{"id":17573544,"date":"2014-01-09T21:22:07","date_gmt":"2014-01-09T21:22:07","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/01\/til-hovden-etter-jul-17573544\/"},"modified":"2014-01-09T21:22:07","modified_gmt":"2014-01-09T21:22:07","slug":"til-hovden-etter-jul-17573544","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/til-hovden-etter-jul-17573544\/","title":{"rendered":"Til Hovden etter jul"},"content":{"rendered":"<p>Sundag kveld hamna eg bak eit par danske bussar d\u00e5 eg var p\u00e5 veg til Valle. Det f\u00f8rte til at eg tysdagskvelden hadde ein prat med Lasse Eidskrem i hovden.com om kva som er aktuelt p\u00e5 Hovden i desse dagane.<\/p>\n<p>Han fortalde d\u00e5 at dei fleste vinterdestinasjonar er avhengige av danske grupper i vekene. I helgene fyller nordmenn opp, men i vekene er det danskar som er p\u00e5 tur. P\u00e5 Hovden er det mange danske efterskoler i denne tida. Ein efterskole er ein folkeh\u00f8gskole for 16-\u00e5ringar, dei som er ferdige med folkeskolen i Danmark og tek eit \u00e5r f\u00f8r dei g\u00e5r i gang med yrkesutdanning eller gymnas. Ein vanleg dansk folkeh\u00f8yskole har eldre ungdommar og vaksne elevar, men fordi det har vore eit press p\u00e5 \u00e5 ha eit tilbod til dei yngre, er det etablert slike efterskoler.<\/p>\n<p>P\u00e5 Hovden har dei lagt opp til at det skal vere meir underhaldning i helgene, s\u00e5 dei har etablert eit samarbeid mellom Hovden Alpin Lodge og stand up-scenen Latter i Oslo. Det f\u00f8rer til at kvar fredag kjem det ein stand up-komikar fr\u00e5 Latter og har show p\u00e5 Hovden Alpin Lodge.<\/p>\n<p>Elles kunne Lasse Eidskrem fortelje at det var ein meter med sn\u00f8 p\u00e5 Hovden, det hadde vore meir, men s\u00e5 vart det mildver og d\u00e5 sokk det saman noko. D\u00e5 han fortalde det, tenkte eg at eg var glad eg var i Valle, for her har det vorte nesten bart i l\u00f8pet av juleferien, og for ein som ikkje likar sn\u00f8 og glatte vegar, er det perfekt.<\/p>\n<p>Eg hadde dette innslaget tysdagskvelden ettersom det ikkje var onsdagssending denne veka. Dermed laga eg ein aktuell halvtime tysdagskvelden. Det vert nok ikkje s\u00e5 ofte eg gjer det, sj\u00f8lv om eg planlegg \u00e5 ha meir kulturstoff i tysdagssendingane framover ettersom sendetida onsdagskveldane er korta inn med ein time og onsdagssendingane no skal starte klokka 19. Vi f\u00e5r sj\u00e5 korleis det g\u00e5r.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sundag kveld hamna eg bak eit par danske bussar d\u00e5 eg var p\u00e5 veg til Valle. Det f\u00f8rte til at eg tysdagskvelden hadde ein prat med Lasse Eidskrem i hovden.com om kva som er aktuelt p\u00e5 Hovden i desse dagane. Han fortalde d\u00e5 at dei fleste vinterdestinasjonar er avhengige av danske grupper i vekene. I &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/til-hovden-etter-jul-17573544\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Til Hovden etter jul<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17573544","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17573544"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17573544"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17573544\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17573544"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17573544"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17573544"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}