{"id":17059057,"date":"2013-11-24T19:41:48","date_gmt":"2013-11-24T19:41:48","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/11\/senilveke-17059057\/"},"modified":"2013-11-24T19:41:48","modified_gmt":"2013-11-24T19:41:48","slug":"senilveke-17059057","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/senilveke-17059057\/","title":{"rendered":"Senilveke"},"content":{"rendered":"<p>Eg har hatt si senilveke siste veka. Difor har bloggen vore utan tekstar siste veka. Heller ikkje Setesdalswiki har hatt bidrag fr\u00e5 meg den siste veka. Eg har vore i Nittedal og passa barnebarn medan foreldrene var p\u00e5 USA-tur. Det var ei stor og fin oppleving, sj\u00f8lv om det starta med magesjau for heile familien. Eg hadde tenkt \u00e5 skrive p\u00e5 digitale plattformer medan eg var der borte, men eg var s\u00e5 pass utslegen at det einaste eg orka, var \u00e5 skrive litt p\u00e5 Wikipedia. Eg var p\u00e5 val som administrator og byr\u00e5krat der denne veka, det er ein \u00e5rem\u00e5lsystem, med valperiodar p\u00e5 to \u00e5r. Eg er takksam for attval, Wikipedia er viktig for meg.<\/p>\n<p>Etter ei vekes pause er det eit etterslep p\u00e5 Setesdalswiki. Bloggen har f\u00e5tt ei heil veke utan innlegg i november 2013. Det f\u00e5r de som les dette, leve med, men eg har ein jobb \u00e5 gjere for \u00e5 bli ajour med Setesdalswiki sine datoartiklar og \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass dei siste utg\u00e5vene av Setesd\u00f8len i nettleksikonet for Setesdal.<\/p>\n<p>I tillegg har det vore ei veke der det har skjedd mykje i Setesdal. Meldinga om at ein vil fjerne Hekni bomstasjon var ei gladmelding, i alle fall om det fylgjer pengar med til \u00e5 f\u00e5 gul midtstripe til Hovden utan bompengar. Meldinga om at Evje og Hornnes vil reforhandle avtalen om Setesdal Regionr\u00e5d er ei melding med motsett forteikn, Setesdal regionr\u00e5d er i mine auge eit samarbeidsprosjekt som har s\u00e5 mykje positivt i seg at vi som bur i dalen burde juble over jobben som vert gjort gjennom regionsamarbeidet i staden for \u00e5 klage. Utan dette samarbeidet hadde ikkje Evje blitt det regionsenteret vi no ser vekse fram, det er eg overtydd om. Eg m\u00e5 kan hende skrive meir om det seinare.<\/p>\n<p>Ettersom eg var p\u00e5 kurs tysdagen f\u00f8r eg hadde mi friveke, vart det to tysdagar utan sending i Valle Radio. Men til tysdag er b\u00e5de eg og Niklos tilbake, og det ser ut til at vi kan sende eit opptak fr\u00e5 m\u00f8ta Viggo Wilhelmsen hadde i Hylestad denne helga. \u00c5 formidle noko fr\u00e5 kristenliv og kyrkjeliv i n\u00e6rmilj\u00f8et er god lokalradio. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har hatt si senilveke siste veka. Difor har bloggen vore utan tekstar siste veka. Heller ikkje Setesdalswiki har hatt bidrag fr\u00e5 meg den siste veka. Eg har vore i Nittedal og passa barnebarn medan foreldrene var p\u00e5 USA-tur. Det var ei stor og fin oppleving, sj\u00f8lv om det starta med magesjau for heile familien. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/senilveke-17059057\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Senilveke<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-17059057","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17059057"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17059057"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/17059057\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17059057"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=17059057"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=17059057"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}