{"id":17695535,"date":"2014-02-02T23:52:17","date_gmt":"2014-02-02T23:52:17","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/02\/fellesskap-i-40-ar-17695535\/"},"modified":"2014-02-02T23:52:17","modified_gmt":"2014-02-02T23:52:17","slug":"fellesskap-i-40-ar-17695535","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fellesskap-i-40-ar-17695535\/","title":{"rendered":"Fellesskap i 40 \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>Nomeland bedehus feira 40 \u00e5r laurdagskvelden med eit variert program. Bj\u00f8rgulv T. Berg leia festen etter at styreleiar Torleiv D. Bj\u00f8rgum hadde helsa velkomen. Leiinga var uformell, prega av at folk hjelper kvarandre n\u00e5r fellesskapet er saman. Etter eit par songar las eg prologen eg hadde skrive, Eit hus for h\u00e5p. Sissa Ringstad, Siri Melhus og Gro H\u00e5tveit var forsangarar, og Bj\u00f8rgulv hadde f\u00e5tt med seg min kollega \u00d8ystein Berg p\u00e5 piano medan han sj\u00f8lv spelte gitar. Det gav ein rungande song.<\/p>\n<p>Av andre programinnslag m\u00e5 eg nemne Torbj\u00f8rg, som hadde late Lavrans vere heime denne kvelden for \u00e5 lade opp til OL i sushi i selskap med Smirnoff. Else Gyro Rysstad hadde og mange andre gode poeng i helsinga, ikkje minst poenget om \u00e5 Sela, finne ro og fred p\u00e5 bedehuset, som det st\u00e5r i Salme 3 og 4. Opp av veska drog ho gode bukseselar for \u00e5 understreke poenget.<\/p>\n<p>Knut T. Brokke hadde studert Bygdesogeskrifter og fortalde litt om det f\u00f8rste bedehuset p\u00e5 Nomeland, slik vart det trekt linjer langt tilbake. Mat\u00f8kta var str\u00e5lande, Knut og Anny hadde laga suppe, nybakte lefser fr\u00e5 Jorunn Lund Harstad s\u00e5 vel som rundstykke smakte nydeleg og vart runda av med kaffe og kaker som det h\u00f8ver seg i eit bursdagsselskap.<\/p>\n<p>Viggo Wilhelmsen talte og nytta same teksten som Sverre Olsen hadde brukt ved vigslinga av huset i mai 1973 og streka under korleis han som tilreisande predikant likevel kjende seg eitt med bedehusforsamlinga p\u00e5 Nomeland, det kristne fellesskapet finn ein b\u00e5de i Setesdal og i Korint, der han er eldstebroder i kyrkjelyden som har blitt etablert som f\u00f8lgje av verksamda til Viggo. Ei jubileumsg\u00e5ve vart gjeven til dette arbeidet. Kostnadene ved festen vart dekte ved ei utlodning, der var \u00e5rene utselde f\u00f8r alle hadde f\u00e5tt kj\u00f8pe.<\/p>\n<p>I programmet i Valle Radio tysdagskvelden sa Torleiv at festen skulle vare fr\u00e5 fire til sju, men klokka var godt over halv \u00e5tte d\u00e5 vi avslutta. Triveleg \u00e5 f\u00e5 vere saman denne kvelden og m\u00f8te vener og medarbeidarar fr\u00e5 tida me budde p\u00e5 Nomeland.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Nomeland bedehus feira 40 \u00e5r laurdagskvelden med eit variert program. Bj\u00f8rgulv T. Berg leia festen etter at styreleiar Torleiv D. Bj\u00f8rgum hadde helsa velkomen. Leiinga var uformell, prega av at folk hjelper kvarandre n\u00e5r fellesskapet er saman. Etter eit par songar las eg prologen eg hadde skrive, Eit hus for h\u00e5p. Sissa Ringstad, Siri Melhus &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fellesskap-i-40-ar-17695535\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fellesskap i 40 \u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17695535","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17695535"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17695535"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17695535\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17695535"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17695535"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17695535"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}