{"id":17657020,"date":"2014-01-29T22:36:49","date_gmt":"2014-01-29T22:36:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/01\/om-olav-knutsson-tveiten-17657020\/"},"modified":"2014-01-29T22:36:49","modified_gmt":"2014-01-29T22:36:49","slug":"om-olav-knutsson-tveiten-17657020","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-olav-knutsson-tveiten-17657020\/","title":{"rendered":"Om Olav Knutsson Tveiten"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld var Leonhard Jansen i studio for \u00e5 snakke om Olav Knutsson Tveiten. At ei lita bygd som Valle fekk ein eidsvollsmann, var nok noko naturstridig. men det var no det som skjedde. Kjeldene er ikkje s\u00e5 veldig tydelege p\u00e5 korleis det bar til, men han var ein vel omtykt mann, lensmannen i Valle. Alt 27 \u00e5r gamal var han blitt lensmann, og jobben hadde han til han d\u00f8ydde, over 50 \u00e5r seinare.<\/p>\n<p>Vi snakka litt om korleis dette ombodet var p\u00e5 bygdene p\u00e5 den tida, han var futen sin forlenga arm og sette opp skj\u00f8te ved handel, kravde inn skattar og avgifter og heldt ro og orden. For jobben fekk han litt av det han kravde inn, s\u00e5 det var ei god ekstrainntekt. Men garden var stor og heile familien var med p\u00e5 \u00e5 drive den, s\u00e5 han stod seg godt.<\/p>\n<p>S\u00e5 vart han vald som tredje utsending fr\u00e5 R\u00e5byggelaget til \u00e5 m\u00f8te p\u00e5 Eidsvoll. Vi snakka litt om korleis han tok seg fram, det var jo p\u00e5 v\u00e5ren, kan hende han gjekk p\u00e5 ski til Telemark og vidare til Kongsberg, eller kan hende han reiste ned dalen og fekk b\u00e5tskyss innover. Det vert ikkje sagt noko om det i kjeldene, heller ikkje korleis dei reiste heim etter 17. mai.<\/p>\n<p>Leonhard fortalde levande om det som finst i kjeldene om Olav Knutsson Tveiten. Han betalte 10 dalar og gav futen ein \u00f8yrefik d\u00e5 han ikkje likte maten han fekk. Det meinte Leonhard kan hende var ei vandresoge, for ein h\u00f8yrer det same fr\u00e5 andre kantar av landet.<\/p>\n<p>Vi snakka litt om eidsvollsmennenes etterkomarar, og ettersom Olav var gift to gonger og hadde mange born, er det mange hundre etterkomarar etter han. Dottera Sigrid vart gift med kjempa Bj\u00f8rgulv Uppstad, dei hadde mange born, sonen Bj\u00f8rn hadde og mange born, s\u00e5 det vart ei stor etterslekt. Nokre reiste til Amerika, s\u00e5 ogs\u00e5 der er det etterkomarar. P\u00e5 denne sida kan du sj\u00e5 meir om det: http:\/\/data.eidsvollsmenn.no\/tng\/descend.php?personID=I49943&#038;tree=Eidsvollsmenn&#038;display=compact&#038;generations=8<\/p>\n<p>Framleis er det mange som ikkje er registrerte, s\u00e5 det skal vi snakke meir om i serien om eidsvollsmennen neste tysdag i Valle Radio. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld var Leonhard Jansen i studio for \u00e5 snakke om Olav Knutsson Tveiten. At ei lita bygd som Valle fekk ein eidsvollsmann, var nok noko naturstridig. men det var no det som skjedde. Kjeldene er ikkje s\u00e5 veldig tydelege p\u00e5 korleis det bar til, men han var ein vel omtykt mann, lensmannen i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-olav-knutsson-tveiten-17657020\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Om Olav Knutsson Tveiten<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17657020","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17657020"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17657020"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17657020\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17657020"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17657020"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17657020"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}