{"id":17598090,"date":"2014-01-15T22:36:58","date_gmt":"2014-01-15T22:36:58","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/01\/frste-gong-med-ny-sendetid-17598090\/"},"modified":"2014-01-15T22:36:58","modified_gmt":"2014-01-15T22:36:58","slug":"frste-gong-med-ny-sendetid-17598090","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frste-gong-med-ny-sendetid-17598090\/","title":{"rendered":"F\u00f8rste gong med ny sendetid"},"content":{"rendered":"<p>Det var litt rart \u00e5 kome i radioen klokka halv sju ein onsdagskveld. Men etter at vi har f\u00e5tt ny sendetid er den ktuelle timen borte, s\u00e5 sendinga starta med Tankar fr\u00e5 Bibelen ved Torleif B. Harstad. Teknikar K\u00e5re Rike introduserte han, det var jo ikkje naturleg at eg skulle g\u00e5 i studio bare for \u00e5 annonsere at Torleif skulle kome, s\u00e5 eg sat stille og funderte p\u00e5 kveldens program den halve timen som Torleif var i studio.<\/p>\n<p>Medan eg sat der, kom Frode Buen, han skulle ha programposten Kommunen informerer. Ettersom det ikkje hadde vore nokon aktuell time, kunne han nytte Bygdenytt som grunnlag for samtalen, og med det fylte han tida utan s\u00e6rleg pause.  Platespelaren fekk st\u00e5 i ro til han avslutta, og d\u00e5 var det tid for Erik Berglihn som gjest i Haralds time.<\/p>\n<p>Eg hadde m\u00f8tt Erik eit par gonger f\u00f8r, s\u00e5 eg visste at han hadde mykje \u00e5 fortelje. Det er triveleg \u00e5 ha ein gjest som har noko p\u00e5 hjarta, og han fortalde levande om litt av det han hadde vore med p\u00e5 f\u00f8r han i haust tok til som n\u00e6ringskoordinator i Setesdal Regionr\u00e5ds regi. Ettersom han treng tid til \u00e5 avvikle nokre prosjekt han held p\u00e5 med, er han ikkje i full stilling enno, han arbeider mellom 50 og 70 prosent enn s\u00e5 lenge.<\/p>\n<p>Eg kjem nok tilbake til noko av det han fortalde i seinare innlegg p\u00e5 bloggen. Men eg nemner alt no at det er tillyst m\u00f8te om Elgfarm p\u00e5 Landeskogen i begynnelsen p\u00e5 februar. D\u00e5 kan alle m\u00f8te fram og f\u00e5 h\u00f8yre om prosjektet som ser ut til \u00e5 kunne realiserast i nedre Setesdal. Det har vore pr\u00f8vd \u00e5 f\u00e5 til p\u00e5 Hovden utan \u00e5 lukkast, men om det kjem i gang p\u00e5 Landeskogen, vil det ha store ringverknader for heile dalen. Turistar som stoppar for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 elg, vil truleg m\u00e5tte ha b\u00e5de overnatting og mat ein eller annan stad i Setesdal, og d\u00e5 vil alle f\u00e5 glede av kronene dei nyttar i regionen. Det vert spennande \u00e5 fylgje med p\u00e5 korleis det prosjektet kan realiserast.<\/p>\n<p>Nytt tidspunkt for start i kveld, men elles ein onsdagskveld etter ein velpr\u00f8vd lest i Valle Radio. Klokka 21 kom Opi sending med Henri-Tore og Rolf Erik, og d\u00e5 kunne eg slappe av etter ein av dei kortaste kveldane eg har hatt i radioen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det var litt rart \u00e5 kome i radioen klokka halv sju ein onsdagskveld. Men etter at vi har f\u00e5tt ny sendetid er den ktuelle timen borte, s\u00e5 sendinga starta med Tankar fr\u00e5 Bibelen ved Torleif B. Harstad. Teknikar K\u00e5re Rike introduserte han, det var jo ikkje naturleg at eg skulle g\u00e5 i studio bare for &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frste-gong-med-ny-sendetid-17598090\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">F\u00f8rste gong med ny sendetid<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17598090","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17598090"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17598090"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17598090\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17598090"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17598090"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17598090"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}