{"id":1724039,"date":"2007-02-11T22:20:28","date_gmt":"2007-02-11T22:20:28","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/02\/to_gonger_i_nyhetene1724039\/"},"modified":"2007-02-11T22:20:28","modified_gmt":"2007-02-11T22:20:28","slug":"to_gonger_i_nyhetene1724039","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/to_gonger_i_nyhetene1724039\/","title":{"rendered":"To gonger i nyhetene"},"content":{"rendered":"<p>To dagar etter kvarandre har Setesdal vore i nyhetene. Fyrst var det Jan Olsen sitt Cuba-prosjekt i g\u00e5r, i dag var det mindre hyggeleg, for dei leita etter gruppe tyske speidarar som ikkje kom fram dit dei skulle. Heldigvis synte det seg at dei hadde g\u00e5tt til ei hytte og var i god behald, men det var mange som var ute og leita etter dei f\u00f8r det vart konstatert at dei ikkje leid noko naud.<\/p>\n<p>Fjellet er flott om vinteren, og folk k\u00f8yrer i tusental fr\u00e5 Kristiansand til Hovden, og no etter kvart og til Brokke, for \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ski. Men om uveret kjem, er det ikkje til \u00e5 sp\u00f8kje med. Mange er det som har late livet i norsk vinter p\u00e5 fjellet. Difor er det godt at nokon vil ta den t\u00f8ffe jobben det er med \u00e5 rykkje ut og leite. Heldigvis er det lettare no, sn\u00f8scooter gjer nyttig arbeid for alle som vil fram.<\/p>\n<p>Lokalkunnskap er viktig. Difor er det naudsynt at folk i bygdene f\u00e5r h\u00f8ve til \u00e5 halde den ved like. No n\u00e5r ein ikkje i like stor grad som f\u00f8r nyttar heia, er det lett for at denne kunnskapen d\u00f8yr ut om ein ikkje p\u00e5 ulike m\u00e5tar finn h\u00f8ve til \u00e5 halde den ved like.<\/p>\n<p>For nokre \u00e5r sidan fortalde Knut O. Nomeland i Valle radio om korleis dei slo h\u00f8y langt oppe p\u00e5 fjellet og la det i sm\u00e5 h\u00f8ybuer. N\u00e5r vinterf\u00f8ret kom, var det \u00e5 dra innover med hesten for \u00e5 hente h\u00f8yet. Lange dagar i fjellet gav stor kunnskap om fjellet og stor respekt for naturkreftene. Dei som brukte heia p\u00e5 denne m\u00e5ten er snart ikkje mellom oss lenger. Margit Hovet fortalde i ein telefonsamtale p\u00e5 Open sending om korleis ho var p\u00e5 st\u00f8ylen ved Bossbu. Det er klart at dei som har slik erfaring veit mykje om fjellet b\u00e5de i godver og uver. Truleg er det ur\u00e5d \u00e5 bringe den kunnskapen vidare til nye generasjonar, for den kan ein ikkje f\u00e5 ved \u00e5 lese, om dei no hadde skrive det dei veit. Den m\u00e5 ein l\u00e6re ved \u00e5 erfare det som ein kan erfare n\u00e5r ein opplever det.<\/p>\n<p>Kor vil eg med det eg skriv no? Jo, eg meiner at jo mindre bygdefolk f\u00e5r kj\u00f8re i heia om vinteren (sn\u00f8scooter), jo vanskelegare er det \u00e5 halde oppe kunnskap som kan vere livsviktig n\u00e5r uhellet er ute og skig\u00e5ande turistar ikkje kjem fram dit dei skal. Det er ein av grunnane til at politikken ein f\u00f8rer p\u00e5 dette omr\u00e5det, ikkje er popul\u00e6r hj\u00e5 bygdefolk. Nyttek\u00f8yring og faste l\u00f8yper er vel og bra, men heia er mykje st\u00f8rre og ein treng \u00e5 vere kjent andre stader enn i dei faste l\u00f8ypene.<\/p>\n<p>S\u00e5 f\u00e5r eg g\u00e5 ned av s\u00e5pekassen min for i kveld. God natt til alle lesarar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>To dagar etter kvarandre har Setesdal vore i nyhetene. Fyrst var det Jan Olsen sitt Cuba-prosjekt i g\u00e5r, i dag var det mindre hyggeleg, for dei leita etter gruppe tyske speidarar som ikkje kom fram dit dei skulle. Heldigvis synte det seg at dei hadde g\u00e5tt til ei hytte og var i god behald, men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/to_gonger_i_nyhetene1724039\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">To gonger i nyhetene<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[60],"class_list":["post-1724039","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-scooter"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1724039"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1724039"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1724039\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1724039"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1724039"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1724039"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}