{"id":17185045,"date":"2013-12-02T22:25:49","date_gmt":"2013-12-02T22:25:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/12\/adventskalender-17185045\/"},"modified":"2013-12-02T22:25:49","modified_gmt":"2013-12-02T22:25:49","slug":"adventskalender-17185045","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/adventskalender-17185045\/","title":{"rendered":"Adventskalender"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 er det tid for adventskalender. Eg les i avisa at folk har laga pakkekalender med ein pakke for kvar dag i 24 dagar. D\u00e5 tenkjer eg at joleg\u00e5vene vil forsvinne noko i pakkehaugen. P\u00e5 Setesdalswiki har eg ei anna l\u00f8ysing. Kvar dag legg eg eller ein annan brukar inn eit nytt bilete i jolekalenderen. Bileta er fr\u00e5 Setesdal eller illustrer noko i adventstida eller joletida.<\/p>\n<p>Reidar Tveito starta med eit bilete som dotter hans, Katrine Tveito tok sundag 1. desember. D\u00e5 gjekk F\u00e5nefjorden kvit, og det var eit talande bilete som fortalde om uveret denne dagen. P\u00e5 moisund.com hadde han ein biletkavalkade over veret denne dagen. Den var interessant \u00e5 sj\u00e5, sjekk gjerne bileta til Reidar der: [http:\/\/www.moisund.com\/2013\/12\/02\/stormsundag-i-bygland\/ Stormsundag i Bygland] heiter artikkelen. Det m\u00e5 ha vore sterke krefter i gang denne dagen.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv la eg inn eit bilete eg fann p\u00e5 Facebook i dag. Det var eit av dei sju slaga som Else-Marie Lunden bakar i denne adventstida, Sarah Bernard-kaker. Eg vonar at jolekalenderen kan spegle av aktivitetar i Setesdal i denne f\u00f8rjolstida. Sj\u00f8lv er eg ikkje nokon stor fotograf, men gode vener p\u00e5 Facebook stiller dagleg med bilete som kan vere aktuelle. Eg ville jo gjerne hattar artiklar om fotografane og, om det let seg gjere, st\u00e5r att \u00e5 sj\u00e5. Fjor\u00e5rets kalender har mange r\u00f8de lenker, noko som tyder p\u00e5 at det ikkje er s\u00e5 lett \u00e5 f\u00e5 til artiklar om fotografane. Men bli gjerne med i \u00e5 dele bilete p\u00e5 Setesdalswikis jolekalender. I fjor var det over 400 oppslag p\u00e5 den sida, s\u00e5 nokon ser p\u00e5 bileta som ligg der.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 er det tid for adventskalender. Eg les i avisa at folk har laga pakkekalender med ein pakke for kvar dag i 24 dagar. D\u00e5 tenkjer eg at joleg\u00e5vene vil forsvinne noko i pakkehaugen. P\u00e5 Setesdalswiki har eg ei anna l\u00f8ysing. Kvar dag legg eg eller ein annan brukar inn eit nytt bilete i jolekalenderen. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/adventskalender-17185045\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Adventskalender<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17185045","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17185045"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17185045"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17185045\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17185045"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17185045"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17185045"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}