{"id":17532698,"date":"2014-01-01T23:15:06","date_gmt":"2014-01-01T23:15:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/01\/det-ular-og-blaes-17532698\/"},"modified":"2014-01-01T23:15:06","modified_gmt":"2014-01-01T23:15:06","slug":"det-ular-og-blaes-17532698","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-ular-og-blaes-17532698\/","title":{"rendered":"Det ular og bl\u00e6s"},"content":{"rendered":"<p>Det har vore ein vindfull periode p\u00e5 slutten av 2013. Mang ein kveld har eg lege i senga og h\u00f8yrt vinden ule rundt nova. Ein kan og sitje inne og sj\u00e5 korleis tretoppane vaiar i vinden. D\u00e5 er i alle fall eg glad for \u00e5 vere under tak, og ofte tenkjer eg p\u00e5 dei som bygde huset eg er i. For ei tid tilbake h\u00f8yrde vi at taket vart flerra av eit hus og grunnen var at ein hadde brukt for korte spikrar. D\u00e5 tenkjer eg p\u00e5 svigerfar som bygde huset eg bur i. Det gjorde han utan spikerpistol, og det st\u00e5r st\u00f8dig etter seksti \u00e5r. L\u00e5ven v\u00e5r er enno eldre, det ser ikkje ut til at han nauar s\u00e6rleg heller.<\/p>\n<p>I slike stunder er eg glad eg ikkje har b\u00e5t, for det fylgjer alltid ekstra ansvar med \u00e5 vere b\u00e5teigar, og s\u00e6rleg n\u00e5r p\u00e5landsvind og m\u00e5ne skapar springflo i kombinasjon med vind. D\u00e5 b\u00f8r ein sjekke fort\u00f8yingane og kontrollere at b\u00e5ten ikkje f\u00e5r skade. \u00c5 sleppe alt ein har i hendene for \u00e5 dra ut og sikre b\u00e5ten, det kan vere b\u00e5de strevsamt og stitt.<\/p>\n<p>N\u00e5r vinden er kombinert med regn, vil katten v\u00e5r helst ikkje ut. Sj\u00f8lv om han m\u00e5, s\u00e5 dr\u00f8yer han i det lengste, og han har ein teknikk med \u00e5 setje seg langt inne i stova, sj\u00f8lv etter at han har mjaua og gitt signal om at han kunne \u00f8nske at vi opna d\u00f8ra. Ofte finn han den d\u00f8ra der det d\u00e5rlege veret merkast minst, s\u00e5 mange gonger g\u00e5r vi fr\u00e5 d\u00f8r til d\u00f8r for \u00e5 vere til behag. Ikkje lenge etter at vi har slept han ut, er han p\u00e5 d\u00f8ra og vil inn att.<\/p>\n<p>I gamle dagar ba ein om godt og tenleg ver i kyrkja. Eg er litt usikker p\u00e5 om den b\u00f8na framleis er med i kyrkjeb\u00f8na eller om trua p\u00e5 yr.no har blitt s\u00e5 sterk at ein trur seg \u00e5 kunne vere budd p\u00e5 det meste. D\u00e5 vi i dag h\u00f8yrde at forsikringsselskapa hadde betalt ut meir enn ein milliard i skadeerstatning etter dei namngjevne stormane i 2013, skj\u00f8nar ein at det er store krefter i sving og at ein gjer lurt i \u00e5 ta det litt piano n\u00e5r det ular og bl\u00e6s.<\/p>\n<p>&#8220;I slikt v\u00e6r, da f\u00e5r du b\u00f8nner, Gud&#8221; heiter det i diktet Juleaften av Henrik Wergeland:<br \/>\n<em>Et v\u00e6r, som rystet<br \/>\nden sterkes hjerte i dets skjul i brystet,<br \/>\net himmelv\u00e6r, hvori sitt eget navn<br \/>\nhan p\u00e5ropt h\u00f8rte<br \/>\nav \u00e5nder, stormene forbi ham f\u00f8rte,<br \/>\nmens hver en tretopp hylte som en ravn? Men ravnen gjemte<br \/>\nseg selv i klippen, ulven sulten temte,<br \/>\nog reven v\u00e5get seg ikke ut.<br \/>\nI huset sluktes<br \/>\nhvert lys, og lenkehunden inneluktes&#8230;.<br \/>\nI slikt v\u00e6r, da f\u00e5r du b\u00f8nner, Gud! <\/em><\/p>\n<p>Heile diktet finn du her: http:\/\/www.poemhunter.com\/best-poems\/henrik-wergeland\/juleaftenen-christmas-eve\/<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det har vore ein vindfull periode p\u00e5 slutten av 2013. Mang ein kveld har eg lege i senga og h\u00f8yrt vinden ule rundt nova. Ein kan og sitje inne og sj\u00e5 korleis tretoppane vaiar i vinden. D\u00e5 er i alle fall eg glad for \u00e5 vere under tak, og ofte tenkjer eg p\u00e5 dei som &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-ular-og-blaes-17532698\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Det ular og bl\u00e6s<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17532698","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17532698"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17532698"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17532698\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17532698"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17532698"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17532698"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}