{"id":17630075,"date":"2014-01-25T23:58:01","date_gmt":"2014-01-25T23:58:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/01\/nomeland-bedehus-17630075\/"},"modified":"2014-01-25T23:58:01","modified_gmt":"2014-01-25T23:58:01","slug":"nomeland-bedehus-17630075","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nomeland-bedehus-17630075\/","title":{"rendered":"Nomeland bedehus"},"content":{"rendered":"<p>I fjor var det 40 \u00e5r sidan Nomeland bedehus var ferdig. Huset vart vigsla 13. mai 1973 med skriftlesing og b\u00f8n av Knut F. Uppstad og Knut O. Nomeland. Sverre Olsen var sokneprest i Valle d\u00e5, og han heldt vigslingstalen.<\/p>\n<p>Opp gjennom \u00e5ra har huset vore brukt til mangt og mykje. F\u00f8r Hylestad barnehage vart bygd, var det barnehage i Nomeland bedehus, kvart \u00e5r har det vore overnatting der i samband med Sesil\u00e5mi, i fleire \u00e5r var det kyrkjeasyl i huset. Men sj\u00f8lvsagt har det vore mest brukt til det som det var tenkt til, eit forsamlingshus for Hylestad. I den tida Knut O. Nomeland levde, var det ikkje minst Misjonssambandet som var aktive, men alle organisasjonane innan kyrkja har gjesta huset med m\u00f8teveker og kortare bes\u00f8k.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg kom til Valle i 1991, vart eg fort trekt inn i Fredagsklubben som Ove Berrefjord og fleire andre dreiv. Det vert triveleg \u00e5 m\u00f8te han att n\u00e5r det skal markerast 40 \u00e5r komande laurdag klokka 16. I mange \u00e5r var det barneforening p\u00e5 Nomeland bedehus, men sundagsskulen var p\u00e5 Hylestad soknehus. Dei seinare \u00e5ra har det vore kvinnem\u00f8te i regi av Jesuskvinner der.<\/p>\n<p>Komande tysdag kjem Torleiv D. Bj\u00f8rgum i Valle Radio for \u00e5 fortelje om dette. D\u00e5 f\u00e5r du h\u00f8yre meir om b\u00e5de arbeidet og jubileumsfeiringa.<\/p>\n<p>Viggo Wilhelmsen har vore ein noks\u00e5 fast talar p\u00e5 Nomeland bedehus. Han skal tale p\u00e5 jubileumsfesten. Og s\u00e5 vert det ei god mat\u00f8kt. Det kan bli ein triveleg ettermiddag. Sj\u00f8lv held eg p\u00e5 med ein prolog til festen. Du m\u00e5 og setje av dagen, s\u00e5 m\u00f8test vi der.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I fjor var det 40 \u00e5r sidan Nomeland bedehus var ferdig. Huset vart vigsla 13. mai 1973 med skriftlesing og b\u00f8n av Knut F. Uppstad og Knut O. Nomeland. Sverre Olsen var sokneprest i Valle d\u00e5, og han heldt vigslingstalen. Opp gjennom \u00e5ra har huset vore brukt til mangt og mykje. F\u00f8r Hylestad barnehage vart &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nomeland-bedehus-17630075\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Nomeland bedehus<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17630075","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17630075"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17630075"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17630075\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17630075"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17630075"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17630075"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}