{"id":17594269,"date":"2014-01-14T22:38:09","date_gmt":"2014-01-14T22:38:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/01\/fra-koloni-til-kongedmme-17594269\/"},"modified":"2014-01-14T22:38:09","modified_gmt":"2014-01-14T22:38:09","slug":"fra-koloni-til-kongedmme-17594269","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fra-koloni-til-kongedmme-17594269\/","title":{"rendered":"Fr\u00e5 koloni til konged\u00f8mme"},"content":{"rendered":"<p>Det vart ein interessant samtale med Helge Sten Thorbj\u00f8rnsen i Valle Radio i kveld Han hadde skrive ein artikkel i F\u00e6rdrelandsvennen i dag i samband med at det i dag var 200 \u00e5r sidan Kielfreden. Der tok han opp noko han fann p\u00e5fallande, at det i traktaten heiter at Norge er eit konged\u00f8mme. Landet hadde ikkje vore konged\u00f8mme p\u00e5 500 \u00e5r, og plutseleg var det g\u00e5tt fr\u00e5 \u00e5 vere ein dansk koloni til eit konged\u00f8mme. Kva kunne vere grunnen?<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv meinte han at dette var eit trekk som m\u00e5tte sj\u00e5ast i eit langt perspektiv. Den danske kongen hadde vore p\u00e5 feil side i Napoleonskrigane og hadde etter kvart skj\u00f8na at det gjekk mot tap. Han s\u00e5g og at Sverige, som hadde vore p\u00e5 rett side og difor skulle f\u00e5 noko att for \u00e5 ha st\u00f8tta England, ville f\u00e5 ein sterk posisjon om landet fekk Norge, noko Sverige gjerne kunne tenke seg, ettersom dei hadde mist Finland til Russland nokre \u00e5r f\u00f8r. Difor trudde Torbj\u00f8rnsen at danskekongen kanskje vona \u00e5 kome ut betre av tapet om Norge var sj\u00f8lvstendig konged\u00f8mme og ikkje ein dansk koloni, og dersom arveprinsen i Danmark var konge i Norge, ville dei to landa kunne kome saman att n\u00e5r arveprinsen vart konge i Danmark.<\/p>\n<p>Helge Sten Thorbj\u00f8rnsen hadde studert dette i samband med eit foredrag han hadde p\u00e5 Senioruniversitetet i Kristiansand i dag om Eilert Sundt, mannen som fekk si livsoppg\u00e5ve i lys av grunnlova, slik Torbj\u00f8rnsen s\u00e5g det. Ikkje bare han, men Henrik Wergeland og fleire andre steig fram som nordmenn, noko det hadde vore lite av f\u00f8r 1800-talet, d\u00e5 opplevde folk fr\u00e5 Norge seg som danske. Men etter omveltningane som f\u00f8lgje av Napoleonskrigane s\u00e5 dei plutseleg at dei kunne vinne sj\u00f8lvstende og verte fri fr\u00e5 b\u00e5de Danmark og Sverige, og dei hadde p\u00e5 ingen m\u00e5te lyst \u00e5 g\u00e5 i union med Sverige, Norge hadde jo mist b\u00e5de B\u00e5huslen og J\u00e4mtland og H\u00e4rjedalen til Sverige.<\/p>\n<p>Slik kom sj\u00f8lvstendet rekande p\u00e5 ei fj\u00f8l, og nordmenn i 1814 greip h\u00f8vet, laga grunnlov og la grunnen for sj\u00f8lvstende og vokster, rett nok i ein union med Sverige, men ettersom landet var konged\u00f8me, var unionen mellom to sj\u00f8lvstendige partar og ikkje mellom ein vinnar og ein tapande koloni.<\/p>\n<p>Det vart ein interessant prat, eg l\u00e6rte mykje og vonar at lyttarar ogs\u00e5 l\u00e6rte noko. I s\u00e5 fall var kvelden i radioen litt meir enn underhaldning.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det vart ein interessant samtale med Helge Sten Thorbj\u00f8rnsen i Valle Radio i kveld Han hadde skrive ein artikkel i F\u00e6rdrelandsvennen i dag i samband med at det i dag var 200 \u00e5r sidan Kielfreden. Der tok han opp noko han fann p\u00e5fallande, at det i traktaten heiter at Norge er eit konged\u00f8mme. Landet hadde &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fra-koloni-til-kongedmme-17594269\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fr\u00e5 koloni til konged\u00f8mme<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17594269","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17594269"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17594269"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17594269\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17594269"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17594269"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17594269"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}