust-Agder.<\/p>\n<p>Eit problem som Setesd\u00f8len har er at avisa har over 100 prosent dekning i kjerneomr\u00e5da Bygland og Valle. Dekninga er og sv\u00e6rt god i dei \u00f8vrige setesdalskommunane, s\u00e5 om opplaget skal vekse, m\u00e5 ein f\u00e5 abonnentar utanfor kjerneomr\u00e5det. D\u00e5 Sird\u00f8len slutta som papiravis, s\u00e5g ein at ein kunne f\u00e5 nokre abonnentar der om ein tok inn stoff fr\u00e5 Sirdal, i tillegg skriv avisa ein del om omr\u00e5det vestover til Byremo. Men det er fort gjort \u00e5 forskreve seg n\u00e5r avisa heiter Setesd\u00f8len og stoffet kjem fr\u00e5 heile indre Agder. Difor er det grenser for kor langt ein kan strekkje seg, meinte han.<\/p>\n<p>Grunnen til nedgangen er at det er nedgang i folketalet i omr\u00e5det avisa dekker. Det er ikkje Internett som tek abonnentar, Setesd\u00f8len sine abonnentar m\u00e5 lese papiravisa for \u00e5 f\u00e5 stoffet, og slik kjem det nok og til \u00e5 bli i framtida. Men n\u00e5r folk d\u00f8yr eller flytter fr\u00e5 distriktet, er det ikkje lett \u00e5 erstatte tapet av aviser.<\/p>\n<p>Elles er det jo og slik at opplagstalet er eit matematisk utrekna tal. Ein tek abonnementinntektene og deler p\u00e5 abonnentprisen, d\u00e5 finn ein den eine delen av opplagstalet. S\u00e5 tek ein inntektene fr\u00e5 laussal og deler p\u00e5 laussalsprisen og ser kor mange laussalsaviser det har vore. Desse vert s\u00e5 rekna om til \u00e5rsabonnement ved \u00e5 dele p\u00e5 tale p\u00e5 utg\u00e5ver i eit \u00e5r, i 2013 var det 102 utg\u00e5ver. Desse vert s\u00e5 lagt til den f\u00f8rste delen av opplagstalet, og s\u00e5 finn ein \u00e5rsopplaget. Det er alts\u00e5 eit teoretisk tal, talet p\u00e5 abonnentar i kartoteket til avisa er annleis, for nokre held avisa i kortare periodar av \u00e5ret.<\/p>\n<p>Setesd\u00f8len speglar livet i Setesdal p\u00e5 ein god m\u00e5te, og den som vil vite kva som r\u00f8rer seg i dalen, kan ikkje basere seg p\u00e5 avisene fr\u00e5 kysten, anten det er F\u00e6drelandsvennen eller Agderposten. Difor vil nok avisa framleis ha ein h\u00f8gare opplag enn folketalet skulle tilseie i avisa sine kjerneomr\u00e5de. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tysdag kom opplagstala for norsk presse i 2013. Eg fann oversyn p\u00e5 http:\/\/www.moisund.com\/2014\/02\/25\/toffe-tak-for-papiravisene\/ og tenkte at eg ville f\u00e5 ein kommentar fr\u00e5 redakt\u00f8ren. Det var ikkje vanskeleg, Sigurd Haugsgjerd hadde mange tankar om opplaget til avisa, som i 2013 m\u00e5tte t\u00e5le ein nedgang p\u00e5 83 aviser samanlikna med 2012. Han meinte at dei 4553 avisene &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-setesdlen-tysdagskvelden-17863114\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Om Setesd\u00f8len tysdagskvelden<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17863114","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17863114"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17863114"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17863114\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17863114"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17863114"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17863114"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}