{"id":17569617,"date":"2014-01-08T21:50:26","date_gmt":"2014-01-08T21:50:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/01\/etter-all-julematen-17569617\/"},"modified":"2014-01-08T21:50:26","modified_gmt":"2014-01-08T21:50:26","slug":"etter-all-julematen-17569617","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/etter-all-julematen-17569617\/","title":{"rendered":"Etter all julematen"},"content":{"rendered":"<p>I den aktuelle timen i g\u00e5r kveld snakka eg med Silje Stange Foss som er ern\u00e6ringsfysiolog p\u00e5 Evjeklinikken. Ho skreiv eit lesarinnlegg i Setesd\u00f8len sitt siste nummer i fjor, det kom 30. desember. Stykket heitte <em>Kos deg med anna enn feit mat<\/em>. Du kan lese det p\u00e5 Setesdalswiki: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Kos_deg_med_anna_enn_feit_mat<\/p>\n<p>Stykket kom p\u00e5 trykk etter jul, det var jo litt dumt, for slik som det var skrive, burde det st\u00e5tt p\u00e5 trykk f\u00f8r jul. Men ein r\u00e5r ikkje over korleis avisa sin plass er, og truleg vart det for mange god jul-annonsar til at innlegget kunne kome med.<\/p>\n<p>Silje hadde vore p\u00e5 Evjeklinikken i vel eitt \u00e5r, fortalde ho i radioen. Vi snakka litt om julematen, i Gausdal, der ho kjem fr\u00e5, hadde dei ribbe. Eg fortalde henne om julemattradisjonar i \u00d8vre Setesdal, ho kjende ikkje til tradisjonen med nepespa, s\u00e5 eg m\u00e5tte seie noko om kva det var, og ho meinte d\u00e5 at det var ein tradisjon som kunne vere i samsvar med m\u00e5let om \u00e5 unng\u00e5 feit mat til jul.<\/p>\n<p>I artikkelen skreiv dei om kor mykje arbeid som m\u00e5tte til for \u00e5 forbrenne kaloriane i ein porsjon riskrem, det var ikkje lite. Det same var jo situasjonen med kaken i jula. Ho meinte difor at det var eit sunt prinsipp \u00e5 forsyne seg bare ein gong, og ikkje satse p\u00e5 \u00e5 t\u00f8me kakeboksen s\u00e5 fort som r\u00e5d. D\u00e5 eg spurde henne om kva ein skulle gjere med kakene som vart til overs, fortalde ho at ho hadde f\u00e5tt eit forslag fr\u00e5 ein pasient p\u00e5 Evjeklinikken om \u00e5 male dei opp til fuglemat. D\u00e5 kunne ein glede seg over mange fuglar p\u00e5 fuglebrettet. Ein annan ide var \u00e5 gje kaken til julebukkar n\u00e5r dei var ute med posane sine.<\/p>\n<p>Det var hyggeleg \u00e5 prate med henne om eit s\u00e5 aktuelt tema. Ho skriv i artikkelen at mattradisjonane vart til i ei tid med hardt kroppsarbeid. Slik har vi det ikkje lenger, dei fleste av oss, men kosten i jula er ikkje endra. Difor slo ho eit slag for \u00e5 redusere den feite maten ein har i jula og heller ha tradisjonar som g\u00e5r p\u00e5 ting ein kan gjere saman, til d\u00f8mes quiz eller aktivitetar ute.<\/p>\n<p>S\u00e5 f\u00e5r ein sj\u00e5 korleis det g\u00e5r i det nye \u00e5ret.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I den aktuelle timen i g\u00e5r kveld snakka eg med Silje Stange Foss som er ern\u00e6ringsfysiolog p\u00e5 Evjeklinikken. Ho skreiv eit lesarinnlegg i Setesd\u00f8len sitt siste nummer i fjor, det kom 30. desember. Stykket heitte Kos deg med anna enn feit mat. Du kan lese det p\u00e5 Setesdalswiki: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Kos_deg_med_anna_enn_feit_mat Stykket kom p\u00e5 trykk etter jul, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/etter-all-julematen-17569617\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Etter all julematen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17569617","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17569617"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17569617"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17569617\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17569617"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17569617"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17569617"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}