{"id":17510791,"date":"2013-12-29T21:18:23","date_gmt":"2013-12-29T21:18:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/12\/storfamiliefest-17510791\/"},"modified":"2013-12-29T21:18:23","modified_gmt":"2013-12-29T21:18:23","slug":"storfamiliefest-17510791","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/storfamiliefest-17510791\/","title":{"rendered":"Storfamiliefest"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r reiste vi til Lyngdal p\u00e5 storfamiliefest. Ettersom b\u00e5de dei yngste og den eldste likar betre \u00e5 feste om dagen enn om kvelden, starta festen klokka eitt og heldt p\u00e5 til tidleg kveld. Vi var heime att mot slutten av Dagsrevyen etter ei triveleg samling der oldemor p\u00e5 96 m\u00f8tte 17 oldebarn, fem barn med ektefellar og ganske mange barnebarn, ogs\u00e5 mange av dei med ektefellar.<\/p>\n<p>Festen baud p\u00e5 gang rundt treet i kjellaren p\u00e5 \u00c5 bedehus, eit lokale som var s\u00e6rdeles veleigna til f\u00f8rem\u00e5let. Eg hadde vore der ein gong f\u00f8r, men no var det utvida, og ovanp\u00e5 hadde dei f\u00e5tt ein bruktbutikk som var open kvar laurdag, inntektene gjekk til drifta av huset. Det var i grunnen ein smart m\u00e5te \u00e5 sikre seg inntekter for eit bedehus som ikkje har s\u00e5 mange brukarar, etter det eg skj\u00f8ner, har nok andre bedehus i Lyngdal st\u00f8rre nedslagsfelt.<\/p>\n<p>Etter eit godt m\u00e5ltid, spleiselag, m\u00e5 vite, var det tid for gang rundt juletreet og glad julesang. Nokre av oldebarna likte godt \u00e5 kunne synge for oldemor i mikrofon, det var hatteleik og andre leiker, som det h\u00f8ver seg i eit storfamilieselskap. Ein bordoppgave var \u00e5 plasser alle oldebarna i rett rekkef\u00f8lge etter alder, ikkje bare dei 17 som var til stades, men ogs\u00e5 dei ti som ikkje var der. Eg trur knapt nokon klarte det heilt n\u00f8yaktig, men det fekk jo samtalen til \u00e5 dreie seg om slekta meir enn om ver og vind.<\/p>\n<p>Etter kvart kom kaker p\u00e5 bordet, eit juleselskap utan kaker er kanskje noko tamt, men her var det ti runde kaker og alle slags julekaker i tillegg, s\u00e5 ingen trong reise svoltne heim. Det var nok heler ei utfordring \u00e5 ta til vitet og ikkje ete seg sprekkmett, slik det vel har vore for nokon kvar i jula.<\/p>\n<p>Som eldste bror takka eg for kvelden og pr\u00f8vde meg p\u00e5 eit lite dikt, inspirert av sangen No koma Guds englar. Eg har skrive om den p\u00e5 Wikipedia i jula, og fann d\u00e5 ut at det var den f\u00f8rste sangen p\u00e5 nynorsk som vart sunge i ei kyrkje, det skjedde i H\u00f8ydalsmo kyrkje 2. juledag 1884. Det kan ein jo tenkje p\u00e5 n\u00e5r ei k\u00f8yrer den vegen. https:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/No_koma_Guds_englar<\/p>\n<p>I kveld kom det folk i fr\u00e5 aust og fr\u00e5 vest<br \/>\nGod jul og vel m\u00f8tt dei meg bjoda.<br \/>\nVi m\u00f8ttest i Lyngdal til selskap og fest,<br \/>\nog sang gjennom romet her ljoda:<br \/>\nS\u00e5 glad vi kan ver&#8217;<br \/>\nsom samla er her.<br \/>\nGuds fredsfyrste h\u00f8gt vere lova.<\/p>\n<p>Slik vart verset etter kvart, ikkje ganske slik d\u00e5 eg avslutta kvelden, men dette var i tankane mine d\u00e5 eg kom heim. Det vart ein tidleg kveld i g\u00e5r, etter ein dag full av gode inntrykk.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r reiste vi til Lyngdal p\u00e5 storfamiliefest. Ettersom b\u00e5de dei yngste og den eldste likar betre \u00e5 feste om dagen enn om kvelden, starta festen klokka eitt og heldt p\u00e5 til tidleg kveld. Vi var heime att mot slutten av Dagsrevyen etter ei triveleg samling der oldemor p\u00e5 96 m\u00f8tte 17 oldebarn, fem barn &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/storfamiliefest-17510791\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Storfamiliefest<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17510791","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17510791"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17510791"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17510791\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17510791"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17510791"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17510791"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}