{"id":17789041,"date":"2014-02-19T23:58:30","date_gmt":"2014-02-19T23:58:30","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/02\/veka-som-gjekk-veke-7-17789041\/"},"modified":"2014-02-19T23:58:30","modified_gmt":"2014-02-19T23:58:30","slug":"veka-som-gjekk-veke-7-17789041","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/veka-som-gjekk-veke-7-17789041\/","title":{"rendered":"Veka som gjekk, veke 7, 2014"},"content":{"rendered":"<p>Tysdagskvelden starta eg ein k\u00e5seriserie i Valle Radio om veka som gjekk. Eg har tenkt at i gamle dagar sette folk pris p\u00e5 k\u00e5s\u00f8rar i radioen, anten dei heitte Richard Herrmann eller Arthur Kl\u00e6bo. Utan \u00e5 m\u00e5le meg med slike kjente namn har eg tenkt at sjangeren kunne vere god \u00e5 bruke i Valle Radio. Det har eg gjort i mine sm\u00e5 k\u00e5seri til innleiing om tysdagskveldane, men kan hende kunne dei byggjast ut og bli noko meir.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 kom eg til \u00e5 tenkje p\u00e5 at eg i grunnen har stoffet rett framfor nasen. I og med at eg legg onverskriftene fr\u00e5 Setesd\u00f8len inn p\u00e5 Setesdalswiki, kunne eg jo nytte det stoffet som grunnlag for k\u00e5seria mine. Du som h\u00f8yrer p\u00e5 er kanskje av dei som blar fort gjennom Setesd\u00f8len og seier at det var ikkje noko s\u00e6rleg interessant i avisa i dag, og s\u00e5 legg du ho bort. Mi erfaring er at det dei fleste dagane er noko interessant i avisa, og at dei som skriv der, finn stoff som ein kan ha glede over i ulike samanhengar.<\/p>\n<p><strong>Sport<\/strong><\/p>\n<p>I veke 7 starta OL, men Setesd\u00f8len var ikkje oppteken av sporten i Sotsji f\u00f8r Maiken Caspersen Falla vann sprinten der. Grunnen til at ho d\u00e5 kom i Setesd\u00f8len, var at ho har vore elev p\u00e5 Hovden Skigymnas og dermed var ein ut\u00f8var med lokal tilknytning. Fr\u00e5 Hovden skigymnas til toppen av OL-pallen, var tittelen p\u00e5 baksida av avisa, og sanneleg fekk vi vite at Bykle-ordf\u00f8raren, som er i permisjon fr\u00e5 stilling p\u00e5 Hovden Skigymnas og truleg har hatt Maiken som elev, unna seg ein fersk muffin fr\u00e5 ein bensinstasjon i Telemark for \u00e5 feire hendinga. Eg lurer n\u00e5 likvel p\u00e5 om muffinsane er ferske p\u00e5 bensinstasjonane i Telemark.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om avisa ikkje var oppteken av sporten i Kaukasus, fekk vi vite at Gaute Kv\u00e5le og Elin Uppstad vann skirennet opp alpinbakken i Brokke og dermed kunne ta med seg kvar sin sjekk p\u00e5 10.000 kroner. I Valle Radio onsdagskvelden fekk du vite at dei begge ville bruke pengane p\u00e5 sporten sin, kan hende ikkje s\u00e5 mykje til utstyr som til \u00e5 dekke generelle kostnader i samband med engasjementet. Vi fekk og vite at arrang\u00f8rane var godt n\u00f8gde med Brokke Mini Tour, og i radioen fortalde Jon Ola Rysstad at dei hadde f\u00e5tt mykje godord for arrangementet, til tross for det kraftige sn\u00f8veret sundagen. Med over 100 deltakarar begge dagane var m\u00e5let for arrangementet n\u00e5dd. Men det var mykje arbeid.<\/p>\n<p>Elles kunne vi f\u00e5 vite at 1124 var p\u00e5melde til Hovden Tour, noko som er om lag det same som p\u00e5 denne tida i fjor. Men om ein vil vere med p\u00e5 gratis buss oppover dalen, hastar det med p\u00e5melding, for den tek til \u00e5 bli full. Avisa hadde og fullstendig liste over dei 36 som var med i Telenorcup-rennet p\u00e5 Heistad 11. februar. Dei minste var fem \u00e5r og yngre, dei eldste var i klassen 14-15 \u00e5r, s\u00e5 her glimra dei yngste til glede for ivrige foreldre p\u00e5 sidelinja. No f\u00e5r du OL-floka med Lindesnes Trekkspillklubb.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tysdagskvelden starta eg ein k\u00e5seriserie i Valle Radio om veka som gjekk. Eg har tenkt at i gamle dagar sette folk pris p\u00e5 k\u00e5s\u00f8rar i radioen, anten dei heitte Richard Herrmann eller Arthur Kl\u00e6bo. Utan \u00e5 m\u00e5le meg med slike kjente namn har eg tenkt at sjangeren kunne vere god \u00e5 bruke i Valle Radio. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/veka-som-gjekk-veke-7-17789041\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Veka som gjekk, veke 7, 2014<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17789041","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17789041"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17789041"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17789041\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17789041"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17789041"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17789041"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}