{"id":17577551,"date":"2014-01-10T21:07:26","date_gmt":"2014-01-10T21:07:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/01\/tysk-musikk-17577551\/"},"modified":"2014-01-10T21:07:26","modified_gmt":"2014-01-10T21:07:26","slug":"tysk-musikk-17577551","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tysk-musikk-17577551\/","title":{"rendered":"Tysk musikk"},"content":{"rendered":"<p>Eg sat og s\u00e5g litt p\u00e5 skiskyting i dag, og d\u00e5 sa kommentatorane at det var slitsamt \u00e5 vere i Tyskland i tre veker og h\u00f8yre ompa-musikk. Hadde eg hatt kaffi, ville eg nok sett den i halsen. Om eg skal kommentere det, s\u00e5 synest eg det er slitsamt med engelsk og amerikansk musikk i NRK til alle tider, kanalen er nesten kjemisk fri for tysk musikk.<\/p>\n<p>Valle Radio vil b\u00f8te p\u00e5 det. Tysdag kjem Wenche Gundersen i studio for \u00e5 presentere tysk musikk. Ho er \u00f8konomisjef i Valle kommune, difor er ho i radioen eit par gonger i \u00e5ret i programmet Kommunen informerer. Kvar gong har ho med seg tysk musikk som ho krydrar programmet med, den er melodi\u00f8s og fin og ei kj\u00e6rkomen avveksling fr\u00e5 all country og rock som ein som oftast h\u00f8yrer i eteren. D\u00e5 ho var i radioen i haust, avtalte vi at vi skulle ha ein time med musikken ho og mannen er s\u00e5 glade i.<\/p>\n<p>Til vanleg ville det vere eit program vi kunne ha onsdag mellom klokka 20 og 21, i det som har vore programleiarens time. Men etter at vi no har vedteke \u00e5 korte inn onsdagssendingane med ein time, vil det nok vere vanskeleg \u00e5 disponere heile den timen til slike musikkprogram. Ein bygderadio b\u00f8r jo ha litt nyhetsstoff og, og det er nok naturleg \u00e5 ha det i den timen framover. Difor har eg invitert Wenche til \u00e5 vere med i tysdagssendinga komande tysdag. I timen mellom 19 og 20 tysdag har eg ofte hatt country gospel, men no vert det alts\u00e5 tysk musikk.<\/p>\n<p>Set p\u00e5 radioen tysdagskvelden, det vert ei ny oppleving du m\u00e5 f\u00e5 med deg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg sat og s\u00e5g litt p\u00e5 skiskyting i dag, og d\u00e5 sa kommentatorane at det var slitsamt \u00e5 vere i Tyskland i tre veker og h\u00f8yre ompa-musikk. Hadde eg hatt kaffi, ville eg nok sett den i halsen. Om eg skal kommentere det, s\u00e5 synest eg det er slitsamt med engelsk og amerikansk musikk i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tysk-musikk-17577551\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Tysk musikk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17577551","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17577551"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17577551"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17577551\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17577551"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17577551"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17577551"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}